Wikipedia:God artikkel-kandidatar 2008

Arkivoversyn

Arkiv for artiklar føreslåtte som moglege gode artiklar i 2008.

Kandidatar med diskusjonar

endre

Kommentarar

endre

Denne artikkelen er svært god, og fortener etter mi meining status som god artikkel. Særs bra arbeid av skribenten (Brukar:Frokor). Martin NH 17:02, 25 mai 2008 (CEST)

Har no teke ein grundig språkleg gjennomgang. --EIRIK\diskusjon 17. desember 2008 kl. 19:47 (CET)[svar]

Mykje bra, men etter mitt syn er artikkelen for lang til å vere eit førebilete som ein (særs) god wikipediaartikkel. --Knut 17. desember 2008 kl. 20:37 (CET)[svar]

Kanskje han er lang, men eg trur faktisk ikkje han kunne ha vore så mykje kortare dersom ein skal skildre heile karrieren til bandet. Bandet har ei lang historie, og då meiner eg det bør kunne ha ein lang artikkel òg. For mindre emne held det kanskje med ein mykje kortare artikkel. --EIRIK\diskusjon 17. desember 2008 kl. 20:56 (CET)[svar]
Eg har no korta artikkelen ned, hovudsakleg ved å ta ut stoff om enkeltsongar som er interessant, men samla gjer artikkelen altfor lang. Om eg har teke ut for mykje må det gjerne leggjast inn igjen, men eg går ut frå at dette stoffet likevel står i artiklane om kvar av albuma. --Ranveig 11. februar 2009 kl. 14:10 (CET)[svar]
Eg syns mykje av informasjon som vart fjerna høyrer heime i ein slik artikkel. Ein fjerner mykje av essensen av det som er Pink Floyd med å fjerne skildringar av musikken deira. Skal ein lese om Pink Floyd så går ein til artikkelen om bandet utan at ein må gå gjennom kvart enkelt album. Vil ein vite enno meir om Pink Floyd, basert på informasjonen i artikkelen, kan ein gå vidare til dei artiklane som er knytt opp til Pink Floyd. Omtalen av enkeltsongane er kanskje ikkje alltid til stor nytte for heilt nye lesarar som ikkje veit kva Pink Floyd dreier seg om, men eg trur artikkelen vert mykje meir interessant for dei som alt kjenner til Pink Floyd. Dei som ikkje kan noko om Pink Floyd vil uansett finne den informasjonen dei treng. No syns eg artikkelen vart for tørr. --Frokor 11. februar 2009 kl. 15:04 (CET)[svar]
Litt einig. Skildringa av songane gjev «saft», men for mykje av dei gjer det som sagt vanskeleg å følga med. Ville det vore mogleg å berre velja ut dei viktigaste/mest særeigne songane frå ulike album? Sjå til dømes byrjinga av Den eksperimentelle perioden: 1968–1970, der eitt av tre døme blei vald ut. --Ranveig 11. februar 2009 kl. 15:20 (CET)[svar]
Eg skal ikkje nekte nokon skrive laaaange artiklar, men dersom dei skal få stjerne, kan dei ikkje vere lengre enn at dei er eit førebilete for andre artiklar. Han er enno på grensa til å vere for lang, men no skal eg røyste for. --Knut 11. februar 2009 kl. 17:57 (CET)[svar]

Det ser ut til at denne artikkelen aldri får status god. Frokor reagerer mot at nødvendig informasjon blir fjerna og Knut reagerer på talet teikn. Skal me prøve litt til eller skal me oppgje forsøket? Hogne 19. februar 2009 kl. 08:16 (CET)[svar]

Dette var, og er, ein god artikkel. Han bør få stjerne. Helsing frå Martin 19. februar 2009 kl. 08:33 (CET)[svar]
Eg skal ikkje røyste mot sjølv om artikkelen vert noko lengre. Det eg har sagt, er at eg ikkje vil røyste for. Eg forstår synspunkta til Frokor, og eg trur ikkje artikkelen tapar på at noko av det som vert utkutta blir tatt inn att. Samstundes trur eg ikkje han tapar på at noko meir vert klipt ut og lagt over i ein annan artikkel, heller. Så eg har tru på at ein god artikkel kan bli betre! (Sta kan eg vere, men aldri vrang : ))--Knut 19. februar 2009 kl. 18:46 (CET)[svar]
Eg stryk motstemma mi. Eg har markert at eg ikkje er samd i måten artikkelen vart endra på eller at lengda på ein artikkel skal vere det som er styrande. Eg stemmer heller ikkje for når eg synest me står att med ein noko meir keisam artikkel. --Frokor 19. februar 2009 kl. 18:56 (CET)[svar]
Då kan me setje ei stjerne på artikkelen! Helsing frå Martin 19. februar 2009 kl. 19:33 (CET)[svar]

