Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 12, 2016

Den siste nattverden i ei utskjering av Gil de Siloé i eit spansk kloster frå 1400-talet i Burgos. I denne senen ser ein Jesus, elleve disiplar, Maria Magdalena som vaskar føtene hans, og hovudet til Johannes døyparen

Den siste nattverden viser til det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine før krossfestinga. Han delte då brød og vin med dei, og innstifta med dette den kristne nattverden. Handlinga blir særleg minna på skjærtorsdag i påskeveka, då ho etter tradisjonen fann stad. Den siste nattverden har hatt ei viktig stilling i sjølvforståinga til kyrkja, og dei ulike hovudretningane innan kristendom har utforma ulike teologiar og seremoniar til minne om han. Hendinga blir også kalla «den første nattverden», ettersom ho er rekna som byrjinga på den kristne nattverdsordninga.

«Nattverd» tyder opphavleg 'kveldsmåltid', og har seinare fått hovudtyding som rituelt kyrkjemåltid og sakrament i alle dei kristne hovudretningane. Tidlege kristne ser ut til å ha hatt minnemåltid saman som seinare blei formaliserte i kyrkja. Forskarar ser anten på den siste nattverden som ein kjelde til den seinare nattverdstradisjonen, eller forklarer soga om den siste nattverden som avleidd frå tidleg kristen nattverdstradisjon slik han er skildra av Paulus.

Hendinga har inspirert ei rekkje kunstverk. Det best kjende av desse er truleg Den siste nattverden av Leonardo da Vinci. Les meir …