Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2013

Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det torsdag, 25. april 2024Oppdater sida


2013-kalender med mulige emne for Vekas artikkel endre

Om status for kvar artikkel, sjå Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.

Veke Frå dato Artikkel Anna
52 24. des

(2012)

Evangeliet etter Lukas Jul, forslag 1:
Byrjinga av Lukas-evangeliet på gresk i eit bysantinsk manuskript frå rundt 1020.

Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet. Boka inneheld mellom anna Juleevangeliet. Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse med eller utan venger.

Ifølgje bibelforskarar er det truleg at Lukas hadde to skriftlege kjelder, dels Markusevangeliet, dels ei tapt samling med jesusord, som vert kalla Q-kjelda. Andre forskarar har påstått at Lukas gir kvinner ei meir sentral rolle i historiene enn dei andre evangelistane. Forskarane er også samde om at Lukasevangeliet mest truleg er skrive i eit gresk miljø.


-- Hogne 4. november 2011 kl. 12:40 (CET)[svar]

1 31. jan (2012) Fujian Forslag 1: Fujian
Fujian er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田).

Fujian er ein provins på søraustkysten av Kina. Fujian grensar til Zhejiang i nord, Jiangxi i vest, og Guangdong i sør. Øya Taiwan ligg i aust, bortom Taiwansundet. Namnet Fujian er ei samansetting av Fuzhou og Jianzhou (dagens Jian'ou), to byar i Fujian, danna under Tang-dynastiet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 闽 for Min. Hankinesarar er i fleirtal, men provinsen er kulturelt og språkleg ein av dei mest mangleta provinsane i Kina. Han dekker ei flatevidd på 121 400 km2 og folketalet er kring 36 millionar. Fuzhou er hovudstad og største by i provinsen med om lag 7 millionar innbyggjarar. Provinsen er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田). Les meir …


Skal vi starte det nye året austpå?
~ Hogne (diskusjon) 26. oktober 2012 kl. 13:14 (CEST)[svar]
2 07. jan Krittida
3 14. jan Augustin Louis Cauchy Forslag 1: Augustin Louis Cauchy
Augustin Louis Cauchy

Augustin Louis Cauchy (1789 - 1857) var ein fransk matematikar.

Cauchy var ein pioner innan analyse og vidareutvikla grunnlaget som var lagt av Leibniz og Newton; blant anna fann han formelle bevis for fleire fundamentale satsar. Spesielt i funksjonsteori stammar fleire sentrale teorem frå han. Hans nestan 800 publikasjonar dekte heile breidda av matematikken på den tida.

Etter Euler døydde hadde mange inntrykk av at matematikken var nestan fullt utforska og at det ikkje lenger var nokre vesentlege problem som gjenstod. Det var spesielt Gauss og Cauchy som motprova dette inntrykket.

Cauchy var ein streng katolikk og tilhengar av den franske herskarslekta bourbon. Under dei franske revolusjonane førte dette han i konflikt med mange av hans samtidige. Les meir …


~~ Hogne (diskusjon) 2. januar 2013 kl. 10:23 (CET)[svar]
4 21. jan Camilla Collett 23.1. kan vi feire 200-årsdagen for fødselen til Camilla Collett, gjerne med denne artikkelen. --Knut (diskusjon) 14. november 2012 kl. 20:48 (CET)[svar]
Artikkelen er aldeles kjeldelaus. --178.232.17.38 18. januar 2013 kl. 17:21 (CET)[svar]
Rett nok, han er skriven før vi skjerpa oss på det feltet. Det kan leitast opp kjelder på det meste, om nokon vil. Eg synst vi skal ta han inn uansett - i fjor presenterte vi berre to kvinner på framsida. Ein viss kjønnsbalanse bør det vere - det er òg eit omsyn å ta. --Knut (diskusjon) 18. januar 2013 kl. 18:12 (CET)[svar]
5 28. jan Skulderbladet Forslag 1:
Venstre skulderblad. Ved stopp er det sett bakfrå.

Skulderbladet (latin scapula), er ein knokkel i det menneskelege skjelettet som bind saman skjelettet i overkroppen med armane. Dei to skulderblada ligg på ryggsida av brystkassa og er tynne, flate og uregelbunde trekanta i forma. Det dannar ledd mot kragebeinet, clavicula, og overarmsbeinet, humerus, og saman med kragebeina så utgjer skulderblada skulderbogen.

Dei i alt seksten musklane som festar på skulderbladet sine to ytterflater gjer skuldra til den mest rørlige leddet i menneskekroppen.

Skulderbladet har to beinframspring, skulderhøgda, og ramnenebbet. Begge desse går ventralt og tener som utspring og festar for ymse musklar. Les meir …


~~ Hogne (diskusjon) 7. januar 2013 kl. 13:27 (CET)[svar]
6 04. feb Jetstraum Frå moglege framsideartiklar:
Jetstraum over Canada.

Jetstraum


Hogne (diskusjon) 24. januar 2013 kl. 14:52 (CET)[svar]

7 11. feb Josiah Wedgwood Forslag 1, frå moglege artiklar:
Wedgwood-vase frå rundt 1790.

Josiah Wedgwood (1730-1795) var ein engelsk pottemakar, og det er han som plar få æra av å ha industrialisert framstillinga av keramisk gods.

Arbeidet til Wedgwood var av svært høg kvalitet, og frå 1763 byrja han å motta ordrar frå høgst oppe i det britiske kongehuset, mellom anna frå dronning Charlotte. Wedgwood overtalte henne til å late han kalle ein serie gods ho hadde innkjøpt for «Queen's Ware», og utbasunerte dei kongelege tilknytingane på skrivepapiret og konvuluttane sine. På slutten av livet var det store målet til Wedgwood å lage ein kopi av den såkalla Portlandvasen, ein blå og kvit glasvase frå det første århunderet. Han arbeidde med det prosjektet i tre år før han til sist hadde fått laga det han meinte var ein tilfredstillande kopi i 1789.

