Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 49, 2011

Forslag 1:

Jomfrutårnet i den gamle bydelen i Baku

Baku er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamenbyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetisk bygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2009 litt over 2 millionar innbyggjarar.

Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda. Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd.

Gamlebyen i Baku i lag med Shirvanshahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000.


- Hogne 1. oktober 2011 kl. 15:24 (CEST)Svar

Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 49, 2011».