Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det torsdag, 28. mars 2024Oppdater sida


Veke 1
Sveitsisk geografi

Sveitsisk geografi er geografien til fjellandet Sveits som er omgjeve av land i Vest- og Sentral-Europa. Det er omgjeve av fem land: Austerrike og Liechtenstein i aust, Frankrike i vest, Italia i sør og Tyskland i nord. Sveits er eit av dei minste landa i Europa og strekkjer seg på det lengste 220 km frå nord til sør og 350 km frå aust til vest.

Sveits er velkjent for Alpane i sør og søraust. Nord for Alpane strekkjer Det sveitsiske platået seg frå aust til vest. Dei fleste innbyggjarane i Sveits bur i åsane og slettene på dette platået. Dei mindre Jurafjella ligg nordvest for dette platået. Mykje av nordgrensa mot Tyskland følgjer Rhinen, men Rhinen går inn i Sveits nær Schaffhausen. Austgrensa med Tyskland og ein del av grensa mot Austerrike går gjennom Bodensjøen. Ein del av den sørvestlege grensa med Frankrike går gjennom Genfersjøen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 2
Amerikaslangehals

Slangehalsar er fire artar hovudsakleg tropiske vassfuglar som gjer ut for slekta Anhinga. Dette er skarveliknande fuglar med lang hals som sym djupt i vassflata og lever av fisk. Dei er nære slektningar av familien skarvar som dei ofte vert klassifiserte saman med. Utbreiingsområdet er grovt rekna tropiske delar av Amerika, Afrika sør for Sahara, India, Søraust-Asia og Australia. Av dei fire nolevande artane er tre svært vanlege og utbreidde innanfor utbreiingsområdet sitt, medan den fjerde er sjeldnare og klassifisert som nær truga av IUCN. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 3
Emmylou Harris i 2006

Emmylou Harris (fødd 2. april 1947) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar. Ho har gjeve ut mange album og singlar i løpet av karrieren sin og vunne 14 Grammyprisar, Polarprisen og mange andre prisar, og er mellom anna innlemma i Country Music Hall of Fame. I 2018 fekk ho æresprisen til Grammy.

Arbeidet og innspelingane hennar omfattar arbeid som soloartist, bandleiar, tolkar av andre sin musikk, visesongar, korvokalist og duettpartnar. I 1985 kom hennar eiga låtskriving meir i fokus med utgjevinga av konseptalbumet The Ballad of Sally Rose, der ho var medlåtskrivar på alle songane. Albumet var dels sjølvbiografisk. I 1987 slo Harris seg saman med Dolly Parton og Linda Ronstadt for det etterlengta albumet Trio. Albumet vart det bestseljande i karrieren til Harris og låg fem veker på toppen av countryalbumlista i USA. Det nådde òg topp 10 på popalbumlista og selde fleire millionar eksemplar. Det gav dei òg fire topp 10-hittar der «To Know Him Is To Love Him» gjekk heilt til topps på countrylista. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 4
Johnny Winter

Johnny Winter (1944–2014) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, multiinstrumentalist og produsent. Han er mest kjend for høgenergisk bluesrock seint i 1960- og 1970-åra og produserte tre album som vann Grammyprisen for bluesartisten Muddy Waters. Etter tida med Waters spelte Winter sjølv inn fleire bluesalbum som vann Grammyprisar. I 1988 vart han innlemma i Blues Foundation Hall of Fame og i 2003 vart han av magasinet Rolling Stone rangert som den 100. beste gitaristen gjennom tidene.

Winter og den yngre broren Edgar (fødd 1946) vart begge i tidleg alder oppfordra til å spele musikk av foreldra. Johnny og broren, som begge var fødde med albinisme, byrja å spele i tidleg alder. Då han var ti år gammal spelte brørne i eit lokalt barneshow med Johnny på ukulele. Platekarrieren hans byrja då han var 15 år gammal, då bandet Johnny and the Jammers gav ut singelen «School Day Blues» på eit selskap i Houston. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 5
Tongariro nasjonalpark

Tongariro nasjonalpark er den eldste nasjonalparken på New Zealand, og ligg sentralt på Nordøya. Han var den sjette nasjonalparken som vart oppretta i verda. Nasjonalparken har fått status av UNESCO som blanda kulturell og naturmessig verdsarvstad.

Dei aktive vulkanfjella Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro ligg sentralt i parken. Maoriane har ei rekkje religiøse stadar innanfor parkområdet, og fjelltoppane i Tongariro, inkludert Ngauruhoe og Ruapehu, er tapu (heilage). Parken omfattar fleire busetnader langs grensene sine, mellom desse er Ohakune, Waiouru, Horopito, Pokaka, Erua, National Park Village og Turangi. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 6
Utbreiinga til Tughlakdynastiet

Tughlakdynastiet var eit turko-indisk dynasti i det indiske Delhisultanatet i mellomalderen. Det var ved makta i eit knapt hundreår, og herska på høgdepunktet sitt over det største landområdet Delhisultanatet nokon gong hadde makt over.

Dynastiet kom til makta i Delhi i 1320, då Ghazi Malik kom på trona under tittelen Ghiyasuddin Tughlak. Det hadde si største utbreiing mellom 1330 og 1335, etter hærtog leia av Muhammad ibn Tughlak. Under han blei Delhisultanatet utvida til å dekkja det meste av Det indiske subkontinentet. Dei fjerne felttoga hans var kostbare, men kvart av dei medførte ny rikdom i form av plyndra gods og lausepengar for fangar. Det utvida riket var vanskeleg å styra, og opprør blei vanlege alle stader. Dynastiet mista makt på slutten av 1300-talet, og blei erobra av mongolane under Timur Lenk i 1389. Det fall endeleg i 1413, då det blei erstatta av Sayyid-dynastiet. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 7
Kart over Kongedømet Frankrike i 1789.

Kongedømet Frankrike var eit monarki i Vest-Europa i mellomalderen og tidleg nytid. Det var ein av dei mektigaste statane i Europa, og var ei stormakt frå og med høgmellomalderen. Landet var også ei tidleg kolonimakt.

Kongedømet hadde opphav i den vestlege delen av Frankarriket, og bygde seg opp til ei stormakt dei neste tusen åra. Ludvig XIV, òg kjend som solkongen, utvikla ein mektig stat og rettsteorien absolutt monarki. Etter kvart førte påverknaden frå opplysingstida, den aukande kostnaden med den amerikanske sjølvstendekrigen som Frankrike støtta fullt ut, aukande politisk forståing og spissborgarane sitt behov for politisk fullmakt til den franske revolusjonen. Kongedømet vart då det konstitusjonelle Kongedømet Frankrike og så Den første franske republikken. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 8
Opplagra vatn bak ein demning har ein potensiell energi som kan omdannast til elektrisk energi. Bildet viser Amagase-demningen i Japan

Potensiell energi er den lagra energien til ein lekam i eit fysisk system. Denne typen energi har potensialet til å endre tilstanden til andre lekamar rundt seg, til dømes utforminga eller rørsla deira.

