Wikipedia:Ballongnavigasjon

Ballongar til navigasjon og redigeringshjelp

popups.js er eit javascript for ballong-funksjonar i Wikipedia. Det er henta frå en:User:Lupin og omsett til nynorsk.

Spørsmål, diskusjon og tilbakemeldingar om eventuelle feil kan takast opp på diskusjonssida eller på en:User talk:Lupin


Hovudtrekk endre

  • Førehandsvisning av første delen av ei side
  • Førehandsvisning av første biletet på sida
  • Førehandsvisning av bilete frå bildelenkjer
  • Førehandsvisning av skilnader på overvakings- og historikksider
  • Førehandsvisning av markert wikilenkje i redigeringsfeltet under redigering
  • Eit trykks tilgang til:
    • historikk, redigering, revertering, relaterte endringar, kva lenkjer hit, start og avslutt overvaking, sjå eller endra diskusjonsside
    • brukarbidrag, e-post til brukar, brukarlogg og blokkeringslogg, oversikt over undersider hjå brukarar
    • Redigeringsteljar, anten frå Interiot eller Kate
    • Wikipedia-søk, globalt Wikipedia-søk og Google-søk
    • for administratorar: vern og opne side, slett og atteropprett side, blokker og avblokker brukar
  • Oppsummering av storleiken og alderen til sida, og talet på lenkjer, bilete og kategoriar
  • Informasjon om omdirigeringar, spirer og fleirtydingssider
  • Automatisk reparasjon av lenkjer slik at dei forbigår omdirigeringar og fleirtydingssider
  • Hurtigtastar (valfrie)
  • Skal fungera på alle Wikimedia-prosjekt

Installasjon endre

Ein kan velje å ta i bruk skriptet frå Tillegsfunksjonar under «Innstillingane dine»

Om ein vil gjer eigne endringar eller nytte eksperimentelle utgåver av programmet kan ein legge inn koda som står nedanfor på javascript-sida Brukar:BRUKARNAMN/monobook.js der BRUKARNAMN er brukarnamnet ditt. OBS! monobook må ha små bokstavar; byt eventuelt ut med den drakta du brukar:

  • Klassisk: Brukar:BRUKARNAMN/standard.js
  • Ametyst: Brukar:BRUKARNAMN/amethyst.js
  • Chick: Brukar:BRUKARNAMN/chick.js
  • Kølnerblå: Brukar:BRUKARNAMN/cologneblue.js
  • Nostalgi: Brukar:BRUKARNAMN/nostalgia.js
  • MiDrakt: Brukar:BRUKARNAMN/myskin.js
  • Simple: Brukar:BRUKARNAMN/simple.js

Alle javascript under ditt eige brukarområde er skrivebeskytta for andre enn deg sjølv og administratorar.

Nullstill deretter minnet til nettlesaren din og vent nokre minutt eller ein halvtime. Når du så fører musepeikaren over interne lenkjer, dukkar det opp ballongar.

For å installera skriptet på andre Wikipedia, Wiktionary eller commons, gjenta prosedyren der. Skript som ligg t.d. på nn: kan utan problem installerast på brukarsidene dine på en: eller commons.

For å av-installera skriptet, berre stryk dei aktuelle linjene frå javascript-fila di og nullstill minnet til nettlesaren.

Nynorsk utgåve endre

// [[:en:User:Lupin/popups.js]] - please include this line

document.write('<script type="text/javascript" src="' 
    + 'http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=User:Eddideigel/strings-nn.js' 
    + '&action=raw&ctype=text/javascript&dontcountme=s"></script>');
document.write('<script type="text/javascript" src="' 
    + 'http://en.wikipedia.org/w/index.php?title=User:Lupin/popups.js' 
    + '&action=raw&ctype=text/javascript&dontcountme=s"></script>');

popupDelay=1.5;              // hovering time before popups appear
popupStructure='original';   // show links plainly, not in menus
popupRedirAutoClic='wpDiff'; // default action when fixing redirects
popupShortcutKeys=false;     // keyboard shortcuts; must not be used with IE
// popupAdminLinks=true;     // admin links (block, protect, delete)