Røysting

endre

Kommentarar

endre

Artikkelen har få raude lenkjer og mange fotnotar --Otzi123 21:57, 20 mai 2008 (CEST)

Fin artikkel, men i ein god artikkel om ein person ventar eg at biografidelen er noko meir utfyllande. Elles bra. Martin NH 21. juli 2008 kl. 14:21 (CEST)[svar]
Tja, karrieredelen er jo absolutt òg ein del av biografien, så han er ikkje så kort som han ser ut til. Elles har eg ikkje sett så mykje på denne artikkelen endå, men det ser jo ut til å vere mykje blått. --EIRIK\diskusjon 21. desember 2008 kl. 21:15 (CET)[svar]
Interessant. Men for å få eit bilete av musikken, kunne eg tenkt meg nokre låtkutt. Og siden vi ikkje greier det, kunne vi i det minste fått sjå nokre sitat. Eg elskar å sjå {{sitat|tekst=NOKRE LINER|opphav=Elliott Smith i LÅTNAMN}} --Knut 21. desember 2008 kl. 22:24 (CET)[svar]
Samd. Eg kan hente nokre sitat frå Wikiquote. --Otzi123 21. desember 2008 kl. 22:56 (CET)[svar]
Og så manglar han "lenkjer hit" (ingen andre art. peikar til denne) - men det såg eig ikkje før no.--Knut 22. desember 2008 kl. 13:17 (CET)[svar]
Jau, viss ein ser vekk ifrå lenkjene som allereie er nemnde i artiklane, så er det ganske skrint. Skal sjå om eg ikkje kan finne nokre eksterne artiklar på engelsk Wikipedia som nemnar han.--Otzi123 22. desember 2008 kl. 14:56 (CET)[svar]

Glad som eg er i navboksar, skulle eg gjerne òg ha sett ein tilsvarande denne i artikkelen. Martin NH 3. januar 2009 kl. 01:47 (CET)[svar]

Mal er no lagt til i artikkelen.--Otzi123 3. januar 2009 kl. 12:02 (CET)[svar]
Eg har no teke endå eit steg i høve til kommentaren til MartinNH frå 21. juli i fjor. Kva synest du om struktureringa av biografidelen no, Martin? --EIRIK\diskusjon 14. januar 2009 kl. 18:24 (CET)[svar]
Mykje betre nå, skal stemma for. Martin NH 14. januar 2009 kl. 18:53 (CET)[svar]

Røysting

endre

Kommentarar

endre

Artikkelen er omsett frå ein anbefala artikkel på Wikipedia - bokmål. Martin NH 11:29, 12 mai 2008 (CEST)


Denne artikkelen har eit problem. London er ikkje berre byen, men på ein måte også stadane i byen. Kan ein sei ein artikkel med raudlenkjer til Madame Tussauds, Buckingham Palace, Big Ben, London Bridge og Tower Bridge er ein ekte Londonartikkel? Der ein har lenka er det enkelte plassar til spirer, som London Underground og Themsen. Artikkelen verkar vetug den, men det er ein kritisk mangel på tilhøyrande artiklar. Etter mi meining bør vi vente med å godkjenne denne artikkelen til ein del anna er tilgjengeleg her. --Krekling 00:02, 14 mai 2008 (CEST)

Har no laga artiklar på dei raude lenkjene du peikte på. Spirene, og dei nyleg lagde artiklane, skal eg utvida etter kvart. Martin NH 21:15, 14 mai 2008 (CEST)
Ja, no ser det mykje betre ut. :) Fint arbeid! --Krekling 14:56, 15 mai 2008 (CEST)