Ein har forskjellige former for energi som kan kallast potensiell energi. Alle desse formene er assosierte med ei spesiell kraft som påverkar ein fysisk eigenskap av stoffet (slik som masse, lading, elastisitet, temperatur osv.). Til dømes er den potensielle energien som skuldast gravitasjon assosiert med tyngdekrafta som verkar på massen til lekamen. Elastisk potensiell energi kjem av elastiske krefter (til sjuande og sist elektromagnetiske krefter). Elektrisk potensiell energi er assosiert med Coulomb-krafta. Nukleære krefter verkar på den elektriske ladinga. Kjemisk potensiell energi er assosiert med det kjemiske potensialet til ei spesifikk atom- og molekylsamansetjing, som verkar på strukturen til det kjemiske stoffet som lekamen er bygd opp av. Termisk potensiell energi er assosiert med elektromagnetiske krefter i samsvar med temperaturen til lekamen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 9
John Millington Synge

John Millington Synge (16. april 1871–24. mars 1909) var ein irsk dramatikar, diktar, skribent og folkloresamlar. Han var ein nøkkelperson i den irske litterære fornyinga, og var med på å leggja grunnlaget for Abbey Theatre i Dublin. Sjølv om han hadde ein protestantisk mellomklassebakgrunn, er Synge sin forfattarskap oppteken av tilhøva til dei katolske menneska på landsbygda i Irland, og det han såg på som heidenskapen i deira verdssyn. Synge er best kjend for teaterstykket The Playboy of the Western World, som førte til opptøyar i Dublin då stykket vart oppført første gongen.

Synge leid av Hodgkins sjukdom, ei kreftform det ikkje var botemiddel for på den tida. Han døydde nokre veker før han fylte 38 år. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 10
Katerína Sakellaropoúlou

Katerína Sakellaropoúlou (fødd 1956) er ein gresk jurist og dommar som 13. mars 2020 blei president i Hellas som den første kvinnelege presidenten i landet. Ho er politisk uavhengig. Sakellaropoúlou overtok embetetet etter Prokópis Pavlópoulos.

Sakellaropoúlou blei tilsett ved Statsrådet, den høgaste greske domstolen i forvaltingssaker, i 1982. Etter å ha stige i gradane i denne domstolen, blei ho visepresident for domstolen i 2015 og president i oktober i 2018. Sakellaropoúlou blei med dette den første kvinna i dette embetet. Gjennom karrieren har Sakellaropoúlou arbeidd mykje med miljøsaker og berekraftig utvikling. Ho har skrive fleire artiklar og bøker om konstitusjonell rett og miljørett. Frå 2015 til 2019 var ho leiar for den greske samskipnaden for miljørett. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 11
Utbreiingsområdet til dei austersjøfinske språka

Finsk språkhistorie inkluderer både historia til det finske språket, også tida då språket enno ikkje var skrive, og historia til det finske skriftspråket. Finsk har til liks med andre uralske språk utvikla seg frå det uralske urspråket, som ifølgje tradisjonell oppfatning vart snakka for rundt 6000 år sidan i ein region mellom Volga og Uralfjella. I dag ser likevel mange språkforskarar ururalsk som mykje yngre, kanskje datert til 2000 f.Kr. Språklege typologiske trekk arva frå det uralske morsmålet til moderne finsk er til dømes agglutinering, bruk av suffiks, trykkplassering i første staving og vokalharmoni.

Finlands skriftspråk vart fødd med reformasjonen på 1500-talet. Biskop Mikael Agricola gav ut dei første trykte bøkene på finsk, slik som Abckiria ('ABC-bok') i 1543 og Se Wsi Testamenti ('Det nye testamentet') i 1548. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 12
Tulkarm

Tulkarm er ein palestinsk by på Vestbreidda, i Tulkarm guvernement. Dei israelske byane Netanya og Haifa ligg i vest, dei palestinske Nablus og Jenin i aust. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Tulkarm i 2007 eit folketal på 51 300, medan den nærliggande flyktningleiren hadde eit folketal på 10 641, i alt 61 941 innbyggjarar.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Tulkarm kontrollert av den irakiske hæren og vart seinare ein del av den Jordan-kontrollerte Vestbreidda. Våpenkvileavtalen i 1949 mellom Israel og Jordan gjorde at 30 000 mål av Tulkarm sine 32 610 mål med jord, hovudsakleg jordbruksland, hamna på israelske territorium. Tapet av desse områda førte til ei stor utflytting av innbyggjarane til andre delar av Jordan og utlandet. Tulkarm sjølv tok i mot mange palestinske flyktningar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 13
Ramla

Ramla er ein by i det sentrale Israel. Byen er hovudsakleg jødisk med ein større arabisk minoritet. Ramla vart grunnlagd kring år 705–715 av omajade-kalifen Sulayman ibn Abd al-Malik. Somme forskarar meiner at byen vart bygd nær ruinane av den antikke byen Gath, basert på ei jødisk soge frå mellomalderen. Ramla låg ved krysset mellom vegen Via Maris, som gjekk frå det gamle Kairo til Damaskus, og vegen som gjekk frå hamnebyen Jaffa og Jerusalem.

Ramla har vorte erobra mange gonger i historia, av abbasidane, ikhshisidane, fatimidane, seldsjukkane, krossfararane, mamelukkane, osmanarane, britane og til slutt israelarane. Byen vart fleire gonger hardt råka av jordskjelv, i 715, 1033, 1068, 1546 og 1927. Etter Svartedauden i 1347, som kraftig reduserte folketalet, vart det oppretta ein orden av fransiskanarmunkar i byen. Under arabarane og osmansk styre vart byen eit viktig handelssenter. Den franske armeen til Napoleon okkuperte byen i 1799 på veg til Akko. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 14
Simple Minds i 2016

Simple Minds er eit skotsk rockeband skipa i Glasgow 1977. Det har gjeve ut ei rekkje hitsinglar, og vart best kjent internasjonalt i 1985 for hitten «Don't You (Forget About Me)» frå filmen The Breakfast Club. Andre hitsinglar er mellom andre «Alive and Kicking» og «Belfast Child» (britisk nr. 1). Gruppa har fått fem album på toppen av den britiske albumlista og har selt meir enn 60 millionar album. Dei var det skotske bandet med størst kommersiell suksess i 1980-åra.

