Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 11, 2014

Russiske svartehavsflåten ved slaget ved Sinope, 1853

Krimkrigen var ein krig utkjempa frå 1853 til 1856 mellom Russland på den eine sida og eit forbund mellom Frankrike, Storbritannia, Sardinia-Piemonte og Det osmanske riket på den andre. Krigen har namn etter Krimhalvøya, der dei fleste slaga stod, men det blei også kjempa vest i Tyrkia, i Austersjøen, Kvitehavet og i det russiske fjerne Austen.

Krigen slutta med russisk nederlag ved Sevastopol den 11. september 1855. Tsar Aleksander II, som hadde overteke styret då faren Nikolai I døydde 2. mars, underskreiv fredsavtalen ved Paris-kongressen den 30. mars 1856.

Blant dei best kjende hendingane under krigen er det fåfengde åtaket til den lette brigaden frå den britiske hæren, som blei vidkjend mellom anna gjennom Alfred Tennyson sitt dikt «The Charge of the Light Brigade». Krimkrigen var også eit ledd i utvikling av moderne krigføring, gjennom taktisk bruk av jernbane og telegraf, sjukepleie, gjennom arbeidet til Florence Nightingale og Mary Seacole, og nyhendereportasje gjennom krigskorrespondentar og fotografar. Les meir …