Wedgwood var òg ein forkjempar for å få slutt på slaveriet, gjennom anna mellom å produsera ein medaljong med ein knelande slave som spurde «Er ikkje eg eit menneske og ein bror?» Les meir …


~~ Hogne (diskusjon) 28. januar 2013 kl. 09:43 (CET)[svar]

8 18. feb Dunedin Forslag 1: Dunedin
I Dunedin ligg gata Baldwin Street, som i følgje Guinness Book of Records er den brattaste gata i verda. Den brattaste gradienten er 1:2,9.

Dunedin er den nest største byen på SørøyaNew Zealand, og den viktigaste byen i regionen Otago. Byen har eit folketal på om lag 120 000. Han er det sjuande største urbane området på New Zealand, og var fram til 2010, då Auckland Council vart danna, byen med den største flatevidda i landet. Både historisk, kulturelt og geografisk er Dunedin rekna mellom dei fire største bysentra på New Zealand.

Det urbane området i Dunedin ligg sentralt på austkysten i Otago, kring Otago Harbour. Hamna og høgdedraga kring Dunedin er restar etter ein utsløkt vulkan. Forstadane til byen strekkjer seg ut i dalane og åsane omkring, til eidethalvøya Otago Peninsula, og langs breiddene til Otago Harbour og Stillehavet.

Den største verksemda i byen er nn:høgare utdanning – Dunedin hyser University of Otago, det første universitetet på New Zealand (frå 1869), og Otago Polytechnic. Universitetet står for om lag 20 prosent av innbyggjartalet i byen. Les meir …

9 25. feb Halelause padder Forslag 1: Halelause padder
Hoppande dvergklofrosk (Hymenochirus boettgeri

Halelause padder er ein biologisk orden av amfibium som omfattar rundt 5000 artar froskar og padder. Ordenen er også kjend som halelause amfibium eller springpadder. Ordenen hadde tidlegare det vitskaplege namnet Salientia ('hoppande'), men no er dette endra til Anura ('utan hale').

Inndelinga i froskar og padder er tradisjonell, og har ikkje noko med slektskap å gjera. Som regel vil amfibium ein kallar padder vera tilpassa eit tørrare miljø enn det våtare miljøet til dei ein kallar froskar. Dei har fått liknande utsjånad på grunn av konvergerande evolusjon. Typiske padder har ein kortare, tjukkare kropp og kortare føter enn froskar, gjerne også tjukkare og meir vortete hud enn dei glattare, fuktigare froskane.

Ein finn halelause padder frå rundt ekvator til nær polane, men dei lever ikkje i arktisk klima. Flest artar finn ein i tropisk regnskog. Talet på halelause padder minkar dramatisk, og mange av dei vil truleg døy ut. Les meir …

10 04. mar Nakkeslengskade Forslag 1: Nakkeslengskade
Påkøyrsel bakfrå er ei vanleg årsak til nakkeslengskadar.

Nakkeslengskade er ein overstrekksskade i nakken som har oppstått fordi hovudet har blitt kasta brått fram og attende eller blitt pressa ut over sitt normale rørsleområde. Dei typiske symptoma er smerter og stivheit i nakken. Ein går ut frå at symptoma skuldast skadar i mjukvevet i nakken, t.d. i leddband, bindevev og musklar. Men dei kan også omfatta nerveskadar og brot og forskyvning i nakkevirvlane.

Den vanlegaste årsaka til nakkeslengskadar er trafikkulukker der ein bil blir påkøyrd bakfrå. Slike skadar kan også oppstå ved fall på sykkel, ski eller snøbrett og i stupeulukker og andre ulukker der hovudet blir utsett for sterke krefter. Nakkeslengsskadar har auka sterkt sidan 1980 og utgjer om lag 40 prosent av alle personskadar i trafikken. Dei har også ført til mange forsikrings- og erstatningssaker. Sidan det har vore vanskeleg å finna objektive bevis for ein del av skadane, har slike saker ført til mykje strid. Også i dei medisinske fagmiljøa er det svært ulike oppfatningar både når det gjeld årsaker, diagnosar og behandling. Les meir …

11 11. mar Hermann Hesse Forslag 1:
Hermann Hesse 1905

Hermann Hesse, pseudonym: Emil Sinclair (1877 - 1962) var ein tyskspråkleg lyrikar, prosaforfattar og hobbysmålar. Dei mest kjende litterære verka hans er Steppeulven, Siddhartha, Peter Camenzind, Demian, Narsiss og Gullmunn, Under hjulet og Glassperlespillet. Tekstane hans handlar mykje om sjølvrealisering, sjølvakting, sjølvrefleksjon og det einskilde individet sin «transendens». Han fekk Nobelprisen i litteratur for 1946, og blei i 1954 tildelt ordenen Pour le Mérite.

Spesielt Der Steppenwolf blei ein internasjonal bestseljar – til dømes kalla eit populært amerikansk rockeband seg Steppenwolf. Hesse blei ein av dei mest omsette og leste tyskspråklege forfattarane og på verdsbasis var over 120 millionar bøker selde pr. 2007. To litteraturprisar er oppkalla etter Hesse, Calwer Hermann-Hesse-Preis og Hermann-Hesse-Preis som blir delt ut i Karlsruhe. Les meir …


Hogne (diskusjon) 28. februar 2013 kl. 12:57 (CET)[svar]
12 18. mar Åttekantkyrkje Forslag 1:
Sør-Fron kyrkje på Hundorp er ei åttekantskyrkje bygd i stein

Åttekantkyrkje eller oktogonal kyrkje er eitt kyrkjebygg der grunnplanet er ein rein oktogon, eller berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg for kor og våpenhus. Slike tilbygg kan gje heile bygget ei meir langstrakt form som ei langkyrkje. Det åttekanta grunnplanet gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn dei krossforma kyrkjene. Kyrkjeforma vart vanleg frå omkring 1700 med Hospitalskyrkja i Trondheim som den eldste. Det var innanfor Nidaros bispedømme åttekantforma først vart vanleg, og dei fleste åttekantkyrkjene var oppført av lafta tømmer.