Trass i fleire endringar i besetninga, har Simple Minds halde fram å spele inn musikk og turnere. I 2016 fekk gruppa Ivor Novello-prisen for songane sine av British Academy of Songwriters, Composers, and Authors. Kjernen i Simple Minds består av dei to attverande, originale medlemmane, Jim Kerr og Charlie Burchill. Dei andre noverande medlemmane er Ged Grimes, Cherisse Osei, Sarah Brown og Gordy Goudie. Tidlegare medlemmar er mellom andre Mick MacNeil, Derek Forbes, Brian McGee og Mel Gaynor. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 15
Linda Ronstadt

Linda Ronstadt (fødd 15. juli 1946) er ein pensjonert USA-amerikansk songar innan ei rekkje sjangrar, som rock, country, lett opera og latinamerikansk musikk. Ho har sunge på over 120 album og seld meir enn 100 millionar plater, som gjer ho til ein av dei bestseljande artistane nokon gong. Ronstadt har samarbeidd med artistar innan ei rekkje sjangrar, som Bette Midler, Frank Zappa, Rosemary Clooney, Flaco Jiménez, Philip Glass, Warren Zevon, Emmylou Harris, Gram Parsons, Dolly Parton, Neil Young, Paul Simon, Johnny Cash og Nelson Riddle.

Ronstadt har vunne ti Grammyprisar, tre American Music Awards, to Academy of Country Music-prisar, ein Emmypris og ein ALMA Award. Mange av albuma hennar har selt til minst gullplate i USA og internasjonalt. Ho har òg blitt nominert til ein Tonypris og ein Golden Globe. Ho har vunne Latin Grammy Æresprisen av The Latin Recording Academy i 2011 og fekk Grammy Æresprisen av The Recording Academy i 2016. Ho vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i april 2014. 28. juli 2014 fekk ho nasjonalmedaljen for kunst og humaniora i USA. I 2019 fekk ho i lag med Dolly Parton og Emmylou Harris ei stjerne på Hollywood Walk of Fame for arbeidet deira som ein trio. Ronstadt var blant fem personar som fekk Kennedy Center Honors i 2019. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 16
Slettestruts

Slettestruts (Struthio camelus) er ein stor flygeudyktig fugl som er heimehøyrande i Afrika, tidlegare òg i Midtausten. Slettestrutsen og systerarten somalistruts (Struthio molybdophanes) gjer ut for den biologiske slekta Struthio, einaste slekta i strutsefamilien. Saman med dei biologiske familiane av kiviar på New Zealand, emuar i Australia, nanduar i Sør-Amerika og kasuarar på Ny-Guinea utgjer strutsefamilien ei gruppe strutsefuglar i overordenen Paleognathae. Særtrekk i utsjånaden til arten slettestruts er lang hals og lange bein og han har ei unik evne til å springe, har ein maksimal fart på rundt 70 km/t, dette gjer han til den raskaste landlevande fuglen. Slettestrutsen er den største nolevande fuglearten og hostrutsen legg det største fugleegget av nokon nolevande fugl. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 17
Failaka hamn

Failaka er ei øy i Persiabukta som høyrer til Kuwait. Øya ligg 20 km utanfor kysten frå Kuwait by. Namnet «Failaka» trur ein kjem frå det gammalgreske φυλάκιο(ν) eller Fylakio, som tyder 'utpost'.

Failaka vart busett etter 2000 fvt., då det vart eit fall i havnivået. Handelsfolk frå den sumeriske byen Ur slo seg ned på øya og dreiv handel. Failaka hadde mange bygningar i mesopotamisk stil, som ein typisk finn i Irak frå tida kring 2000 fvt. I fleire hundreår var Failaka del av Dilmun-sivilasjonen. Ein gong etter den første framrykkinga til Aleksander den store i regionen i 311 fvt. eller i perioden 324-323 fvt., då han vende attende til Mesopotamia, koloniserte gamle grekarar øya, som dei kalla «Ikaros» etter den greske øya i Egearhavet og den mytiske helten Ikaros. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 18
Gerry Rafferty

Gerry Rafferty (16. april 1947–4. januar 2011) var ein skotsk songar-låtskrivar, mest kjend for hittane «Baker Street», «Right Down the Line» og «Night Owl», i tillegg til «Stuck in the Middle with You» spelt inn med bandet Stealers Wheel.

Rafferty vart fødd i ein arbeidarklassefamilie i Paisley i Renfrewshire i Skottland. Mora lærte han både irske og skotske folkeviser som gut. Seinare vart han inspirert av The Beatles og Bob Dylan. Han vart med i folkpopgruppa The Humblebums i 1969. Etter dei vart oppløyst i 1971, spelte han inn det første soloalbumet, Can I Have My Money Back?, og Rafferty og Joe Egan danna gruppa Stealers Wheel i 1972. Dei spelte inn fleire hittar, mellom andre «Stuck in the Middle with You» og «Star». I 1978 spelte han inn det andre soloalbumet sitt, City to City, med hitten «Baker Street», som er den mest populære songen hans. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 19
Sør-Fron kyrkje

Sør-Fron kyrkje er ei åttekanta kyrkje på Hundorp i Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Kyrkja stod ferdig i 1792 og er bygd i seinbarokk stil med detaljar i Louis-seize-stil. Ho er hovudkyrkje for Sør-Fron sokn som ellers også har ei fjellkyrkje, Espedalen fjellkyrkje.

Sør-Fron kyrkje er bygd som ei breikyrkje, altså ei kyrkje som er breiare enn ho er lang til. Altaret står på den eine langveggen med hovudinngangen på motsett side. Ho har galleri som går rundt heile kyrkja, med utviding til lukka pulpiturar over inngangane. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel ved innviinga i 1792, som den fyrste kyrkja i Gudbrandsdalen. Orgelet stod på eit eige galleri over galleriet ved inngangen. Seinare orgel vart større og står nede på hovudgalleriet over hovudinngangen. Kyrkja har preikestolaltar, det vil seie at preikestolen er bygd inn i altarveggen over altaret. Dette var vanleg for lutherske kyrkjer frå omkring midten på 1700-talet og fram til tidleg på 1800-talet. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 20
Nattlysande skyer

Nattlysande skyer, og kjent som noctilucente skyer eller polarmesosfæriske skyer, er eit lysande skyfenomen i den øvre delen av atmosfæren. Dei består av iskrystallar og er berre synlege under astronomisk skumring, ei stund før sola står opp eller etter sola har gått ned. Dei er berre synlege i sommarmånadane (frå midten av mai til slutten av august) mellom 50° og 70° nord og sør for ekvator. Skyene ligg så høgt i atmosfæren at sjølv om sola er under horisonten sett frå observatøren sitt synspunkt, så er skyene framleis opplyste av sola. Nyare studiar indikerer at auka atmosfærisk metan-utslepp skapar ekstra vassdamp når metanmolekyla når mesosfæren, og skapar eller forsterkar eksisterande nattlysande skyer.

Dei er dei høgaste skyene som kan oppstå i atmosfæren, og er å finne i mesosfæren i høgder på rundt 75-85 km. Dei er berre synlege når sola skin på dei frå under horisonten og dei lågare delane av atmosfæren ligg i jordskuggen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 21
Mike Oldfield speler Tubular Bells under opningsseremonien til Sommar-OL 2012 i London.

