Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 39, 2009

==> Forslag 1: Fonologi. Hadde vore endå betre med fleire støtteartiklar, men slik han står no er han også god og fortener å stå på framsida. System og perseptuelt kan me legge inn nærast definisjonar på. Om det finst framlegg om andre artiklar er eg open for at me kan utsette denne enno ein gong. Han vert sikkert enno betre seinare …

- Hogne 16. september 2009 kl. 08:02 (CEST)Svar
Andre lange og spanande artiklar med lite raudt: Huey Long og Dølen. Dei står ikkje på lista, trur eg. Kanskje ho bør overhalast? --Ranveig 17. september 2009 kl. 12:58 (CEST)Svar
Ja denne lista bør absolutt verte betre. Kanskje det er verdt ein dugnad? Eg meiner at det er sers viktig å ha artiklar her som me kan vere stolte over, samstundes som at dei må vere så interessante at danskane og bokmålsfolka av og til klikkar seg inn når me synest på framsida deira, men den skal og vere inspirerande for nynorske skuleelevar, akademikarar, skrivelystne og andre spesielt interesserte. Me kan ta Huey Long denne gongen, men Fonologi må få kome fram i løpet av hausten. Hogne 18. september 2009 kl. 11:45 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 39, 2009».