Blant åttekantkyrkjene finn ein også nokre av dei største kyrkjebygga i Noreg, den største av dei er Røros kyrkje med 1640 sitjeplassar. Les meir …


Hogne (diskusjon) 28. februar 2013 kl. 12:37 (CET)[svar]
13 25. mar Arameisk Påsken

Forslag 1: Arameisk

Arameisk var truleg språket til Jesus

Arameisk er eit semittisk språk som er nært i slekt med fønikisk og hebraisk, og noko fjernare med arabisk. Arameisk skrift blei brukt til å utvikla andre skriftsystem, og har mellom anna gjeve opphav til hebraisk og arabisk.

Arameisk var daglegspråk i Judea under den andre tempelperioden (539 f.Kr.–70), og er brukt i fleire jødiske heilage tekstar. Det var truleg også språket til Jesus og dei han forkynde til. Arameisk var liturgispråk i tidleg kristendom, og ei form er framleis i bruk i syrisk kristendom. Moderne arameiske språk blir tala av spreidde grupper i Midtausten.

Frå 600-talet, då veksten til islam medførte spreiing av arabisk, blei arameisk i stor grad fortrengd av dette. Les meir …


~~ Hogne (diskusjon) 24. januar 2013 kl. 15:17 (CET)[svar]

14 01. apr Plog Forslag 1: Plog Ein flott, aktuell og jordnær artikkel!
Tre-skjers Kverneland løfteplog, med steinutløysar.

Plog er ein jordbruksmaskin som vert nytta for å snu torva, før det vert sådd eller planta. Føremålet med dette er å skjera av ugrasrøter og grava ned gamle planterestar for å unngå overføring av sjukdom til nye planter. Delvis nedbrotne planterestar frå tidlegare avlingar vert ført til overflate, der dei vert vidare brotne ned slik at næringsstoffa vert frigjorde og kan takast opp av nye planter. Bruk av tunge maskinar fører til at jorda vert pakka saman. Når torva vert snudd vert jorda løyst opp att og det kjem luft til, slik at bakteriane som bryt ned gamle planterestar får betre vilkår. Når torva vert snudd vert ho liggande i 45° vinkel og det vert ope rom under. Dette fører til at vatnet i staden for å renna av, sig ned i grunnen når det regnar. Dette gjer at jordsmonet syg til seg meir vatn, som røtene på plantene så kan suga til seg. Om ein spreier gjødsel før ein pløyer får ein molda gjødsla i same operasjonen.

Tidlegare vart plogar dregne av eit trekkdyr, som ofte var ein hest. I industrialiserte land vert det i dag berre nytta traktorplogar, men i mange utviklingsland vert det framleis nytta trekkdyr for pløying. Moderne traktorplogar er konstruerte for større fart enn hesteplogar og tidlege traktorplogar. Les meir …

15 08. apr Svartsvane Forslag 1:
Svartsvane Foto: Wikipedia-brukar: Fir0002

Svartsvane er ei svane og ein stor vassfugl i andefamilien. Arten hekkar hovudsakleg i søraustre og sørvestre regionar i Australia. Svartsvana vart jakta til utrydding på New Zealand, men vart seinare gjeninnført. Innanfor Australia er ho nomadisk, med uføreseielege vandringsmønster avhengige av klimatiske tilhøve. Svartsvaner er store fuglar med for det meste svart fjørdrakt og eit raudt nebb. Dei er monogame hekkefuglar der kjønna deler på rugeplikter og omsut for avkommet.

Svartsvaner kan opptre einskildvise, eller i lause grupper på hundrevis eller kanskje tusenvis av fuglar. Svartsvaner er populære fuglar i zoologiske hagar og fuglesamlingar, og nokre gonger finn ein rømlingar utanfor det naturlege utbreiingsområdet deira. Rømlingar kjem òg til Noreg, og somme parkar i landet har svartsvaner for pryd. Les meir

16 15. apr Birka Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 16, 2013
17 22. apr Waitangitraktaten Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 17, 2013
18 29. apr Døgnrytmesjukdom
Døgnrytmesjukdomar kan føre til søvn i arbeidstida.

Døgnrytmesjukdommar er ei gruppe lidingar som påverkar døgnrytmen, og er oftast sett på som ein type søvnforstyrring. Sjølv om søvnproblem kan vere dei mest merkbare av problemkomplekset, er det no klart at døgnrytmen omfattar mange fleire fysiologiske og åtferdsmessige faktorar enn som så, mellom anna syklusane til kroppstemperatur, appetitt og visse hormon. Menneske med døgnrytmesjukdommar kan ikkje sovne og vakne på tidspunkt som samfunnet krev for skule, arbeid og sosiale gjeremål. Med mindre dei har ei anna søvnsjukdom i tillegg, har dei søvn av normal kvalitet.