Tubular Bells er debutplata til den engelske multi-instrumentalisten, komponisten og låtskrivaren Mike Oldfield, gjeven ut 25. mai 1973 som det aller første albumet på Virgin Records. Oldfield, som var 19 år gammal då det vart spelt inn, spelte nesten alle instrumenta sjølv på dette stort sett instrumentale albumet.

Albumet fekk stor merksemd i desember 1973 då opningstemaet vart nytta i grøssar-filmen Eksorsisten. Dette førte til auka sal, gjorde Oldfield meir kjend, og spelte ei viktig rolle i veksten til Virgin Group. Albumet låg på topp 10 på UK Albums Chart i eitt år, og låg ei veke på toppen av lista. Det nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard 200, og toppen av listene i Canada og Australia. Albumet har selt kring 15 millionar eksemplar verda over.

Ein orkesterversjon produsert av David Bedford kom ut i 1975 som The Orchestral Tubular Bells. Oldfield spelte inn tre oppfølgjarar: Tubular Bells II (1992), Tubular Bells III (1998) og The Millennium Bell (1999). I høve 30-årsjubileet til albumet spelte Oldfield inn albumet på nytt som Tubular Bells 2003. Ei re-arrangert utgåve av originalalbumet kom ut i 2009. Oldfield spelte utdrag av albumet under opningsseremonien til Sommar-OL 2012 i London. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 22
Maria Teresia av Austerrike

Maria Teresia av Austerrike (13. mai 1717-29. november 1780) var den einaste kvinnelege herskaren av Habsburgmonarkiet og den siste av huset Habsburg. Ho var statsoverhovud for Austerrike, Ungarn, Kroatia, Böhmen, Transylvania, Mantova, Milano, Parma, Galicia og Lodomeria og Dei austerrikske Nederlanda. Gjennom ekteskapet med keisar Frans I Stefan var ho også hertuginne av Lorraine, storhertuginne av Toscana og keisarinne av Det tysk-romerske riket.

Som monark gjennomførte Maria Teresia viktige reformer og styrkte økonomien og den internasjonale stillinga til riket. Ho interesserte seg for skulevesenet og organiserte ein folkeskule som blei eit forbilde i Europa. Adelen blei skattlagt, og ikkje-adelege fekk tilgang til roller i administrasjonen. Ho lovfesta også kor mykje arbeid ein godseigar kunne krevja av dei liveigne bøndene, men våga ikkje å oppheva ordninga med liveigenskap. Heksebrenning og avhøyr med tortur blei avskaffa. På den andre sida peika ho seg ut som lite religiøst tolerant i høve til jødar og protestantar, særleg tidleg i styret sitt. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 23
Carsten Borchgrevink ca. 1900

Carsten Borchgrevink (1. desember 1864–21. april 1934) var ein norsk polarforskar og oppdagingsreisande. Han var ein pioner innan antarktisutforskning, og la mykje av grunnlaget for seinare ekspedisjonar leia av Robert F. Scott, Ernest Shackleton, Roald Amundsen og andre kjende polfararar som er knytte til den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking.

Borchgrevink byrja karrieren sin i Antarktis i 1894 som medlem av ein norsk kvalfangstekspedisjon, då han vart eit av dei første menneska som gjekk i land på det antarktiske kontinentet og samla inn dei første prøvane av levande, organisk material sør for den sørlege polarsirkelen. Han leia frå 1898 til 1900 den britiske Southern Cross-ekspedisjonen – den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis og som la grunnlaget for kappløpet om Sørpolen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 24
Masaistare

Starefamilien omfattar små til middels store sporvefuglar, starar, i familien Sturnidae. Fjørdrakta til mange artar er vanlegvis mørk med ein metallisk glans. Mange afrikanske artar er kjente som glansstarar på grunn av den iriserande effekten ein ser i fjørdrakta. Familien inkluderer òg mange store artar i Asia med fellesnamnet myna på engelsk. Starar finst naturleg i den gamle verda, frå Europa, Asia og Afrika, til nordlege Australia og øyane i det tropiske Stillehavet. Fleire europeiske og asiatiske artar har vorte introduserte til desse områda, så vel som til Nord-Amerika, Hawaii og New Zealand, der dei vanlegvis konkurrerer med innfødde fuglar innanfor felles habitat. Ein art er kjent for dei fleste menneska i Europa og Nord-Amerika, det er den europeiske staren. Gjennom store delar av Asia og Stillehavet er hyrdestare vanleg.

Starar har mangfaldige og komplekse lydar, og har vore kjente for å leggje inn lydar frå omgivnadene i sine eigne songar, inkludert bilalarmar og menneskeleg talemønster. Fuglane kan gjenkjenne bestemte individ på lætet deira, og er for tida gjenstand for forsking på utviklinga av menneskeleg språk. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 25
verneland Taarup rotorslåmaskin.

Slåmaskin er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å slå gras, men ho kan òg nyttast for andre vekstar, som korn. Hestedregne slåmaskiner kom på marknaden i siste halvdelen av 1800-talet. Desse hadde alle ei att-og-fram-gåande knivstong som slo graset, med drift frå hjula på slåmaskina. Då traktorane utover 1930-talet vart utstyrte med gummihjul og kraftuttak gjekk mange over til å nytta traktor i staden for hest. Sidemonterte slåmaskinar var lenge utbreidde, men etter kvart tok trepunktsmonterte maskiner over. I dag er sokalla rotorslåmaskinar så godt som einerådande, med unnatak av nokre små maskiner. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 26
Lattakia sentrum i 2009.

Lattakia (al-Lādhiqīyah) er den største hamnebyen i Syria, og hovudstaden i Lattakia guvernement. Byen er i tillegg til hamneby eit senter for dei kringliggande jordbruksbyane og landsbyane. Ved folketeljinga i 2004 budde det 383 786 menneske i Lattakia. Han er den femte største byen i Syria.

Sjølv om staden har vore busett sidan 1000-talet fvt., vart den moderne byen grunnlagd på 300-talet fvt. under styret til selevkidane. Lattakia vart så styrt av romarane og deretter omajadane og abbasidane på 700-900-talet evt. På denne tida gjekk bysantinarane ofte til åtak på byen, og heldt i periodar byen før dei tapte han att til arabarane, særleg fatimidane. Sidan vart Lattakia styrt av seldsjukk-tyrkarar, krossfararar, Ajjubide-dynastiet, mamelukkane og osmanarane. Etter fyrste verdskrigen vart Lattakia ein del av det franske mandatet i Syria, der han tente som hovudstad i eit sjølvstendig område busett av alawittar. Dette sjølvstendige området vart Alawittarstaten i 1922, og erklærte seg sjølv fleire gonger sjølvstendig før det vart innlemma i Syria i 1944. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 27
Lattakia sentrum i 2009.

