Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2016

Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021



I dag er det fredag, 26. februar 2021Oppdater sida


2016-kalender med mulige emne for Utvald artikkelEndra

Om status for kvar artikkel, sjå Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatar.

Veke Frå dato Artikkel Anna
1 04. jan «Fram» Forslag 1: 2015. Skal vi ha ein god artikkel om 2015, må han vere klar 4. januar 2016, eller? Hogne (diskusjon) 18. desember 2015 kl. 12:46 (CET)
Det hadde vore fint, men det er mykje arbeid å laga ein så kort artikkel om til framsidestoff. 1. januar hadde kanskje vore betre å jobba med? Eg kjem ikkje til å ha internettilgang ei stund, så det får bli opp til deg og eventuelle gode hjelparar! --Ranveig (diskusjon) 19. desember 2015 kl. 09:36 (CET)
2 11. jan Sichuan Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 2, 2016
3 18. jan David Bowie Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 3, 2016
4 25. jan Israelsk geografi Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 4, 2016
5 01. feb Trål Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 5, 2016
6 08. feb Ladoga

Ladoga er den største innsjøen i Europa og den 14. største i verda ut frå areal. Innsjøen ligg i Karelia og Leningrad oblast nordvest i Russland, ikkje langt frå St. Petersburg og har eit areal på 17 891 km². Han er 219 km lang frå nord til sør og har ei gjennomsnittleg breidde på 83 km. Han er i snitt 51 meter djup og på det djupaste, i nordvest, om lag 230 meter. Nedslagsfeltet hans er 276 000 km². Det er om lag 660 øyar i Ladoga, med eit totalt areal på 435 km². Overflata ligg om lag 5 meter over havet.

Det karelske neset ligg mellom innsjøen og Austersjøen og han drenerer ut i Finskebukta via elva Neva. Ladoga er farbar og er ein del av Volga-Austersjøkanalen som går frå Austersjøen til elva Volga. Ladogakanalen går i den sørlege delen og knyter Neva til Svir.

Ladoga har eit rikt fiskeliv. Det er tald 48 fiskeartar i innsjøen, som mort, brasme, sandart, åbor, hork, ein endemisk variant av nors, to artar av lagasild, åtte artar sik, fleire andre laksefiskar, og stundom den utryddingstrua støren. Kommersielt fiske var ein gong ein stor industri, men er vorte råka av overfiske. Det finst ein eigen underart av ringsel i innsjøen, kalla ladogasel. Les meir …

7 15. feb Kagu Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 7, 2016
8 22. feb India Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 8, 2016
9 29. feb Raudrev Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 9, 2016
10 07. mar Quneitra Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 10, 2016
11 14. mar Klapping

Klapping er det å slå handflater mot kvarandre slik at dei lagar lyd. Klapping kan brukast til kommunikasjon, som perkusjonsinstrument, ein del av leik eller dans, og er gjerne ein viktig del av applaus.

Det finst mange ulike måtar å klappa på. Ein kan variera lydbildet ved å slå hole eller flate handflater mot kvarandre, slå handflate mot handbak, eller ved å klappa ulike delar av handa mot kvarandre. Ein kan klappa hendene saman framfor kroppen eller ansiktet, men også over hovudet eller bak ryggen.

Verdsrekorden for raskaste klapping har Eli Bishop frå Boston i USA, som klappa 1020 gonger i minuttet. Les meir …

12 21. mar Den siste nattverden Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 12, 2016
13 28. mar Påskeopprøret i 1916 ==Forslag 1==

Påskeopprøret i 1916. Ikkje ein perfekt artikkel, men opprøret har jubileum no. --Ranveig (diskusjon) 26. mars 2016 kl. 15:54 (CET)

14 04. apr Heimaey Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 14, 2016
15 11. apr trenagle Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 15, 2016
16 18. apr Georg Trakl Er Ragnar Hovland-artikkelen eigentleg god nok til å vera framsideartikkel? Han er merka som ei spire. --Ranveig (diskusjon) 13. april 2016 kl. 13:30 (CEST)

Samd. Utan at eg har noko i mot Ragnar Hovland så finst det vel nok av lengre artiklar med meir innhald å velje mellom. Med mindre nokon tek på seg å utvide Hovland-artikkelen monaleg til over helga, sjølvsagt. --Lurveleven (diskusjon) 13. april 2016 kl. 20:11 (CEST)

