Wikipedia:Skanwiki

Skanwiki er eit konsept som skildrar samarbeidet mellom dei fire store skandinaviske wikipediane på svensk, dansk, bokmål og nynorsk. Skanwiki kan sjåast på som ei rekkje løysingar for å auka samarbeid mellom wikipediamiljøa. Desse er alle løysingar som først og fremst oppstod frå idéar innan det norske wikipediamiljøet, særskilt det på Nynorsk Wikipedia, men kan alle lett takast i bruk av dei andre wikipediane.

Denne sida er til for å samla ressursane me har skapt så langt.

Interwikilenkjer endre

Wikipedia:Interwikilenkjer er standarden for Nynorsk Wikipedia sin interwikipolitikk, og syner korleis me prioriterer andre skandinaviske interwikilenkjer ved å ha desse øvst i interwikilista.

Systemmeldingar endre

Alle systemmeldingane i MediaWiki-namnerommet kan forandrast på med tanke på interwikisamarbeid.

  • MediaWiki:Noarticletext
    • Dette er teksten som kjem opp dersom nokon prøver å gå til ei side som ikkje finst. Her har me lagt lenker til artikkelen med same namn på dei tre andre wikipediane.

Utvalde artiklar endre

Me legg ut dei utvalde artiklane frå alle fire på framsida. Det finst ein portal for dei utvalde artiklane.

Skanwiki på meta endre

Det finst òg ei Skanwiki-side på meta.