Det finst seks typar døgnrytmeforstyrringar, der to, jetlag og skiftarbeid-forstyrring, er påført utanfrå og ikkje livslange. Dei fire andre er kroniske, registrerte av ICD som Sjukdommar i nervesystemet'. Årsakene til søvnfaseforskyvingane er ikkje heilt klarlagde. Syndroma går i ein viss grad igjen i slekta og ser ut til å vere genetisk betinga (hPer2- og hPer3-genane). Noreg er eitt av dei landa som bidreg mest til forsking på området, mellom anna ved Universitetet i Bergen. Les meir …

19 06. mai Endurance-ekspedisjonen
«Endurance» vert skrudd ned i Weddellhavet.

Endurance-ekspedisjonen 1914–17 var ein ekspedisjon sett i gong og leia av Ernest Shackleton for å krysse det antarktiske kontinentet. Ekspedisjonen nytta to fartøy: «Endurance» med Shackleton til Weddellhavet og «Aurora» med Aeneas Mackintosh til Rosshavet.

«Endurance» vart fryst inne i isen i Weddellhavet og trass i forsøk på å frigjere henne dreiv ho heile vinteren 1915 nordover innhylla i is. Til slutt vart fartøyet skrudd ned av ismassane og knust, noko eit skipbroten mannskap på 28 menn som stod att på sjøisen vart vitne til. Etter å ha halde seg fleire månader på isen, kunne gruppa gå i livbåtane og nådde deretter den ugjestmilde og folketomme Elefantøya i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Shackleton og fem andre gjennomførde deretter ein seglas på 1300 kilometer til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird». Etter mykje om og men var Shackleton i stand til å berge resten av gruppa som venta på Elefantøya, utan at nokre menneskeliv hadde gått tapt. På den andre sida av kontinentet overvann Rosshavsgruppa store utfordringar for å gjennomføre oppdraget sitt. «Aurora» sleit seg frå fortøyinga under ein storm og var ute av stand til å vende tilbake, og etterlét seg dermed landgruppa utan naudsynt utstyr og proviant. Trass i dette makta dei å leggje ut depot, men tre liv gjekk tapt under oppdraget. Les meir …

20 13. mai Marisko Forslag 1: Kanskje vi skal markere 17. mai med Marisko, ho står knapt i blom enno men unge spira har kanskje vakna? Hogne (diskusjon) 30. april 2013 kl. 09:34 (CEST)[svar]
Marisko

Marisko er ein plante i orkidéfamilien som veks i heile Norden. Den er ikkje sjeldan, men freda i heile Noreg då den er avhengig av gamalskog for å vekse, og av di den vert mykje plukka.
 Blomen står på Norsk raudliste for trua artar på nivå NT (Nær Truga).

Den særprega utsjånaden har gjeve blomen fleire lokale namn i Noreg: Jomfru Maria gullsko (Etnedal, Lavangen), tøffel (Arendal), Olavsbolle (Fyresdal), Hellig Olavs tøffel (Troms), Marias bolle (Røyken) og bjønnsko (Hattfjord). Snåsa kommune har marisko på våpenskjoldet, medan marisko er fylkesblome for Nord-Trøndelag.

Ein marisko får som oftast ein eller to blomar, som blir rekna av fleire til å vere dei venaste viltveksande blomane i Noreg. Dei blir som regel 30-50 cm høge, og står i grupper på, frå nokon få til fleire titals individ. Les meir …

21 20. mai Vêrvarsling Forslag 1: Vêrvarsling:
Symbol for bygevêr nytta i vêrvarsling

Vêrvarsling er vitskapen om atmosfæren og bruken av modellar for å rekne seg fram til tilstanden til atmosfæren framover i tid på ein gitt stad eller eit gitt område. Enkelte av metodane som blir brukt i dag har vore i bruk i om lag 100 år, medan andre teknikkar og hjelpemiddel har kome til etter kvart. I dag består vêrvarsling av å samle så mykje data som mogeleg om den noverande tilstanden til atmosfæren (særleg temperatur, lufttrykk, fukt og vind), for så å bruke kunnskap om atmosfæriske prosessar (gjennom meteorologi) til å rekne ut korleis atmosfæren endrar seg i framover i tid. Sidan vêrsystema meir eller mindre er eit kaotiske system, og at sidan ein enno ikkje fullt ut forstår alle prosessane som er involvert, kan ein ikkje varsle vêret med stor visse for meir enn vanlegvis 5-6 dagar.

Det er lenge sidan ein oppdaga at atmosfæren er altfor avansert til å kunne følgje utan hjelp av kraftige datamaskinar. Nokre av dei kraftigaste datamaskinane i verda vert nytta til dette, men dei er likevel ikkje gode nok til at ein kan følgje vinden i kvar einaste dal og rundt kvart hushjørne, og det er her den menneskelege faktoren kjem inn og framleis spelar ei rolle. Vêrpresentatørar på TV, sjølv om dei er meteorologar eller ikkje, vidareformidlar informasjonen frå datamaskinane og gjer at kven som helst skal kunne forstå det. Les meir …

22 27. mai Jane Austen Forslag 1:Jane Austen:
Jane Austin ut fra ei skisse frå søstera, Cassandra Austen

Jane Austen (1775-1817) var ein britisk forfattar. Bøkene hennar var nyskapande innan romansjangeren, og er blitt klassikarar innan engelsk litteratur som stadig blir lesne og filma. Austen fortel tilsynelatande lette romantiske historier om heltinner som søker og får ektemenn. Stilen er humoristisk og lettlesen, med truverdige, runde hovudpersonar gjenkjennelege karikaturar som bipersonar. Austen er blitt elska for dei vakre skildringane av den øvre middelklassen i sine høflege samkomer og idylliske engelske landskap, men er også blitt kritisert for ikkje å ha lagt noko vekt på arbeidarar eller slavar som la grunnen for dette lettvinte livet. Annan litteraturkritikk har derimot hevda at Austen sine bøker i grunnen er ein kritikk av heile samfunnssystemet, og er særs treffande nett fordi han berre tek opp emne ho hadde god kjennskap til. Les meir …


Hogne (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 14:40 (CEST)[svar]
23 03. jun Hettittane Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 23, 2013
24 10. jun John Milton Forslag 1:
John Milton‎

John Milton (1608 - 1674) var ein engelsk diktar og politisk filosof. Som ein av dei første opplysingsfilosofane fekk han stor påverknad, men det stod òg mykje strid kring han. I ein av samtidas biografiar vart han omtala som «elska av mange, hata av nokre». Han har hatt stor påverknad på engelsk litteratur heilt fram til vår tid. Det episke diktet Paradise Lost («Det tapte paradiset») kjem frå Milton si penn.