Eg har bytta ut med ein annan litterær artikkel, Georg Trakl (morosamt samantreff). Hovland kan kanskje få ein betre artikkel og framsida i gåve til bursdagen sin neste år, då feirer han rundt tal. --Ranveig (diskusjon) 14. april 2016 kl. 08:11 (CEST)
Godt val! 15. april 2017 er påskeaften. Eg set difor inn Ragnar Hovland opp veka før påske. Hogne (diskusjon) 15. april 2016 kl. 15:04 (CEST)
Neimen så kjekt! Så får vi vonleg utvida artikkelen om Ragnar Hovland noko innan han fyller år att til neste år.--Lurveleven (diskusjon) 15. april 2016 kl. 16:33 (CEST)
17 25. apr Saudi-Arabia Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 17, 2016
18 02. mai Sergej Rakhmaninov Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 18, 2016
19 09. mai Tor Jonsson Tor Jonsson blir 100 år snart. Enno er artikkelen berre ei spire. Men det er vår og grotid ... --Knut (diskusjon) 14. april 2016 kl. 18:13 (CEST)
Har luka litt og planta litt. Men enno kan mykje gjerast betre. Og så skulle vi så gjerne hatt eit bilete av mannen med dei runde brillene! --Knut (diskusjon) 18. april 2016 kl. 21:19 (CEST)
Mannen er viktig og artikkelen er bra og eg er samd i at vi vel han ut til veka. Tidlegare fekk vi teikna portrett av personar vi mangla bilete av. Men er det framleis nokon som kan teikne her inne? Hogne (diskusjon) 2. mai 2016 kl. 13:18 (CEST)
Er det eit alternativ å spørje Tor Jonson-laget på torsbruo@gmail.com eller andre etter foto? Eg har så lite vett på det med aktuelle lisensar. Men kanskje dei er interessert i PR rundt mannen, og har eit foto som dei kan frigje? --Knut (diskusjon) 7. mai 2016 kl. 15:45 (CEST)
Trur me skal vera forsiktige med å spørja organisasjonar om frigjeving, det kan det lett bli krøll av. Svært ofte er det berre opphavsmannen som kan frigje. --Ranveig (diskusjon) 7. mai 2016 kl. 16:21 (CEST)
20 16. mai Stavkyrkje Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 20, 2016
21 23. mai Sjømerke Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 21, 2016
22 30. mai Diego de Almagro Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 22, 2016
23 06. jun Dei joniske øyane Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 23, 2016
24 13. jun Aurlandsdalen Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 24, 2016
25 20. jun Mynde Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 25, 2016
26 27. jun Den spanske arvefølgjekrigen Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 26, 2016
27 04. jul Sandy Denny Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 27, 2016
28 11. jul Granitt Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 28, 2016
29 18. jul Bjarne Kolbeinsson Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 29, 2016
30 25. jul Senja Forslag 1: Senja Den nest største øya på det norske fastlandet. Populært reisemål om sommaren. Artikkelen treng litt omsyn, men eg har ambisjonar om å utvide artikkelen med informasjon henta frå lokale bøker no etterkvart. Dette usignerte innlegget vart skrive av Bjarkan (diskusjon · bidrag)
Godt forslag. Artikkelen er til naud god nok til å koma på framsida som han er, men i utbetra tilstand vil han vera ein pryd. --Ranveig (diskusjon) 6. juli 2016 kl. 15:45 (CEST)

Senja er ei øy i Troms fylke. Med eit areal på 1586,3 km² er ho den nest største øya i fasrtlands-Noreg, etter Hinnøya.

Øya har i underkant av 8000 innbyggjarar og er delt mellom kommunane Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik, den siste dekker òg noko av fastlandet. Det største fiskeværet på øya er Gryllefjord, som sommarstid har ferjesamband til Andøya i Vesterålen. Flest innbyggjarar finn ein langs Gisundet på innsida av øya. Her ligg òg den største tettstaden, Silsand. Det største fiskeværet er Gryllefjord i Torsken kommune, som sommarstid har ferjesamband med Andøya i Vesterålen. Dei som bur på Senja har i dag ferjefritt vegsamband til fastlandet med Gisundbrua over Gisundet til Finnsnes.

Senja var òg namnet på det gamle futedømet som fram til 1894 omfatta dagens Sør-Troms. Les meir …

31 01. aug Republikken Venezia Aleutane, Republikken Venezia eller noko anna? --Ranveig (diskusjon) 26. juli 2016 kl. 12:58 (CEST)
32 08. aug Aleutane Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 32, 2016
33 15. aug Villsvin Forslag :

Villsvinet er eit svin som lever vilt i størsteparten av Europa og Asia, og delar av Nord-Afrika. Det liknar på sin etterkommar grisen, men dei er meir hårete og mindre feite. I Noreg førekjem dei berre som streifdyr frå forvilla svenske bestandar, og jakt på dei er tillete heile året.

Villsvinet er tett bygd med korte bein og eit stort hovud. Vinterpelsen er tjukk, og dekker heile kroppen unnteke delar av hovudet og beina. Fargen varierer både med utbreiingsområdet, men er som regel mørk grå til brun. Om våren skiftar dei til den mykje tynnare sommarpelsen over ei periode på tre månadar, før vinterpelsen nesten umiddelbart tek til å veksa ut att. Ungane har lyse, langsgåande striper. Hovudet er avlangt, med hjørnetenner omdanna til karakteristiske støyttenner. Desse krummar seg og vert som regel ikkje lengre enn 20 cm hjå hannar, men eksemplar med 30 cm lange støyttenner er heller ikkje uvanleg.