Ein kommentar til Anders si innvending: Dersom han meiner Charles Dickens - eller andre - treng ei internlenkje, så putt hakeparentesene på plass sjølv! Dette er eit dugnadsarbeid, og ikkje ein disputas der doktoranden skal gjere alt sjølv! For øvrig ventar eg med å røyste; det er ikkje nok at han er omsett frå ein 'anbefalt' bokmålsaartikkel, omsette artiklar må løfte seg litt over originalen for å få stjerne. Synst no eg. --Knut 17:02, 15 mai 2008 (CEST)

Har putta tilbake lenka no, skjønar ikkje kvifor det ikkje var hyperkobling på den. Er dessutan einig med det Knut påpeikar. Martin NH 17:05, 15 mai 2008 (CEST)
Knut: Når nokon fjernar hyperkoplinga til Dickens (blant anna) med samandraget "fjerner Irrelevante lenkjer", då går eg ut ifrå at vedkommane verkleg tykkjer at lenkjene ikkje er relevante. Ikkje er eg einig, og ikkje tykkjer eg ein god artikkel skal tvinge folk til å bruke søkefeltet for å lese meir om eit emne. Skal ein då ha ein redigerings"krig" over ingenting, eller ein dialog (eller disputas som du flåsete kallar det) først? Det var vel ei misforståing ettersom det ser ut som skribenten fjerna meir enn han ville, men ein oppklårande dialog er det eg føretrekkjer. Meir tid og krefter er det vel ikkje naudsynt å nytte. Anders 20:26, 16 mai 2008 (CEST)
Greitt; eg var ikkje redd at tilbakeføring av hakeparentesar ville bli tatt ille opp - elles er eg samd i det du skriv. --Knut 20:54, 16 mai 2008 (CEST)
Berre for å oppklare: Denne lenka blei fjerna med ei feiltaking, då nokre andre blei fjerna. Eg orsakar det som skjedde. Martin NH 22:05, 16 mai 2008 (CEST)

Slutter meg til Knut her: Artikkelen er svært lovande, med det meste på plass og lesbar lengd, men manglar endå litt omhug for å bli god med stjerne. Eg har desse innvendingane:

  • Demografi har litt mykje detaljert statistikk under Nasjonalitet og etnisitet. Dette er interessant stoff som også kan drøftast historisk, men då må det absolutt flyttast til ny artikkel.
  • Administrasjon kunne vore litt lengre. Ein bør kunne finna ut kva bydelane i London heiter, kanskje bør dette stå i ein eigen utfyllande artikkel om geografi i London el.l. Eg hadde venta å finna desse under Geografi, no er dei nemnde under Administrasjon. Kanskje kan det stå ein setning kvar stad?
  • «Attraksjonar i byen» er ei litt uheldig overskrift, me er ikkje Wikitravel. «Viktige bygg», kanskje? Då kan me få med min favoritt, Sylteagurken, også.

Til slutt er språket greitt, men eg la merke til litt smårusk då eg faktisk gjekk inn og skreiv noko, så ein bør sikkert sjå over heile teksten med strengt blikk. --Ranveig 17:44, 15 mai 2008 (CEST)

Har prøvd å fikse litt på innvendingane, er dei slik som du tenkte? Dersom ikkje må du berre endra det slik du ville ha det. Ein språkvask kunne artikkelen absolutt trengt. Ein blir litt ordblind når ein omset så lange artiklar. Martin NH 18:11, 15 mai 2008 (CEST)
Eg ventar litt med å stemme, men eg trur eg kjem til å stemme for etter at artikkelen har fått modnast litt. Skal prøve å bidra litt sjølv. --Bep 18:16, 15 mai 2008 (CEST)

Fin artikel, men jeg synes dog at indledningen bør gøres lidt længere for at blive en god artikel. Man burde også lave en uddybende artikel til Londons historie, da afsnittet i artiklen er ret kort. --Hejsa 19:33, 15 mai 2008 (CEST)

Å lage ein eigen historieartikkel til London har vore i planane mine. Til helga set eg i gong arbeidet med å omsetje bokmålsartikkelen, som er lang og utfyllande. Martin NH 20:38, 15 mai 2008 (CEST)
Denne artikkelen er no ferdig, og det ligg ei lenkje til denne under historiedelen. Martin NH 23:13, 17 mai 2008 (CEST)