Milton sitt verdssyn utvikla seg på bakgrunn av svært omfattande lesnad, reiser og personlege erfaringar heilt frå studiedagane på 1620-talet til den engelske revolusjonen. Milton døydde fattig og som ein marginal figur i Englands intellektuelle liv, men stod til siste slutt fast på dei politiske vala han gjorde, og var vidkjend over heile Europa. Les meir …


-- Hogne (diskusjon) 3. juni 2013 kl. 13:17 (CEST)[svar]
25 17. jun Skye Forslag:
Den gamle mannen på Storr på Skye.

Skye er den største og nordlegaste øya i Indre Hebridane i Skottland. Øya består av fleire halvøyar som går ut i forskjellige retningar frå dei fjellendte, indre områda, som er dominert av Cuillin-åsane.

På gælisk vert øya kalla An t-Eilean Sgiatheanach der sgiath tyder «med vengjer». Øya vert òg stundom kalla Eilean a' Cheò – «Den tåkete øya». På norrønt heiter øya Skið. Det norrøne namnet kan like gjerne vere ei endring av det opphavlege piktiske namnet som er nedskrive i romerske kjelder som Scitis (Ravenna Kosmografi) og Scetis (på kart hos Klaudios Ptolemaios). Nokre segner assosierte øya med den mytiske figuren Scáthach. Norrønt språk var dominerande på øya fram til 1400-talet.

Øya har litt over 9000 innbyggjarar. I motsetnad til mange av dei andre skotske øyane har folketalet auka noko dei siste åra. Om sommaren kjem mange turistar og vitjande til øya. Hovudnæringane er turisme, jordbruk, produksjon av whisky, bryggeri og handverk. Den viktigaste byen og hovudstaden på øya er Portree som er kjent for den vakre hamna og skrikande måsar.

Skye er kjent for det vakre landskapet, den levande kulturen og arva, samt det rike dyrelivet med kongeørn, hjort og oter. Les meir …


-- Hogne (diskusjon) 10. juni 2013 kl. 08:52 (CEST)[svar]

God idé, men artikkelen treng ein liten finpuss.--Ranveig (diskusjon) 10. juni 2013 kl. 10:44 (CEST)[svar]
26 24. jun Makrell ==Forslag 1==
Makrell

Makrell (Scomber scombrus) er ein pelagisk rovfisk som er vanleg i nordvestlege delar av Atlanterhavet og i Middelhavet. Han høyrer til mellom dei mest populære fiskane i Sør-Noreg, både som sportsfisk, mat og som eit teikn på sommar. Dei sym i stim og jagar i flokk.

Makrellen er lett å kjenne att. Kroppen er kraftig og spoleforma med kvit buk og mørk rygg med blå og grøne fargeteikningar. Skjela er små og fell lett av, noko som gjer at fiskeskinnet kjennest særs mjukt. Makrellen har to ryggfinnar og ein gattfinne som går parallelt med den bakste av ryggfinnane. Halefinnen er djupt kløfta med ti småfinnar ved halerota. Det er observert makrell på opptil 70 cm, men dei fleste vert ikkje meir enn 40 cm og 700 g. Les meir …


--Ranveig (diskusjon) 12. juni 2013 kl. 11:03 (CEST)[svar]

Bra forslag! ~ Hogne (diskusjon) 14. juni 2013 kl. 13:37 (CEST)[svar]
27 01. jul Heinrich Schütz == Forslag 1 ==
Heinrich Schütz frå ca 1660, Christoph Spetner

Heinrich Schütz (1585-1672) var ein tysk barokk-komponist og organist.

Schütz vert rekna som den største tyske komponisten før Bach, og er ved sidan av Claudio Monteverdi ein av dei viktigaste komponistane på 1600-talet. Ein reknar med at Schütz skreiv den første tyske operaen, Dafne, som vart oppført i 1627.

Trettiårskrigen, fleire pestepidemiar og sosiale omveltingar prega mykje av den skapande perioden til Schütz. Han byrja karrieren med å skrive store fleirkorsverk inspirert av venetiansk stil, men etter kvart som tilhøva for kulturell utfolding forverra seg vart han tvungen til å skrive mykje av musikken sin for små ensemble.