Storleiken til villsvina varierer mykje med kvar bestanden heldt til. I Kaukasus kan hannar bli så mykje som to meter lange og med masse opp til 200 kg. I 2015 vart det i Sverdlovsk oblast i Russland skote eit villsvin med ein masse på over 500 kg. Les meir …

34 22. aug Nasjonalparkar i Noreg Forslag 1:

Nasjonalparkar i Noreg utgjer 44 nasjonalparkar, derav 37 nasjonalparkar som ligg i fastlands-Noreg og 7 nasjonalparkar som ligg på Svalbard.

I Noreg er nasjonalparkar rekna som ei middels streng verneform. Eit svakare vern er landskapsvernområde, medan eit strengare vern blir kalla naturreservat. I motsetnad til landskapsvernområde og naturreservat, dekker nasjonalparkar til vanleg eit stort område. Nasjonalparkar kan femne store fjellområde, øyar og dalar eller liknande.

De fyrste nasjonalparken i Noreg var Rondane nasjonalpark, som vart oppretta i 1962. Per august 2013 har fastlands-Noreg 37 nasjonalparkar med eit samla areal på 25 000 km², medan Svalbard har 7 nasjonalparkar på til saman 14 500 km². Dermed er 7 % av fastlandet i Noreg og 24 % av Svalbard verna som nasjonalpark. Les meir …

Dette usignerte innlegget vart skrive av Bjarkan (diskusjon · bidrag)

Eit greitt utgangspunkt, særleg sidan me har artiklar om dei fleste nasjonalparkane. Men artikkelen kunne kanskje hatt meir tekst, anten frå nb: igjen, eller kanskje noko sjølvskrive? --Ranveig (diskusjon) 6. juli 2016 kl. 15:49 (CEST)
35 29. aug Charles-Valentin Alkan

Charles-Valentin Alkan (1813—1888) var ein fransk-jødisk komponist og ein av dei største pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er mellom dei vanskelegaste som nokon gong er skrivne og blir relativt sjeldan oppført.

Alkan vart fødd som eitt av dei seks borna (fem brør og ei søster) i Paris. Alkan var eit vidunderbarn. Han byrja studera piano og orgel da han var seks år gammal. Sitt opus 1 fekk han utgjeve i 1828, da han var 14 år gammal. Musikken hans krev ein slåande og mesta umenneskeleg virtuositet frå utøvaren. Eit av dei mest spela stykka hans i dag er den bisarre «Marche funebre sulla morte d’un papagallo» («Sørgjemarsj over ei papegøyes død»). Les meir …

36 05. sep Den britiske koloniseringa av Amerika Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 36, 2016
37 12. sep Johann Friedrich Struensee Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 37, 2016
38 19. sep Kondensasjonskjerne Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 38, 2016
39 26. sep Ingeborg Bachmann Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 39, 2016
40 03. okt Daudehavet Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 40, 2016
41 10. okt Kvalar Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 41, 2016
42 17. okt Bohemian Rhapsody Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 42, 2016
43 24. okt Telemark bataljon Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 43, 2016
44 31. okt Anatomiske retningsskildringar Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 44, 2016
45 07. nov Suprematisme Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 45, 2016
46 14. nov Dobbeltstjerne Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 46, 2016
47 21. nov Maurfuglar Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 47, 2016
48 28. nov Mary Jane «Mae» West Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 48, 2016
49 05. des Like a Rolling Stone Denne Nobelveka kunne det passa å velja ut ei Bob Dylan-album, til dømes Highway 61 Revisited. Artikkelen har ingen illustrasjon, men me kan kanskje bruka eit bilde av vegen. --Ranveig (diskusjon) 31. oktober 2016 kl. 12:32 (CET)
50 12. des Julepynt Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 50, 2016
51 19. des Jerusalem Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 51, 2016
52 26. des Kommunevåpen i Noreg Framlegg 1: Kommunevåpen i Noreg. Når vi går inn i 2017, slår dei første tre kommunane (Andebu, Sandefjord og Stokke) seg saman som del av kommunereforma. Fleire vil følgje i 2018. Då passar det kanskje å vise fram dei norske kommunevåpena før nokre av dei etter kvart sluttar i bli brukt. Artikkelen manglar brødtekst, men mykje relevant stoff kan hentast frå mellom anna nb:Regler for norske kommunevåpen, Store Norske Leksikon og desse sidene frå Riksarkivet.
Godt forslag. Støtt kommunevåpena! --Ranveig (diskusjon) 30. august 2016 kl. 13:59 (CEST)
1 02. jan (2017) Syria Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 1, 2017