Peredvizjniki ('omstreifarane, vandrarane') var ei gruppe russiske kunstmålarar, som i protest mot dei restriksjonane tsardømet sitt leiande kunstakademi la på målarkunsten i landet samla seg i eit kunstnarfellesskap og danna Selskapet for vandreutstillingar i 1870. Gruppa var den første uavhengige utstillingsgruppa for russiske kunstnarar, og heldt 48 store utstillingar frå 1871 til 1923. Dei vart viste eit par månader i Sankt Petersburg og Moskva og vart deretter sende på vandring ut til dei store byane i provinsane.

Ettersom Peredvizjniki-målarane måla realistisk kunst viste verka deira dei mangesidige karaktertrekka ved samfunnet, ofte med kritisk tendens. Kunsten deira viste ikkje berre fattigdom men også det vakre i folkelivet; ikkje berre liding men også heltemot og karakterstyrke. I Peredvizjniki-rørsla sin menneskekjærlege kunst fanst det resolutt fordømming av russisk, autokratisk forfatning. Frigjeringsrørsla for det russiske folket vart framvist med empati (Arrestasjonen av propagandisten av Ilja Repin). Størst vekt i arbeida deira vart det lagt på skildringa av folket (Morgonen ved avrettinga av Streltsij av Vasilij Surikov). Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 28

Gudrid Torbjørnsdotter, òg kalla Gudrid den vidfarne, var ein islandsk oppdagingsreisande i norrøn tid. Ho var ei av verdas mest vidtreiste kvinner i tida rundt år 1000. Det er fortalt om Gudrid både i Soga om Eirik Raude og i Grønlendingesoga. I fylgje sogene gjorde ho åtte reiser i Nord-Atlanteren. Ho var mellom anna med mannen sin på ei reise frå Grønland til Nord-Amerika, der ho fekk sonen Snorre. Den siste store reisa hennar var ei pilgrimreise, til fots gjennom Europa, til Roma.

Dei to sogene fortel i grove trekk same historia, men detaljane i sogene stemmer ikkje heilt med kvarandre. Sogene inneheld òg forteljingar om ei trollkvinne, ein «einfoting» som var svært god til å springa og fleire andre fantasifulle forteljingar. Ein kan difor ikkje ta sogene bokstaveleg, men noko av det som står i dei stemmer så nokon lunde med etterprøvbare observasjonar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 29
Kyrkja på Orphir ved «The Earl's Bu» var truleg bygt av Håkon Pålsson jarl

Pål og Harald Håkonsson var sams jarlar på Orknøyane. Det er ikkje kjent når dei vart fødde, men Harald døydde omkring 1127 og Pål døydde omkring 1136.

Etter at Håkon Pålsson jarl var død kring 1123 vart sønene hans, Pål «fåmælte» (norrønt Páll úmálgi) og halvbroren Harald «slettmæle» (norrønt Haraldr sléttmáli), sams jarlar. Som så ofte før når det var samstyre, vart det snart usemje mellom dei, og riket vart delt i to. Det ser ut til at Pål jarl rådde over den nordlege luten av jarleriket medan Harald jarl hadde den sørlege luten, og hadde Caithness i len av skottekongen. Orknøyingasoga legg mykje av skulda for usemja mellom halvbrørne på Harald jarl og venene hans, i første rekke Helga, mor hans og på morsystera Frakokk Moddansdotter og slektningen hennar, Sigurd Slembe. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 30
Geitbåtfæring med asymmetrisk råsegl.

Asymmetrisk råsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og skråstilt rå. Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk. Seglet liknar på eit moderne genuasegl, både i utsjånad og brukseigenskap. I Noreg blir asymmetriske segl tradisjonelt bruka på nordvestlandsbåtar, og da særleg på nordfjordbåtar, snedbetningar og geitbåtar.

Seglet vart truleg teke i bruk på Sunnmøre før 1700, og på Nordmøre før 1800. Sør om Stad kom det i bruk seinare. Det heiter at kring 1850 lærte sunnmøringar folk i Solund å sy asymmetriske råsegl. Dei første segla ein kjenner til var laga av hamp. Før det hadde ein truleg asymmetriske råsegl av ull. Seinare vart seglduk av bomull det vanlegaste materialet. Det vart òg laga segl av lin. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 31
Fargelagte litografi av Grandville blei brukt på plateomslaget.

Innuendo er det fjortande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen. Det kom ut i 1991 og var det siste studioalbumet deira som vart gjeve ut medan Freddie Mercury levde og det siste med berre nye songar. Stilmessig var Innuendo eit slags steg attende til røtene til Queen, med ein hardare rockelåt, komplekse musikalske komposisjonar (tittelsporet), psykedeliske effektar («I'm Going Slightly Mad»), og mektig røyst frå Mercury over fire oktavar.

Bandet og produsentane prøvde å få albumet ut i november eller desember, i tid til julesalet, men den dårlege helsa til Mercury gjorde at det ikkje kom ut før i februar 1991. Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia (to veker), Nederland (fire veker), Tyskland (seks veker), Sveits (åtte veker) og Italia (tre veker). Det vart gjeve ut i USA dagen etter det kom ut i Storbritannia. Det var det første albumet til Queen som selde til gullplate i USA sidan The Works i 1984. Ni månader etter albumet kom ut, døydde Mercury av lungebetennelse tilknytt AIDS. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 32
Illustrasjon av Sjølvavleggar

Sjølvavleggar er ei jordbruksmaskin som slår kornet, samlar det og legg det på marka, i høveleg store buntar for å binda band av. Dei batt ikkje buntane saman til band, slik som dei seinare sjølvbindarane gjorde.

At ein slapp å skjera eller slå kornet førte til at innhaustinga gjekk mykje fortare, noko som gjorde det mogleg å hausta åkeren i rett tid. Der det var ustabile vêrtilhøve kunne ein slik få kornet i hus før det vart øydelagt av regn. Men kornet måtte framleis bindast og settast til tørk (på den nordamerikanske prærien, der sjølvavleggarar fyrst kom i bruk vart ikkje banda sette på staur). Det trongst fire-fem personar for å binda og setta banda til tørk. Så det var framleis mykje manuelt arbeid forbunde med skuronna. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 33
Tanganyikasjøen

Tanganyikasjøen er ein av dei store sjøane i Afrika. Innsjøen er delt mellom dei fire landa Burundi, Kongo, Tanzania og Zambia, der dei største delane av han ligg i Kongo (45 %) og Tanzania (41 %). Vatnet i innsjøen renn ut i elvesystemet til Kongoelva, og til slutt ut i Atlanterhavet.

