Wikipedia:Hærverk

Hærverk eller vandalismeWikipedia vil seia at nokon prøver å øydeleggja eller gjera artiklar dårlegare med vilje. Når slikt skjer, er det viktigaste for andre brukarar å retta det opp igjen. Ved gjenteke, grovt hærverk kan administratorane koma til å stengja ute dei som står for det, i ei viss tid. Kven som helst kan retta opp i hærverk ved å gå tilbake ein eller fleire versjonar av ein artikkel. Ulike versjonar finn ein ved å sjå på sidehistorikk øvst på sida til kvar artikkel.

Ulike former for hærverk endre

Tull endre

For mange nye brukarar er det ganske utruleg og spennande at kven som helst kan oppretta og endra på artiklar. Dei vil prøva dette ut, og istadenfor å skaffa seg greie på at det finst ei leikegrind til nettopp dette, tyr mange til å leggja inn tull eller tabuord i gamle eller nye artiklar. Dette er ei uskuldig form for hærverk.

Andre kan finna på å tømma heile sider eller erstatta dei med tull, eller gjera mindre hærverk i ei rekkje artiklar. Dette blir sett på som grovare, og kan føra til utestenging.

Reklame endre

Det finst diverse meir eller mindre automatiske reklamefolk eller «bottar» som liker å leggja inn peikarar til sidene sine på Wikipedia. Ut frå kor mykje skade dei gjer blir også denne forma for hærverk sett på som grov eller mild.

Løynd hærverk endre

Ei anna form for hærverk er folk som fordi dei av ein eller annan grunn vil «testa» Wikipedia, legg inn småfeil i artiklar for å sjå kor fort dei blir retta opp. På grunn av slike er det lurt å sjekka alle bidrag frå ukjende brukarar, også dei som ikkje er anonyme, nøye.

Korleis ein oppdagar hærverk endre

Hærverk blir som oftast oppdaga etter kort tid av personar som overvakar Siste endringar, ei liste over dei siste endringane som har blitt gjort. Heilt til venstre står det en knapp merka «skil» som viser skilnaden frå førre endring.

Nokre gongar går dessverre hærverk uoppdaga gjennom lista over siste endringar. Likevel blir desse før eller sidan oppdaga ved at nokon har sida på overvakingslista si eller at ein lesar merkar at det er noko tøys i artikkelen. Somme vandalar har ein tendens til å venda tilbake for å gjera meir. Har ein tidlegare oppdaga ein slik vandal, er det lettare å kjenna igjen vedkommande seinare. Då går ein gjerne igjennom bidraga etter tidlegare uattsteld hærverk.

Korleis hærverk vert fjerna endre

Brukarar kan hente fram igjen ein artikkel som har vore utsatt for hærverk ved å klikke på «historikk» og finne ein tidlegare utgåve av artikkelen ved å klikke på tidspunktet for siste endring før hærverket vart gjort. Deretter trykkar ein på «endre», og lagrar utan å gjere endringar. Skriv gjerne «attenderullar» eller liknande i endringssamandraget før du trykkar «lagre».

Administratorar har ein enda raskare måte å attenderulle hærverk å ved hjelp av eit verktøy som rullar attende med eit enkelt klikk. Denne funksjonen hentar fram artikkelen til versjonen før siste bidragsytar. Slikt sett kan ein seia at det er faktisk meir jobb å vandalisera ein artikkel, enn å rulla hærverket tilbake.

Følgjer av hærverk endre

For Wikipedia fører hærverk til ekstraarbeid for vanlege brukarar og (stundom) administratorar. Men det kan òg få ein gammal artikkel fram i lyset og føra til at han blir forbetra. Slik sett er ikkje hærverk bare negativt.

Ein bør prøva i det lengste å få dei som øydelegg, til å slutta eller kanskje til og med bli flinke brukarar av Wikipedia, ved å retta opp feila deira og leggja inn kommentarar på diskusjonssider. Dersom dei likevel fortset med hærverk, kan dei bli blokkerte av ein administrator.

Åtvaring av brukarar endre

Ved å forklara brukarar som gjer hærverk at det dei gjer er gale og kan få følgjer, kan ein «skremma» dei frå å halda fram med hærverket. Ein kan skriva ei eiga melding for kvar hærverkshandling, men for å letta arbeidet finst det malar tilpassa slike høve.

Første gang ein bruker gjer hærverk legg du inn {{subst:Test1}} ~~~~ på brukardiskusjonssida til brukaren. Neste gong brukaren gjer hærverk kan ein bruka {{subst:Test2}} ~~~~. Då blir brukaren åtvara om blokkering dersom han/ho held fram med hærverket.