Wikipedia:Rettkjenning av informasjon

Wikipedia-artiklar bør berre innehalda stoff som kan rettkjennast ved å gå til andre pålitelege kjelder. Dette er eit sentralt poeng i retningslinene for Wikipedia.

Korleis du kan opplysa om kjelder endre

Når du legg inn ei opplysning i ein artikkel, kan du skriva i redigeringssamandraget eller eventuelt på diskusjonssida kvar du har informasjonen frå.

Eller:

Du kan leggje kjeldeinformasjonen bak opplysninga (gjerne etter eit punktum), mellom to referansekodar: <ref>[Kjelde]</ref>. Ved å plassere malen {{fotnoteliste}} nedst i artikkelen, vert det der generert ei nummerert liste over referansar.

Eller:

Det enklaste og beste er ofte å skrive kjeldene inn i ein bolk nedst i artikkelen, under overskrifta ==Kjelder==