Tanganyikasjøen er estimert til å vere den nest eldste og den nest djupaste ferskvassjøen i verda, begge etter Bajkalsjøen i Sibir. I Afrika er han den største riftsjøen og den innsjøen som er djupast og har størst volum. Dei tre bassenga hans, som i periodar med mykje lågare vasstand var separate innsjøar, har ulike aldrar. Den midtre byrja å bli danna for 9–12 millionar år sidan, den nordlege for 7–8 millionar år sidan og den sørlege for 2–4 millionar år sidan. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 34
Scott Walker

Scott Walker (1943-2019), opphavleg Noel Scott Engel, var ein amerikansk-britisk songar og låtskrivar, komponist og plateprodusent. Han var kjend for den særeigne barytonstemma si og for den uortodokse karriereretninga som tok han frå popikon i 1960-åra til eksperimentell musikar på 2000-talet.

Walker vart opphavleg kjend på midten av 1960-åra som frontmann i The Walker Brothers, som spelte popballadar med orkester, før han starta ein solokarriere som balanserte popballadar med stadig meir utførlege kunstnariske arrangement og låtskriving. Sidan midten av 1980-åra tok han opp att solokarrieren sin og på drastisk vis fann han opp på ny dei kunstnariske metodane sine og måten han skreiv songar på med fleire kritikarroste og særs eksperimentelle album. Desse kombinerte den ikoniske vokalen hans, ein uroleg avantgarde tilnærmingsmåte som låg nærare modernistisk og postmodernistisk klassisk musikk enn popmusikken frå fortida hans. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 35
:Nordlandsjekta Brødrene

Ei jekt er ei lita seglskute, med berre ei mast, med råsegl. Over råseglet kunne jekta føra eit rå-toppsegl. Lengda kunne vera 15-25 m og breidda meir enn 1/3 av lengda. Jektene hadde halvdekk fram (plitten) og akter, med eit ope lasterom i midten rundt masta. Skroget var breitt i framkant og smalna av noko attover. For å få så stor lastevne som mogleg var jektene om lag dobbelt så breie og djupe som andre storbåtar av same lengd.

Ein veit ikkje når dei fyrste jektene vart bygde, men likskapen med vikingskipa, spesielt knarren, tyder på at dei vart utvikla i Noreg. Dei eldre jektene var klinkbygde, men utpå 1800-talet vart det òg vanleg med kravellbygging. Jektene spela ei viktig rolle for fraktefarten langs norskekysten fram til dampskipa tok over rundt 1880. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 36
:Jiuzhaigou

Jiuzhaigou er eit dalområde med status som naturreservat og nasjonalpark i prefekturet Ngawa i det nordlege Sichuan, ein provins i det sørvestlege Kina. Det er kjent for sine mange fossar, som fell i fleire høgder, sine fargerike vatn og snødekte fjelltoppar. Dalen ligg i fjellkjeda Min Shan, heilt i utkanten av Tibetplatået, og dekker eit areal på i kring 720 km². Høgda varier frå 2 000 til 4 500 meter over havet.

Eit av dei best kjende fenomena frå Jiuzhaigou er dusinvis blå, grøne og turkise vatn. Vatna har opphav i breaktivitet, blei demma opp av ras og andre naturfenomen, og blei så gjort permanente gjennom nedfelling av karbonat. Nokre av dei har høg konsentrasjon av kalsiumkarbonat, og vatnet er svært klart, slik at botnen ofte er synleg til og med ved store djupner. Fargen på vatna kan variera ut frå djupne, kjemisk samansetjing og miljøet rundt. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 37
Beatrix Potter

Beatrix Potter (1866–1943) var ein engelsk forfattar, illustratør, naturforskar og landskapsvernar. Ho er best kjend for barnebøkene sine om dyr som oppfører seg som menneske.

Beatrix Potter sine studiar og akvarellar av sopp gjorde henne respektert i feltet mykologi, eller soppforsking. Då ho var i trettiåra gav Potter ut barneboka The Tale of Peter Rabbit, som blei ein stor suksess. Etter dette blei ho forfattar og illustratør på fulltid. Potter skeiv tretti bøker, tjuetre av dei var tales eller soger for barn. Med pengane ho tente på bøkene sine, og ein arv etter ei tante, kjøpte Potter gardsbruket Hill Top i Near Sawrey i 1905; ein landsby i Lake District i Cumbria. I løpet av dei neste tiåra kjøpte ho fleire andre gardsbruk i området for å verna om det unike kulturlandskapet. Potter vann også prisar for avlsarbeidet sitt med herdwicksau, og blei ein velståande bonde med ei sterk interesse for landvern. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 38
Rubinstrupekolibri

Rubinstrupekolibri (Archilochus colubris) er ein liten kolibri som hekkar i Nord-Amerika og er den einaste kolibriarten som regelmessig hekkar austom Mississippielva. Han er trekkfugl, dei fleste overvintrar i Mellom-Amerika.

Rubinstrupekolibriar lever einslege. Vaksne av denne arten kjem vanlegvis berre i kontakt med andre individ av arten for paring, og begge kjønn i alle aldrar forsvarer eit revir for å sikre tilgang på føde. Aggressiviteten blir størst på seinsommaren til tidleg haust når dei må feite seg for hausttrekket. Dette er viktig fordi dei som ein del av trekket, må flyge over Mexicogolfen. Det er ein prestasjon som lenge forbløffa forskarar, ettersom ei over 800 kilometer lang flyging utan stopp over hav tilsynelatande krev energi som langt overstig det som kroppsvekta til ein vaksen kolibri på 3 gram representerer. Seinare er det oppdaga at desse små fuglane nesten kan doble kroppsmassen sin som ei førebuing til å krysse Mexicogolfen. Den ekstra massen blir lagra som feitt, og han gjev fuglane nok energi for å gjennomføre denne fantastiske flyginga. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 39
Pink Floyd frå ein konsert i 1973

Progressiv rock (prog eller progrock) er ein sjanger innan rock som utvikla seg på slutten av 1960-åra og tidleg i 1970-åra. Progressiv rock utvikla seg frå psykedelisk rock seint i 1960-åra, i ein periode då det vart stadig vanlegare å ta musikken eit steg vidare med eit breitt spekter av inspirasjonskjelder. Omgrepet har vore knytt til band som King Crimson, Yes, Genesis, Pink Floyd, Jethro Tull, Gentle Giant, The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer.

Progressive rockeband tøygde dei tekniske og komposisjonsmessige grensene i rockemusikken ved å ta musikken vidare frå den populære vers-refreng-baserte songstrukturen. I tillegg nytta ein ofte arrangement med element frå klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Instrumentalar var vanlege, medan songtekstane ofte var omgrepsmessige, abstrakte eller basert på fantasy. Progressive band gav stundom ut konseptalbum som ofte fortalde ei soge eller omhandla spesifikke tema. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 40
Satellittbilete av Lésvos

Lésvos, òg kalla Lesbos, er den tredje største øya i Hellas og høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya er òg den åttande største i Middelhavet med eit areal på 1 630 km². Øya er fjellkledd og har to store toppar, Lepýtymnos og Ólymbos, begge med ei høgd på 967 moh. Øya har vulkansk opphav, noko som er årsaka til dei mange varmekjeldene.

