Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 14, 2017

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar. Ragnar Hovland er òg musikar. Han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane.

Hovland er fødd i Bergen og voks opp i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn og var gymnastida i Stavanger. Han utdanna seg til cand.philol med engelsk, fransk og litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i perioden 1972–80, og arbeidde sidan som medredaktør i tidsskriftet TUN, før han var lektor på Husnes i Sunnhordland frå 1980 til 84. Han var sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1987–92, før han fekk base i Oslo. Ragnar Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Han skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk. Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin. I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen. Les meir …