Setninga «I 1940-åra førte andre verdskrig, og vidare lovgiving omkring det grøne beltet, til at veksten stoppa opp.» er nokså uforståeleg dersom ein ikkje kjenner til Patrick Abercrombie og planen hans. Her bør det stå litt om tanken bak The green belt, og kor det ligg. --Ekko 20:21, 15 mai 2008 (CEST)

Personleg kjenner eg ikkje til tanken bak det grøne beltet, så om nokon gjer det er det veldig greit om dei kan utfylle informasjon her. Martin NH 20:39, 15 mai 2008 (CEST)
Du finn noko om det her. --Frokor 20:45, 15 mai 2008 (CEST)
Og meire her. --Ekko 20:57, 15 mai 2008 (CEST)
Laga no ei spire om det grøne beltet, og hyperkobla til denne frå den aktuelle setninga. Dersom de vil utvide han, må de berre det. Martin NH 22:22, 16 mai 2008 (CEST)

Dette var bra. Men korfor er ikkje referansane (fotnotane) tekne med i omsetjinga? Det er like viktig med kjelder og bakgrunnsinnformasjon på nynorsk som på bokmål! -Knut 20:36, 18 mai 2008 (CEST)

Etter mi meining gjer omsettaren rett. Ein skal ikkje nytte referansar ein ikkje sjølv har lese. --Ekko 20:41, 18 mai 2008 (CEST) Men når det er sagt så burde det ha vore ein enkel sak for omsettaren å lese dei sjølve. --Ekko 20:43, 18 mai 2008 (CEST)
Utan referanselista er artikkelen dårlegare enn originalen han er omsett frå. -Knut 20:54, 18 mai 2008 (CEST)
Det er sant det som Ekko skriv. Eg hadde ikkje tilgang til internett då eg omsette artikkelen, og kunne derfor ikkje sjekke opp desse referansane. Ein gong eg får tid til det kan eg gjere det, og legge dei til i artikkelen. Martin NH 21:32, 18 mai 2008 (CEST)
No har eg lese og kopiert inn mange av referansane i artikkelen frå Wikipedia på bokmål. Martin NH 19:25, 19 mai 2008 (CEST)

No oppfyller røystinga kravet om fire eller meir røyster for og ingen mot for å bli ein god artikkel. Martin NH 20:57, 19 mai 2008 (CEST)

Dessutan har eg no gjort endå fleire av hyperkoplingane blå. Martin NH 19:00, 23 mai 2008 (CEST)

Røysting

endre
  1.   For. J. T. Salte (diskusjon) 23:00, 13 mai 2008 (CEST)
  2.   For Anders 16:13, 15 mai 2008 (CEST) Artikkelen seier (som rett er) at Charles Dickens satte London på det litterære verdskartet, utan å spandere lenkje på fyren? Har me blitt gnitne på utlenkjer no? Greitt nok at Dickens ikkje heilt har artikkelen han fortener enno, men svensk wp har mykje meir som kan omsetjast om han... Anders 16:13, 15 mai 2008 (CEST)
  3.   For --Bep 23:31, 17 mai 2008 (CEST)
  4.   For --Hejsa 14:13, 18 mai 2008 (CEST)
  5.   For --Martin NH 16:05, 18 mai 2008 (CEST) No tykkjer eg artikkelen byrjar å oppfylle krava til å bli ein god artikkel. Martin NH 16:05, 18 mai 2008 (CEST)
  6.   For --Ranveig 18:55, 18 mai 2008 (CEST)
  7.   For --EIRIK\diskusjon 21:39, 18 mai 2008 (CEST)
  8.   For --Knut 20:38, 19 mai 2008 (CEST)
  9.   For --Sigmundg 19:34, 23 mai 2008 (CEST)
  10.   For --Frokor 22:10, 23 mai 2008 (CEST)

Eg ynskjer gjere framlegg om at artikkelen om Sportsklubben Brann vert merka som god. Dette har vorte ein solid artikkel kor det finn det aller meste som er verdt å vite (pluss litt til) om emnet. I tillegg har vi artiklar som alle spelarane i stallen. --Cato 19:28, 8 februar 2008 (CET)