Det meste av det som er bevart etter Schütz, er vokal kyrkjemusikk. Han var ein av dei beste organistane på tida, men det finst ikkje bevart rein instrumentalmusikk etter han, heller ikkje verdsleg musikk. Det var berre kyrkjemusikken hans som vart publisert, men sjølv om ein tar omsyn til verk som berre er kjent frå biblioteksoppteikningar og andre kjelder finn ein hovudsakleg vokalverk, så truleg var ikkje instrumentalmusikk hovudoppgåva under den lange gjerninga hans som kapellmeister ved hoffet til kurfyrsten i Dresden. Les meir …

28 08. jul Vestlandet == Forslag 1: Tema i sommar: Vestlandet ==

~~ Hogne (diskusjon) 24. juni 2013 kl. 11:57 (CEST)[svar]

Spanande prosjekt. Dei tre siste artiklane er flotte, men Vestlandet treng som du nemner meir innhald. Om du ikkje kjem i mål kan me likevel velja dei andre. --Ranveig (diskusjon) 24. juni 2013 kl. 13:57 (CEST)[svar]
29 15. jul Kvinnherad kommune == Forslag 1: Tema i sommar: Vestlandet ==

~~ Hogne (diskusjon) 24. juni 2013 kl. 11:57 (CEST)[svar]

30 22. jul Stavanger == Forslag 1: Tema i sommar: Vestlandet ==

~~ Hogne (diskusjon) 24. juni 2013 kl. 11:57 (CEST)[svar]

31 29. jul Hardangerdialekt == Forslag 1: Tema i sommar: Vestlandet ==

~~ Hogne (diskusjon) 24. juni 2013 kl. 11:57 (CEST)[svar]

Eg støttar iallfall opp om forslaget! Men eg har eitt spørsmål før denne hamnar på framsida. Det gjeld desse lydfilene med dialekt-klipp som eg har teke med i Hardingdialekt. Lydfilene er henta frå artikkelen Norske dialektar, som listar opp mange slike lydfiler, men som berre har brukt ei av NTNU sine nettsider som kjelde. Veit nokon kva slags lisens desse lydklippa har? Med andre ord, er me sikre på at me har me lov til å bruka dei? HallvardLid (diskusjon) 12. juli 2013 kl. 12:29 (CEST)[svar]
Eg har ikkje sjekka alle filene, men på filskildringssidene ser dei fleste ut til å ha blitt tekne opp av ein flittig wikipedianar som har reist land og strand rundt med opptaksutstyr. Det burde altså ikkje vera noko problem. --Ranveig (diskusjon) 12. juli 2013 kl. 13:23 (CEST)[svar]
Flott! Eg ser no at dei også er bruk på bokmålswiki, m.a. i artiklane Voss kommune og Hardanger. HallvardLid (diskusjon) 12. juli 2013 kl. 13:27 (CEST)[svar]
32 05. aug Nynorsk Måndag 5.8. er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. --Knut (diskusjon) 14. november 2012 kl. 20:44 (CET)[svar]
Bokmål har allereie velt han ut til vekesartikkel, flott! Andre forslag? --Ranveig (diskusjon) 30. juli 2013 kl. 10:33 (CEST)[svar]
Kva med rett og slett Nynorsk? Artikkelen treng litt omsorg, men det er også på høg tid at han får! Hogne (diskusjon) 30. juli 2013 kl. 15:16 (CEST)[svar]
Jag ser att artikeln ännu inte är tillverkad. Vi kommer att ha den på vår svenska huvudsida om fyra dagar. Är den klar då? Allt gott.--Paracel63 (diskusjon) 2. august 2013 kl. 15:54 (CEST)[svar]
Takk!--Paracel63 (diskusjon) 5. august 2013 kl. 03:13 (CEST)[svar]
33 12. aug Santoríni ==Forslag 1==

Santoríni? Fin artikkel. --Ranveig (diskusjon) 5. august 2013 kl. 09:49 (CEST)[svar]

34 19. aug Larvikitt Forslag 1: Larvikitt Hogne (diskusjon) 9. august 2013 kl. 15:54 (CEST)[svar]
Den best kjende bygningen der larvikitt er nytta er hovudkvarteret til dei Sameinte Nasjonar.

Larvikitt er ein monzonittisk djuperuptiv bergart som er kjent for sitt vakre fargespel. Larvikitt er Noregs viktigaste naturstein som blir utvunnen i stor skala. Steinbrota ligg hovudsakleg i Larvik i Vestfold og litt inn i Porsgrunn i Telemark. Den blir brukt til fasadar, gravmonument, benkeplater, fliser og liknande over heile verda. Som handelsvare blir den ofte marknadsført under namn som Lys labrador, Mørk labrador, Blue pearl, Emerald pearl og liknande, og er blitt ein viktig eksportartikkel. I 2005 blei det eksportert larvikitt for 660 millionar kroner. Larvikitt vart i februar 2008 kåra til nasjonalbergart for Noreg. Les meir …

35 26. aug Kylie Minogue Forslag 1: Kylie Minogue :
Minogue i Filmfestivalen i Cannes, 2007

Kylie Minogue (f. 1968) er ein australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho slo gjennom som musikar i 1987 med songen «I Should Be So Lucky», og regjerte på hitlistene på slutten av 1980-talet. Før ho slo igjennom som songar hadde ho livnært seg som skodespelar i den australske såpeoperaen Neighbours.

Kylie Minogue har selt over 68 millionar album og 55 millionar singlar på verdsbasis. Ho har motteke høgthengande prisar, blant anna fleire ARIA Award og Brit Award. I 2008 vart ho utnemnt til offiser av Order of the British Empire for det langvarige arbeidet sitt med musikk. Les meir …


~~ Hogne (diskusjon) 12. august 2013 kl. 09:15 (CEST)[svar]
36 02. sep Gibraltarsundet ==Forslag 1==

Gibraltarsundet? Interessant artikkel, og Gibraltar er jo litt i vinden for tida. --Ranveig (diskusjon) 18. august 2013 kl. 23:40 (CEST)[svar]

God idé, fin artikketl! Hogne (diskusjon) 22. august 2013 kl. 10:52 (CEST)[svar]

Gibraltarsundet sett frå verdsrommet.
Gibraltarsundet er eit sund mellom Atlanterhavet og Middelhavet som skil Spania frå Marokko. På det smalaste er det berre 14,24 km (7,7 nautiske mil) mellom Europa og Afrika.