Lésvos har bortimot 90 000 innbyggjarar. Ein tredjedel av dei bur i hovudbyen Mytilíni, som ligg søraust på øya. Resten av folkesetnaden er spreidd i mindre byar og landsbyar. Dei største av desse er Kalloní, Jéra, Plomári, Ajásos, Eresós og Míthymna (Mólyvos). Mytilíni vart grunnlagd på 1000-talet fvt. av familien Penthilidae, som kom frå Thessalía og styrte fram til revolusjonen i 590–580 fvt. leia av Pittakos av Mytilíni. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 41

Yes er eit engelsk rockeband som har oppnådd suksess over heile verda med ei blanding av progressiv rock, kunstrock og symfonisk rock. Det vert rekna som ein av pionerane innan progressiv rock og er kjent for dei lange songane, mystiske tekstane, utførlege plateomslaga og sceneshowa sine. Gjennom historia har sytten musikarar vore medlem av bandet. Det består i dag av songar Jon Davison, bassist Chris Squire, gitarist Steve Howe, trommeslagar Alan White og klaverspelar Geoff Downes.

Yes vart danna i 1968 av Squire og songar Jon Anderson, og med i den første besetninga var òg gitarist Peter Banks, klaverspelar Tony Kaye og trommeslagar Bill Bruford, som gav ut to album i lag til lunken mottaking og sal. Gruppa slo igjennom med The Yes Album (1971) og Fragile (1971). Ho fekk ytterlegare suksess med Close to the Edge (1972) og Tales from Topographic Oceans (1973). Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 42
Fåfotingen Trachypauropus britannicus

Fåfotingar (Pauropoda) er ei gruppe særs små mangefotingar som lever i jord- og strølaget, ofte så langt nede som ein til to meter. Fåfotingane er mjuke, sylinderforma dyr. Som vaksne er dei mellom 0,5 og 2 mm lange. Dette gjer at gruppa omfattar dei minste av mangefotingane, i tillegg til dei med færrast bein - dei har mellom åtte og elleve beinpar.

Fåfotingane lever i jorda, vanlegvis i tettleikar som er mindre enn 100 per kvadratmeter Gruppa er utbreidd over heile verda og omfattar 756 beskrivne artar fordelt på 30 slekter i fem familiar. Ho er generelt særs dårleg kjend, sidan berre ytst få forskarar har fordjupa seg i ho i nokon særleg grad, så det reelle artstalet er mest sannsynleg langt høgare. I Norden er det registrert 16 ulike artar; 13 av desse i Noreg. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 43
Galge

«The Maid Freed from the Gallows» er ein hundreår gammal folkesong om ei fordømd ung kvinne som bed nokon å kjøpe henne fri frå bøddelen. I balladesamlinga til folkloristen Francis James Child er han nummer 95. Balladen har eksistert i mange variantar i forskjellige land, og er omskriven i mange format. Dei mange ulike versjonane har liknande innhald. Ei møy (ei ung ugift kvinne) eller ein mann skal snart hengast (i mange variantar er ikkje grunnen nemnd), og bed bøddelen, eller dommaren, om å venta på ein person som kan betala muting eller løysepengar.

Songen vart spela inn i 1939 som «The Gallis Pole» av visesongaren Huddie «Leadbelly» Ledbetter, men den mest kjende versjonen er frå 1970 av av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som kalla han «Gallows Pole» på albumet Led Zeppelin III. Denne var basert på eit arrangement av Fred Gerlach. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 44
Vasilijkatedralen

Russisk kultur er kulturen til folkegruppa russarar og dei mange andre folkegruppene i Russland. Kulturen har rike tradisjonar på ei rekkje område, som litteratur, filosofi, musikk, folkedans, ballett, arkitektur, biletkunst, film og animasjon. Innan alle desse områda har Russland hatt betydeleg påverknad på global kultur. Russland har også ein rik materiell kultur og ein lang tradisjon innan vitskap og teknologi.

Russiske statssymbol er mellom anna den austromerske dobbeltørna, kombinert med St. Georg av Moskva i Det russiske riksvåpenet; desse symbola stammar frå tida for Storhertugdømet Moskva. Det russiske flagget dukka opp seint i tsar-tida, og blei mykje brukt i Det russiske imperiet. Av uoffisielle symbol kan ein nemna matrjosjkadokka som eit gjenkjenneleg symbol på Russland, medan tårna til Kreml i Moskva og Vasilijkatedralen i Moskva er dei viktigaste arkitektoniske symbola på landet. Jomfru Maria, heilage Nikolas, apostelen Andreas, heilage Jørgen, heilage Aleksandr Nevskij, heilage Sergius av Radonezj og heilage Serafim av Sarov er vernehelgenar for Russland. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 45
Billy Joel

Billy Joel (fødd 1949) er ein amerikansk pianist, songar-låtskrivar og komponist. I 1970-, 1980-, og 1990-åra hadde Joel i alt 33 hittar i USA på topp 40-lista, alle skrivne av han sjølv. Han har vunne Grammyprisen seks gonger og vore nominert 23 gonger gjennom karrieren sin. Han har selt meir enn 150 millionar album verda over, noko som gjer han til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.

Joel vart innlemma i Songwriters Hall of Fame (1992), Rock and Roll Hall of Fame (1999) og Long Island Music Hall of Fame (2006). I 2001 fekk Joel Johnny Mercer-prisen frå Songwriters Hall of Fame. I 2013 fekk Joel Kennedy Center Honors, den høgaste æresprisen i USA, for å ha påverka amerikansk kultur gjennom musikken sin. Med unntak av songane «All My Life» og «Christmas in Fallujah» i 2007, stoppa Joel å skrive og gje ut musikk i 1993 med River of Dreams. Han har likevel halde fram å turnere og spelar songar frå heile karrieren sin på konsertane. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 46
Otus scops

Otus er ei biologisk slekt i uglefamilien som samlar ca. 55 nolevande kjente artar. Med det er Otus den klårt største ugleslekta målt i artsmengd, nær ein av fire av verdas artar i uglefamilien er ei Otus-ugle. Namnet «Otus» er latinsk og tyder 'ugle med øyre'.