Kommentarar

endre

Nesten med det same eg byrjar å lesa denne artikkelen, finn eg ein grov feil. I det same avsnittet står det først at klubben vart skipa som Ski- og Fodboldklubben Brann, deretter at det opphavlege namnet var Sportsklubben Fart. Eg synest òg at t.d. informasjon om kven som leverer kleda til spelarane, ikkje har noko å gjera i innleiinga til artikkelen. Så er det sjølvsagt fritt fram for å endra artikkelen slik at han vert meir leksikalsk, grundig og korrekt, men førebels er dette ein soleklår avslagskandidat. --Tannkrem 20:53, 8 februar 2008 (CET)

Denne artikklen kler raudt betre enn fargen ville kledd ein artikkel om Viking. Synsing høyrer sportssjargongen til, så det toler vi òg. Men detaljane imponerer neppe Arne Scheie enno. Artikkelen er på veg, men han er ikkje i mål enno. -- Knut 21:02, 8 februar 2008 (CET)

Røysting

endre
  •   For. Særs god artikkel. Hittil er ingen idrettsartiklar merka som gode. --Cato 19:29, 8 februar 2008 (CET)
  •   Imot Fri for kjelder, språkleg svært variabel, lite leksikalsk, mykje synsing. --Bep 20:08, 8 februar 2008 (CET)

Kommentarar

endre

Interessant artikkel som også har gode illustrasjonar. Kanskje treng han meir blått fyrst? Andre forbetringar? --EIRIK\diskusjon 22:10, 16 januar 2008 (CET)

Den vert vel litt i kortaste laget kanskje. Samstundes er det vel ikkje særleg mykje meir info ein kan vente å finne, eller? --Cato 20:06, 7 februar 2008 (CET)
Nei, etter mi meining må ein sjå lengda på artiklane etter kor breitt emnet er. Til dømes bør det krevjast meir av kaffi enn denne. --EIRIK\diskusjon 20:15, 7 februar 2008 (CET)
Einig i at lengde målt i talet på ord ikkje er viktig. Spørsmålet er om lesaren har fått vita alt han treng. I dette høvet er eg einig med antiraudlenkjebrigaden -- fleire av desse må fyllast ut for at artikkelen skal ha informasjonsverdi. --Ranveig 00:40, 8 februar 2008 (CET)
Eg er samd i at lengda ikkje diskvalifiserer artikkelen. Men eg trur nokre formuleringar o.l. må skrivast om, definisjonar må spikrast betre fast og, som Ranveig seier, mange av dei blå lenkjene må vekk. Eit døme på kva eg meiner er for uklårt og klønete formulert er dette avsnittet:
Også innan kristendommen finst eit liknande tabu til ei viss grad. Mange stader, til dømes i Noreg, har det vore forbode å gje ungar namnet Jesus. Tabuet mot å bruka namna Gud eller Jesus har skapt mange norske omskrivingar («Gid», «Jøssenam»), men det finst òg brot som «Herregud!». Slike banneord viser at tabuet ikkje er absolutt, det kan brytast i visse samanhengar.
Viss me skal ha med slike døme, må me vita om det er det same fenomenet eller ikkje. Å blanda det andre av Dei ti bodorda saman med formuleringa «eit liknande tabu til ei viss grad» er ikkje særleg leksikalsk, synest eg. --Tannkrem 01:18, 8 februar 2008 (CET)

Røysting

endre
  •   Imot, eg trur denne artikkelen har eit godt stykke att. --Tannkrem 01:18, 8 februar 2008 (CET)
  •   Imot. For mange raude lenkjer. I kortaste laget. --Cato 10:17, 8 februar 2008 (CET)

Kommentarar

endre

Kanskje me kan ha eit kappløp mellom denne og Traktor om kven som vert først ferdig? Ekko ser ut til å meina at det framleis står att nokre detaljar her òg. --Tannkrem 08:53, 13 januar 2008 (CET)