For rundt 5,9 millionar år sidan, lukka opningen mellom Middelhavet og Atlanterhavet. I løpet av berre nokre få tusen år fordampa det meste av vatnet i Middelhavet. For om lag 5,33 millionar år sidan, vart opningen mellom Middelhavet og Atlanterhavet opna igjen. Ein meiner at sundet igjen vil lukke seg sidan den afrikanske plata pressar på nordover og at dette vil skje i geologisk sett nær framtid. Les meir …


37 09. sep Den store nordiske krigen Forslag 1: Den store nordiske krigen På valdagen er norsk historie relevant, på ein måte? Hogne (diskusjon) 28. august 2013 kl. 09:33 (CEST)[svar]

Den store nordiske krigen (1700–1721) var ein storkrig der ein koalisjon av mange statar klarte å stå imot den svenske overmakta nord i Sentral- og Aust-Europa.

Nokre av dei viktigaste hendingane i krigen var freden i Traventhal og slaget ved Narva i 1700, slaget ved Poltava i 1709, at Karl XII av Sverige vart drepen i Fredriksten i 1718 og den karolinske dødsmarsjen i 1719. Det er estimert at 200 000 svenskar, 75 000 russarar, 60 000 danskar/nordmenn og 14–20 000 polakkar mista livet i krigen.

Krigen enda med nederlag for Sverige, og Russland vart den nye stormakta i Austersjøen og ei viktig brikke i europeisk politikk. I Sverige hadde eineveldet kome til ein slutt då Karl XII døydde og fridomstida starta. Les meir …


38 16. sep Den karolinske dødsmarsjen Forslag 1: Vi fortsett med den store nordiske krigen og skriv om Den karolinske dødsmarsjen.

Hogne (diskusjon) 9. september 2013 kl. 12:27 (CEST)[svar]

39 23. sep Denis Papin Forslag 1:
Robert Boyle og Denis Papin inspiserer «le digesteur».

Denis Papin (1647 - 1712) var ein fransk matematikar, fysikar og oppfinnar. Han er kjent for å ha funne opp og laga damdrivne pumper, ei dampmaskin, ein hjuldampar, ein undervassbåt, ein trykkokar, pluss ei rekkje andre oppfinningar.

Denis Papin vart fødd i nærleiken av Blois i Frankrike. Papin var kalvinist og på grunn av ediktet i Nantes flytta han rundt 1675 til London. Han hadde med seg ei tilråding frå Christiaan Huygens og fekk arbeid hjå Robert Boyle, som skjøna at Papin ville verta ein verdifull assistent i samband med studiar av eigenskapane til luft han arbeidde med. Det tok ikkje lang tid før Papin hadde konstruert både nytt utstyr for å generera vakuum og ein rakettmotor som nytta komprimert luft.

I 1679 hamna ei av oppfinningane til Pain, som han kalla «le digesteur» (fordøyaren), i rampelyset. Det var ein kraftig støypejarnsylinder som, på grunn av han var utstyrt med sikkerheitsventill, kunne settast under damptrykk utan at det var fare for at han eksploderte. Dette apparatet som i dag, avhengig av bruksområdet, vert kalla autoklav, gjorder det mogleg for Papin å utføra ein heil serie med ulike eksperiment ved trykk opp til 0,8 til 1 MPa, som i samtida vart rekna som svært høge trykk. Les meir …



~~ Hogne (diskusjon) 16. september 2013 kl. 12:22 (CEST)[svar]
40 30. sep Dvergfotingar ==Forslag 1: Dvergfotingar ==

På tide med eit... dyr?

Forslag 2: Runde endre

Fin arikkel om sunnmørsøy. Bør oppdaterast og gjerne tilførast kjelder, men har fine illustrasjonar.

--Ranveig (diskusjon) 22. september 2013 kl. 15:10 (CEST)[svar]

Fint, vi viser Dvergfotingar i veke 40 og Runde i veke 41! Hogne (diskusjon) 23. september 2013 kl. 09:43 (CEST)[svar]
41 07. okt Runde Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 41, 2013
42 14. okt Skatt ==Forslag 1: Orlando di Lasso ==

Tilfeldig vald komponist frå Kategori:Moglege framsideartiklar. Lang artikkel med kjelder, ingen raudlenkjer i innleiinga. --Ranveig (diskusjon) 7. oktober 2013 kl. 11:14 (CEST)[svar]

Forslag 2: Skatt endre

Sidan statsbudsjettet vert lagt ut denne veka. Hogne (diskusjon) 7. oktober 2013 kl. 17:37 (CEST)[svar]

43 21. okt Orlando di Lasso Rannveig foreslo for veke 42:

Tilfeldig vald komponist frå Kategori:Moglege framsideartiklar. Lang artikkel med kjelder, ingen raudlenkjer i innleiinga.


Kan vi ta denne i veke 43?
~ Hogne (diskusjon) 9. oktober 2013 kl. 11:01 (CEST)[svar]
44 28. okt Tussmørker Forslag 1: Tussmørker
Tussmørker ein ettermiddag vinterstid på Røros.

Tussmørker er ei nemning for lyset før solrenning eller etter soleglad når sollyset vert spreidd og reflektert av gass og støv i den øvre atmosfæren og lyser opp den lågare atmosfæren og overflata på jorda. På norsk heiter det ofte skyming eller skumring om kveldsmørket og dagning eller grålysing om daggryet.

Halvmørkret skaper ei særeigen trolsk stemning, men i ny tid er tussmørkret, i staden for å vera tida då ein synest ein ser tusser, vorte tida då det vert tend elektrisk lys overalt. I norsk tradisjon er «å halde skyming» å sitje og kvile innomhus utan tende lys, før det vert så mørkt at ein må kveikje lys for å få gangsyn.

