Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 52, 2004

  • Vi har ikkje nokon artikkel om jul enno, men vi bør taka oss samen og få denne opp og i gang, slik at vi kan ha juleartikkelen klar til veke 52 og julefeiringa...! :-) Eller kanskje pinnekjøt? -- Olve 6. des 2004 kl. 05:54 (UTC)
Eg har lagt ut juletre. Reknar med det går fint! Bjarte 22. des 2004 kl. 20:37 (UTC)
Det er fint ja. :) -- Olve 22. des 2004 kl. 21:46 (UTC)
Ja, fint! Men det er so mange raude peikarar i den artikkelen at dei nesten burde ha vore fjerna før artikkelen vart utstillingsvindauge. På den andre sida syner dette at vi er ein ung Wikipedia og kan kanskje inspirera folk til å medverka til utviklinga!
--Verdlanco (diskusjon) 23. des 2004 kl. 15:09 (UTC)
Ja, dette har vi diskutert før... :) Ser ut til at folk blir ekstra motiverte til å skrive artiklar i slike fall, så det er nok til det beste for oss. Det er vel ellers fint at folk ser at vi er «unge og dynamiske»... :0) God jul, forresten! -- Olve 23. des 2004 kl. 16:25 (UTC)
Samd med Olve, eg trur det er helst positivt. På :no ser det ut som fleirtalet ønskjer å ha ein nærast "perfekt" artikkel før han vart lagt ut som "Utvalgt artikkel", og eg tykkjer ikkje det er i deira favør. Eg vil dessutan òg seia at det kan nok vera meir skadeleg å ha vekas artikkel for 51 halvvegs ut i veke 52 - det kan få folk til å tru at me ikkje er så dynamiske. Eg legg fram for alle at alle som vil og kan, er med på å finna nye artiklar så snart dei oppdagar at me har gått over tidsfrista. Ein kan alltids bruka litt skjønn om ny artikkel ikkje har vore diskutert i førevegen. Bjarte 24. des 2004 kl. 04:13 (UTC)
Alle blir vel litt travle under høgtida. Sjølv låg eg og tenkte eg burde gje Wikipedia ein ny vekesartikkel som julegåve, i det minste, men så var det allereie ordna. God jul! -- Ranveig 24. des 2004 kl. 10:42 (UTC)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 52, 2004».