Går det an å skriva "kvantifiserbare data" med norskare og enklare ord?
Bolken Vevsdoppler kan med fordel skrivast om slik at språket flyt betre.
Er "pasienten" brukande der det står "Han som skal undersøkast"?
Artikkelforfattaren bør velja mellom -ja- og -a-/ -je- og -e-/ -jer og -er-endingar i verb og substantiv som t.d. sittande, trengja, tenkja, søkja, undersøka, skiljevegg, lydbølgjer, ligge... Så kan me gå gjennom og gjera alle like.
Kan me nokre stader byta ut transduser med probe? Probe er kanskje eit ord den jamne nordmann får meir meining ut av.
Når me har fiksa det språklege, trur eg artikkelen er god nok. --Tannkrem 13:34, 13 januar 2008 (CET)
Kvantifiserbart er retta. Pasienten er satt inn. J eller ikkje, dette speglar nok at hovudforfattaren vaklar mellom eit bokmålsnært skriftspråk og et som er klårare nynorsk. Eg trur ein konsekvent j er best. Eg trur òg at konsekvent bruk av probe er best. --Ekko 13:55, 13 januar 2008 (CET)
Vevsdoppler er skrivi noko om. --Ekko 11:26, 14 januar 2008 (CET)

Røysting

endre
  •   For. Det finst nok enno kronglete setningar, parentesar som kan arbeidast inn i setningar og småfeil eg har oversett. Men godt nok, synest eg. --Tannkrem 21:59, 13 januar 2008 (CET)
  •   For, einig. --EIRIK\diskusjon 23:17, 13 januar 2008 (CET)
  •   For. Rimeleg god, fjerne raude peikarar utan å laga frø kjem i løpet av året. --Ekko 17:14, 15 januar 2008 (CET)
  •   For --Frokor 17:38, 15 januar 2008 (CET)
  •   Imot Innhaldet er bra, men språket er framleis for mangelfullt til å stemple den som "god". Eg har retta nokre feilbøygde substantiv i ubunden form fleirtal, men det er nok meir grums (eg har ikkje finlese heile artikkelen). Det er òg nokre setningar som framstår som litt kronglete og vanskelege (litt fordi det er eit ukjent emne for meg, det medgir eg). Ein liten språkdugnad til, og eg kjem til å snu. --Bep 18:26, 15 januar 2008 (CET)  For --Bep 18:12, 16 januar 2008 (CET)
  •   For No har eg lært særs mykje om ekkokardiografi og litt meir om kjønn på nynorsk. Flotte greier. --Ranveig 16:17, 16 januar 2008 (CET)

Kommentarar

endre

Eg synest me treng ein god artikkel i kategorien Teknologi etterkvart. Og denne artikkelen er den beste eg har funne i den kategorien. Han ser ut til å vera skriven heilt frå grunnen av på nn:, ulikt mange av dei andre gode artiklane våre, og han inneheld mykje interessant informasjon, særleg om det tekniske ved desse maskinane. Men litt arbeid treng han nok:

  • Nokre fleire blå lenkjer hadde gjort seg
  • Kanskje eit avsnitt med ulike traktortypar e.l.
  • Eit eige avsnitt om historie kunne vore bra, sjølv om det alt står ein del om det nedover i artikkelen. Artikkelen treng kanskje litt fleire årstal og historiske faktaopplysningar.
  • Lista over traktorprodusentar bør vera ein eigen artikkel, fordi det er så mange, så kan me ha ei lita lista over dei største produsentane i denne artikkelen.
  • Bolken Hydraulikk treng litt omskriving. Særleg første setninga var rar..

Erfaringa mi er at betring av dei beste artiklane våre skjer fortare når dei ligg på kandidatlista, dessutan er det få kandidatartiklar att. Så eg legg artikkelen inn no, trass i at eg ikkje er 100% klår til å røysta for han. --Tannkrem 20:35, 12 januar 2008 (CET)

Sigmundg for også skrive ein framifrå artikkel om skurtreskjarar. Den kan også bli ein god artikkel med litt meir arbeid! Hogne 21:46, 12 januar 2008 (CET)
Du seier noko der. Eg føreslår han så snart tresking vert eit artikkelnamn. Også ekkokardiografi høyrer jo inn under teknologi, det gløymte eg i går. --Tannkrem 08:38, 13 januar 2008 (CET)

Dette er ein særs god artikkel med mykje velpløyd innhald. Etter litt meir gjennomgang av småfeil, som det alltid blir om berre éin person har jobba med noko, kjem eg nok til å røysta for. Berre tre ting skurrer:

  • Figurnummerering, som nemnt tidlegare. Dette gjev ein høg terskel for å legga til nye bilete, noko som strid mot wikitanken om at alle lett skal kunne endra ein artikkel. I tillegg kjem det til å bli rot når bilete som ikkje er frie (slike som Fig. 8) blir sletta.
  • Artikkelen er lang, over dobbelt så lang som den tilrådde grensa, som rett nok er teknisk fastsett, men likevel kan vera eit nyttig mål. Kunne det gå an å laga ein artikkel om Traktorhistorie eller Traktorutvikling med sogebolken (gjerne utvida), medan ein kortversjon blei igjen her?
  • Stoppa utviklinga etter 1970-åra?