Bokmålsutgåve endre

// [[:en:User:Lupin/popups.js]] - please include this line

document.write('<script type="text/javascript" src="' 
    + 'http://no.wikipedia.org/w/index.php?title=User:Eddideigel/strings-no.js' 
    + '&action=raw&ctype=text/javascript&dontcountme=s"></script>');
document.write('<script type="text/javascript" src="' 
    + 'http://en.wikipedia.org/w/index.php?title=User:Lupin/popups.js' 
    + '&action=raw&ctype=text/javascript&dontcountme=s"></script>');

popupDelay=1.5;              // hovering time before popups appear
popupStructure='original';   // show links plainly, not in menus
popupRedirAutoClic='wpDiff'; // default action when fixing redirects
popupShortcutKeys=false;     // keyboard shortcuts; must not be used with IE
// popupAdminLinks=true;     // admin links (block, protect, delete)

Engelsk utgåve endre

// [[:en:User:Lupin/popups.js]] - please include this line

document.write('<script type="text/javascript" src="' 
    + 'http://en.wikipedia.org/w/index.php?title=User:Lupin/popups.js' 
    + '&action=raw&ctype=text/javascript&dontcountme=s"></script>');

popupDelay=1.5;              // hovering time before popups appear
popupStructure='original';   // show links plainly, not in menus
popupRedirAutoClic='wpDiff'; // default action when fixing redirects
popupShortcutKeys=false;     // keyboard shortcuts; must not be used with IE
// popupAdminLinks=true;     // admin links (block, protect, delete)

Testversjon endre

popupsdev.js er ein eksperimentell og potensielt ustabil versjon av popups.js, der nye funksjonar blir testa. Desse funksjonane kjem etter kvart i den stabile versjonen også. For å følgja med på endringar i testversjonen, sjå den engelske historikk-sida

For å installera testversjonen, legg inn eit av kodealternativa ovanfor i din monobook.js, men skriv i staden popupsdev.js alle plassar der det står popups.js i koden.

Tilbakemeldingar om feil i testversjonen, særleg på andre system enn Linux, kan skrivast på diskusjonssida eller på en:User talk:Lupin

Alternative språkfiler endre

Omsetjinga av tekst ligg i ei eiga fil som er enklare å vedlikehalda enn heile skriptet, og som lett kan tilpassast hjå kvar brukar. Fila blir lasta inn i monobook.js i tillegg til sjølve skriptet.

For å laga di eiga språkfil, kopier t.d. strings-nn.js, strings-no.js eller strings-en.js til brukarområdet ditt og gjer dei endringane du vil, og tilpass koden ovanfor slik at den refererer til brukarområdet ditt og fila di.

Innimellom kjem det ny tekst som må omsetjast. Viss du har di eiga språkfil, bør du følgja med på dei endringane som skjer i fila du først kopierte.

Innstillingar (valfrie) endre

I tillegg til det som står her bør du sjå nærare instruksar og diskusjon på en:Wikipedia:Tools/Navigation popups, en:User talk:Lupin, en:Wikipedia talk:Tools/Navigation popups og en:User talk:Lupin/popups.js

Utsjånad endre

Utsjånaden av ballongane kan endrast ved å redigera stil-fila Brukar:BRUKARNAMN/monobook.css (byt ut BRUKARNAMN og evt. monobook). Sjå døme på engelsk.

Diverse val endre

Ein del val kan spesifiserast i javascript-fila ved å leggja til linjer på forma

val = verdi;

der val (option) og verdi (value) er tekne frå oversikta på engelsk.

Nokre døme på val finst i Brukar:Eddideigel/monobook.js

Avanserte innstillingar endre

Ein kan t.d. laga spesielle filter for det som skal visast av ei side i ballongen. Sjå forklaring på engelsk.