Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 47, 2011

Forslag 1:

Judit Polgar Foto: Gennadiy Titkov

Judit Polgár (1976 - ) er ein ungarsk stormeister i sjakk. Ho er med god margin den sterkaste kvinnelege sjakkspelaren gjennom tidene. I 1991 klarte ho krava til tittelen Internasjonal stormeister i sjakk i ein alder av berre 15 år og 4 månader. Judit Polgár var den til då yngste spelaren som hadde klart krava til stormeistertittelen. Ho slo rekorden til Bobby Fischer frå 1958. Judit Polgár var pr 1. mars 2010 rangert som nummer 51 i verda på FIDE si ratingliste med ein FIDE-rating på 2682. Ho er den einaste kvinna på FIDE si liste over topp 100. Ho har på det beste for nokre år sidan vore rangert så høgt som nummer 8 i verda. Polgar er kjend for å ha ein agressiv spelestil, og spelar gjerne den skarpe sjakkopninga Siciliansk forsvar.

Judit Polgár er jødisk og medlemmar av hennar familie vart drepne i Holocaust.


Wikipedia vert skylda for å ha få artiklar om kvinner. Dette var ein av dei betre eg fann som ikkje tidlegare er vist på framsida. Har vi fleire? Hogne 29. september 2011 kl. 16:41 (CEST)Svar

Eg vil gjerne oppdatere den + gjere noko med dei raude lenkjene - det er bra det er ei stund til veke 47... --Egil Arne 29. september 2011 kl. 18:24 (CEST)Svar
God artikkel, og god grunngjeving. --M. Haugen 14. november 2011 kl. 10:15 (CET)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 47, 2011».