Sidan dette er Wikipedia bør me kanskje også nemna kjende traktorar, som Gråtass... --Ranveig 30. mai 2008 kl. 17:47 (CEST)[svar]

  • Eg meiner at figurar bør nummererast, slik at det ikkje er tvil om kva for figure det vert synt til. Eg er samd i at det er mykje arbeid å omnummerera dei, men eg vonar at WP snart får støtte for automatisk nummerering av figurar. Kvar kan ein melda inn slike ynskje?
  • Ja, artikkelen vart litt i lengste laget, så kanskje historiekapitlet bør verta ein eigen artikkel. Kva meiner andre?
  • Nei utviklinga stogga ikkje ved 1970, så her manglar det ein bit. Artikkelen bør ikkje få sterne før dette er på plass. Det er ingen grunn til å forhasta seg med denne stjerna. Eg tykkje at nynorsk WP nokre gongar er litt for tidleg ute med å plassera stjerne på artikklane. Vi må ikkje late det gå innflasjon i dette.
  • Eg er ikkje så sikker på at Fig. 8 vert sletta. Om du klikkar på biletet|Source|Image Rules står det «The pictures are free of charge and copyright for publication in daily press, trade press, and other periodical publications». No er ikkje WP eit tidsskrift som kjem ut periodevis, så det kjem litt an på korleis ein tolkar teksten. Om dette biletet og andre henta frå same kjelde vert sletta frå Commons truer eg ikkje det er noko problem å få løyve til å nytta dei på WP. Men eg tolka det slik at Volvo CE har lagt ut denne teksten for å sleppa å bruka tid på svara på einskilde spørsmål. Men eg er ingen jurist.
  • Gråtassen har fått mykje omtale: sjå Soge|1940-åra. Denne traktoren høvde svært godt i Noreg, så han bør vel få ein eigen artikkel etter kvart; det er ei raud lenkje som heiter Ferguson TE20.
  • Nokre plassar, i avsnittet Soge, manglar det framleis referansar. Eg meiner at det er best å venta til ein finn pålitelege kjelder, men det kan vera fornuftig å lima inn {kjelde mangar} der det trengst dokumentasjon.--Sigmundg 30. mai 2008 kl. 19:24 (CEST)[svar]

Eg las (nesten) heile denne artikkelen i går kveld (og tru meg: traktorar er ikkje mi primærinteresse). Mi hovudinnvending er at artikkelen er for lang. Noko kan løysast ved å dele inn i underartiklar, men det kjennest òg litt som artikkelforfattarane har hatt ei sterk trong for å skrive ALT dei kan om traktorar; det blir ofte litt vel detaljert. Artikkelen treng dessutan ein språkvask (den har til dømes noko dårleg språkleg flyt). Eg ventar med å stemme. --Bep 30. mai 2008 kl. 19:54 (CEST)[svar]

Samd i at artikkelen er alt for lang. Det må gå an å flytte bolkar over i eigne artiklar, slik at hovudartikklen kjem ned mot 32 kB. --Knut 30. november 2008 kl. 15:07 (CET)[svar]

Eg tykkjer at historiebolken gjerne kan kome rett etter innleiinga, det blir litt rart at historia kjem til slutt. Martin NH 28. desember 2008 kl. 19:10 (CET)[svar]

Røysting

endre

Kommentarar

endre

God og utførleg, mykje blått og mange fine bilete. --EIRIK\diskusjon 22:43, 10 januar 2008 (CET)