I moderne forstand er slekta avgrensa til «den gamle verda». Alle i denne slekta er små og smidige ugler. Dei er farga i ulike kamuflerande fargetonar, nokre gonger med ei lysare underside og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst typisk i ein grå og ein raudbrun morf. Det største biologiske mangfaldet er i den indomalayiske regionen, der mange øyartar har blitt skildra. Berre dverghornugle (Otus scops) lever i Sør-Europa. Ho er den einaste langdistansetrekkfuglen av alle ugler, ho overvintrar i Afrika sør for Sahara. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 47
Bowie vert senka ned frå edderkoppen i taket under opningssongen «Glass Spider»

Glass Spider-turneen var ein verdsturné av den engelske musikaren David Bowie i 1987 etter at han gav ut albumet Never Let Me Down. Turneen byrja i mai 1987 og vart marknadsført av ein to veker lang presseturné der Bowie vitja ni land gjennom Europa og Nord-Amerika. Glass Spider-turneen var den første Bowie-turneen som vitja Austerrike, Italia, Spania, Irland og Wales. Turneen var den lengste og dyraste turneen til Bowie til då. På den tida vart dei omfattande kulissane nytta under turneen kalla «det største turnésettet nokon gong».

Bowie ønskte at turneen skulle vere eit teatralsk show, og inkluderte talte monologar til somme av songane, vignettar og visuelle knep som projiserte videoar, teatralsk lyssetting og kulissar. På scenen hadde Bowie med seg gitaristen Peter Frampton og ein trupp på fem dansarar koreografert av den mangeårige samarbeidspartnaren Toni Basil. Med temaet «Rockestjerner kontra røyndom», vart showet delt inn i to akter og eit ekstranummer. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 48
Elinor Glyn måla av Philip Alexius de Laszlo

Elinor Glyn (1864–1943) var ein britisk forfattar som skreiv kjærleiksromanar og filmmanus. Ho innførte omgrepet «It», som i It-girl, og stod bak filmar til fleire tidlege Hollywood-stjerner som Clara Bow, Gloria Swanson og Rudolph Valentino.

Den største merksemda hennar kom frå romanen Three Weeks frå 1907. Boka handlar om eit forhold om ei gift, eksotisk dronning frå Balkan og ein ung britisk aristokrat som ho lærer opp i å elska. Boka selde i store mengder, med over 2 millionar eksemplar selt til 1916 og over 5 millionar til 1933. I 1920 drog Glyn til USA. Ho var blitt invitert til Hollywood av Famous Players–Lasky for å skriva manus og hjelpa ved filmatiseringa av The Great Moment, regissert av Sam Woods. Opphaldet hennar varte i ni år, og i denne tida var Glyn involvert i 11 ulike produksjonar. I USA framstilte ho seg som ganske lik heltinnnene sine, med ei aristokratisk, litt eksotisk framtoning med raudfarga hår og sminke som gjorde augo hennar meir «katteaktige». Samstundes oppførte ho seg som ei konvensjonell engelsk overklassedame som serverte te. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 49
Eremitasjen

Eremitasjen er eit statseigd museum i St. Petersburg i Russland. Det er eit av dei største og eldste musea for kunst- og kulturhistorie i verda. Kunstsamlinga inneheld verk av Michelangelo, Leonardo, Rubens, Rembrandt, Monet, Rodin, Renoir, van Gogh, Gauguin, Picasso og Matisse. Dei russiske kronjuvelane er òg i samlinga, saman med Fabergés berømte juvelkunst.

Samlingane består av nær tre millionar gjenstandar, og omfattar mellom anna den største samlinga av måleri i heile verda. Gjenstandane er utstilte og plasserte i seks historiske bygningar langs palasskaiene, inkludert Vinterpalasset som tidlegare var tsarresidens. Ved sidan av dei opphavlege bygningane har Mensjikovpalasset, porselensmuséet, lagerhusa ved Staraja Derevnja og austfløya i generalstabsbygningen i St. Petersburg vorte del av muséet. Eremitasjen har fleire faste utstillingssenter utanlands. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 50
Sju slag kaker i ein boks

Sju slag kaker eller dei sju slaga er tradisjonar med å ha sju ulike typar småkake til visse høve.

I nyare norsk samanheng viser omgrepet som regel til julebakst. Tidlegare tradisjonar kunne ha sju ulike slag bakst til bryllaup. I svensk tradisjon har sju slag kaker vore det «rette» talet på kaker til kaffiselskap. Skikken med å ha minst sju slag kaker ved slike samkomer er kjend frå slutten av 1800-talet av. Kakene kan vera av ulike deigtypar, men det finst fleire oppskrifter på sju kakeslag laga av ein grunndeig. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 51
Elvis Presley i 1957

Elvis' Christmas Album er det fjerde studioalbumet og det første julemusikkalbumet til Elvis Presley på RCA Victor i oktober 1957. Det var spelt inn i Radio Recorders i Hollywood. Albumet har blitt gjeve ut fleire gonger gjennom åra på forskjellige format. Det låg fire veker på toppen av Billboard Top Pop Albums-lista. Det er det første Presley-albumet som selde til diamantplate i USA og det bestseljande julealbumet gjennom tidene i USA. Albumet har selt 15 millionar eksemplar verda over.

Den originale plata frå 1957 bestod av åtte julesongar og fire gospel-songar som tidlegare var gjevne ut på EP-en Peace in the Valley i mars 1957. Dei to albumsidene var delte inn med dei sekulære julesongane på den eine sida, med to tradisjonelle julesongar og gospelsongane på den andre. Desse to inkluderte spirituals av Thomas A. Dorsey, «Peace in the Valley» og «Take My Hand, Precious Lord». Dei fleste songane var tradisjonelle julesongar, som «White Christmas» og «Silent Night», og to nye songar av dei faste låtskrivarane til Presley. Ein var «Santa Bring My Baby Back (to Me)» og den andre var ein blues-basert rock and roll-låt, «Santa Claus Is Back in Town», skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 52
Framføring av 1812-ouverturen med kanonskot ved Washington-monumentet i 2008.

1812-ouverturen er ein konsertouverture i Ess-dur skriven i 1880 av den russiske komponisten Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij til minne om det vellukka russiske forsvaret av landet under invasjonen til Napoleon sin Grande Armée i 1812. Den mislukka invasjonen og den katastrofeprega tilbaketrekkinga til den franske hæren markerte eit vendepunkt i Napoleonskrigane. Verket vart fyrst framført i Moskva den 20. august 1882 (juliansk dato 8. august). Han vart dirigert av Ippolit Al'tani i eit telt i nærleiken av den nesten ferdigbygde Frelsaren Kristus-katedralen, som også vart reist til minne om forsvaret av Russland i 1812.

Ouverturen er rundt 15 minutt lang. Han er eit døme på programmusikk, musikk som er komponert for å få fram stemningar og scener hjå dei som høyrer på. Stykket er best kjent for klimakset sitt med kanoneld, ringande klokker og ei fanfareending med messingblåseinstrument. Verket er blitt vanleg å framføra saman med større fyrverkeri-oppvisingar i samband med den amerikanske sjølvstendedagen. 1812-ouverturen er blitt eit av dei mest populære verka til Tsjajkovskij, i lag med ballettmusikken hans til Nøtteknekkaren, Tornerose og Svanesjøen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det torsdag, 28. mars 2024Oppdater sida