I Arktis og Antarktis kan tussmørkret vare fleire timar (på polane om lag ein månad etter sola har gått ned for vinteren, eller før ho står opp for sommaren), medan ein på ekvator kan gå frå dag til natt på berre 20 minutt. Les meir …

45 04. nov Bratislava Forslag 1 Tema i November: Hovudstadar i Europa

~ Hogne (diskusjon) 28. oktober 2013 kl. 09:54 (CET)[svar]

God idé, det gjer me. Kan gjerne fylla på med artiklar ut året òg. --Ranveig (diskusjon) 29. oktober 2013 kl. 11:58 (CET)[svar]
Selma Lagerlöf i Veke 47 er ein god idé. OK med Kiev i veke 48 og Helsingfors i veke 49?? Hogne (diskusjon) 30. oktober 2013 kl. 15:02 (CET)[svar]
46 11. nov Chişinău
Chişinău

Chişinău eller Kisjinjov er hovudstaden, den største byen og industrielt og kommersielt sentrum i Moldova. Han ligg om lag midt i landet ved elva Bîc. Økonomisk er byen den mest velståande i Moldova og eit trafikknutepunkt for regionen. Som den viktigaste byen i Moldova har Chişinău ei rekkje utdanningsinstitusjonar. Chişinău er ein av dei byane i Europa med flest grøntareal. Les meir …

Chişinău vart grunnlagd som ein klosterby i 1436 og vart ein del av fyrstedømet Moldavia, som på byrjinga av 1500-talet vart underlagt Det osmanske riket. På byrjinga av 1800-talet var han ein liten landsby med rundt 7 000 innbyggjarar. I 1812 vart han ein del av Det russiske keisardømet, som gjorde han til hovudstad i det nyleg annekterte Bessarabia gubernija. Folketalet voks til 92 000 i 1862 og til 125 787 i 1900. Les meir …

47 18. nov Selma Lagerlöf == Forslag 1: Selma Lagerlöf ==

Selma blir 155 denne veka! --Ranveig (diskusjon) 7. oktober 2013 kl. 11:31 (CEST)[svar]

48 25. nov Kiev Forslag 1 Tema i November: Hovudstadar i Europa fortsetter:

Hogne (diskusjon) 18. november 2013 kl. 08:40 (CET)[svar]

49 02. des Helsingfors Forslag 1 Tema i November: Hovudstadar i Europa fortsetter:

Hogne (diskusjon) 18. november 2013 kl. 08:44 (CET)[svar]

50 09. des Angelsaksisk litteratur Tør vi vere litt sjølvhøgtidelege på slutten av 2013:

Veke 50:

Utsnitt frå Beowulf

Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, omfattar litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i 1066. Tekstane dekker sjangrar som episke og kortare dikt, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og anna. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg korpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.

Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn tilsaman 30 000 diktlinjer. Les meir …


Veke 51:

Romansk dør og bogar i Jakobskyrkja frå 1100-talet i Aubeterre-sur-Dronne i Charente i Frankrike.

Romansk stil er eit lite presist kunsthistorisk omgrep som vert nytta om den før-gotiske arkitekturen, skulpturen og biletkunsten i Vest-Europa, og har såleis med ein fase av mellomalderens kunst å gjere.

Den romanske arkitekturen og kunsten som er teke vare på fram vår tid er hovudsakleg avgrensa til religiøse bygningar, som kyrkjer og kloster og ruinar av slike, og til gjenstandar som har vore eller framleis er knytt til religionsutøvinga. Men somme døme på borgar og slott i romansk stil finst òg, og syner at romansk arkitektur ikkje utelukkande hadde religiøse føremål. Ofte vert den romanske byggjestilen kalla rundbogestil, ettersom dei romanske bygningane er kjenneteikna av at bogar i halvsirkelform, runde bogar, vert nytta som berande spenn over opningar i veggar eller mellom søyler, og at steinkvelva over kyrkjeromma gjerne er forma som halve sylindrar, såkalla tønnekvelv, eller som krysskvelv samansett av seksjonar forma som halve sylindrar. Les meir …


~ Hogne (diskusjon) 28. november 2013 kl. 10:35 (CET)[svar]
Gjerne for meg! HallvardLid (diskusjon) 28. november 2013 kl. 11:41 (CET)[svar]
51 16. des Romansk stil Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 51, 2013
52 23. des Gosforthkrossen == Forslag 1: Gosforthkrossen ==

Grundig artikkel om eit kristent symbol med norrøne innslag. Passar utmerka til jul. --Ranveig (diskusjon) 7. oktober 2013 kl. 11:26 (CEST)[svar]

1 30. des Newtons rørslelover Forslag 1: Newtons rørslelover
Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar på ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen. Skøyteløparane vil begge skli bakover når den eine skyver den andre.

Newtons rørslelover er tre fysiske lover som i lag legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Dei skildrar forholdet mellom ein lekam og kreftene som verkar på han, og rørsla desse kreftene skapar. Dei har vorte formulerte på mange måtar i løpet av dei nesten 300 åra sidan Isaac Newton først formulerte dei, og kan oppsummerast som følgjer:
1. Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.
2. Newtons andre lov: Akselerasjonen til ein lekam er direkte proporsjonal til, og same retninga, som nettokrafta som verkar på lekamen og omvendt proporsjonal til massen til lekamen. Det vil sei at F = ma, der F er nettokrafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.
3. Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.

Dei tre lovene vart først nedskriven av Isaac Newton i hans Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica (Matematiske prinsipp i naturfilosofien), som først vart publisert i 1687.

Den newtonske mekanikken er i dag erstatta av spesiell relativitet, men er framleis nyttig som ei tilnærming når hastigheitene som er involvert er mykje mindre enn lysfarten. Les meir …