Eg synest "ubetente" høyrest merkeleg ut på nynorsk. Det får meg til å tenkja at her er det snakk om fyr som ikkje har betennelse, og det gjeld vel dei fleste fyr. Det ser ut til at det står att nokre få uturvande anbeheitelsar og andre språklege feil og nesten-feil her som truleg har ein viss samanheng med at artikkelen er omsett frå bokmål. Då synest eg at orda bør endrast eller setningane bør skrivast om slik at dei kling godt i anti-anbeheitelseøyro mine. I tillegg bør det stå nedst i artikkelen at han kom frå nb:, synest eg. Har ikkje tid til å lesa gjennom alt eller endra noko no, men ved første augnekast ser det veldig bra ut, bortsett ifrå at eg synest det trengst enno ein øyrliten språkvask. --Tannkrem 23:13, 10 januar 2008 (CET)
Eg likte godt artikkelen, men saknar litt meir om ulike energikjelder. Mellom anna meiner eg det burde vore litt om fyr drivne med kjernekraft, noko som er vanleg i det største nabolandet vårt. Ei setning eller to om modern efyr i utlandet ville og gjort artikkelen betre. stykkjet 23:20, 10 januar 2008 (CET)
Opphavet til ordet. Engelsk skriv at fyr på svensk, som eg vil tru er same ordet som på norsk kjem frå øya Faro. Det motsette står her utan kjelde. Nynorskordboka skriv: II fyr m1 (norr fýrr; frå lty; sm o s ty. Feuer, eng. fire). Eg veit ikkje kva som er rett, men engelsk viser til ei kjelde, det gjer ikkje vi. stykkjet 23:27, 10 januar 2008 (CET)
Denne referansen i ordboka gjeld eit anna ord. Under dette ordet står det ikkje kva opphavet er: III fyr m1 el. n1 (anlegg med) fast lys til rettleiing for trafikk, særleg til sjøs blinkf- / trafikkf- / Lista f- Dette må nokon undersøkja nærare og finna ei kjelda for, anten me konkluderer med at en: eller nb: har rett. --Tannkrem 07:31, 11 januar 2008 (CET)
Så to kommentarar til:
  • Eg synest denne artikkelen har overvekt av lokal i staden for global vinkling, noko stykkjet og er inne på. Dette er ikkje i tråd med krava til gode artiklar på nn:. Og det er etter mi meining unødvendig å ha så mykje om norske fyr og norsk fyrhistorie her så lenge me også har ein utfyllande artikkel om norske fyr. Så eg er sterkt i tvil om denne artikkelen oppfyller våre krav. (Global vinkling er ikkje eitt av krava til utmerkede artikler på nb:)
  • Sitata må vera sitat, altså skal dei ikkje setjast om eller skrivast om. --Tannkrem 08:57, 11 januar 2008 (CET)

Som den fyrnasjonen me er syns eg me burde nytta bilete av eit dei flotte norske fyra øvst på sida, utan at det gjer artikkelen for noregsfokusert og sjølv om bilete frå Estlandt var fint i seg sjølv. --Frokor 00:03, 11 januar 2008 (CET)

No har eg skrive om/endra slik at anbeheitelsen er forsvunnen. Sjå gjerne over og skriv det om på andre/betre måtar. I tillegg har eg fått bilete frå Noreg øvst, og fjerna nokre av avsnitta som allereie ligg på «Fyr i Noreg». Stykkjet: Veit du noko om fyr drivne med kjernekraft? I tilfelle ville det sjølvsagt vore fint og fått med. Utanom det er vel dei fleste energikjeldene no nemnde? --EIRIK\diskusjon 15:42, 13 januar 2008 (CET)

Kom med meir å rette på! :-) --EIRIK\diskusjon 21:47, 15 januar 2008 (CET)

Eg er litt utlada etter mykje tysk, i morgon kanskje? --Ekko 21:55, 15 januar 2008 (CET)

Røysting

endre
  •   For. --EIRIK\diskusjon 22:43, 10 januar 2008 (CET)
  •   For. Men eg skulle gjerne hatt ei grunngjeving for kvifor me har med opplysninga «Mummipappa drar til dømes med familien sin til eit fyr i Tove Jansson si bok Mummipappaen og havet». --Tannkrem 00:46, 5 februar 2008 (CET)
  •   For. Veldig god og interessant artikkel. --Cato 20:03, 7 februar 2008 (CET)
  •   For. Mange bilete og god tekst. --Otzi123 21:10, 7 februar 2008 (CET)