Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2019

Jean Binta Breeze

Jean Binta Breeze MBE (fødd i 1956 eller 1957) er ein jamaicansk-britisk diktar, songar og forteljar. Ho har også verka som teaterdirektør, koreograf, skodespelar, lærar og mentor, og som redaktør. Breeze byrja å dikta på same tid som dub-poesi, ei blanding av tala ord og reggae-rytmar, voks fram på Jamaica. Ho blir ofte omtalt som den første kvinna til å opptre innan sjangeren. Ho har sjølv skrive om vanskane med å ta del i denne mannsdominerte sjangeren, som ho oppplevde som avgrensande, og har seinare utvida eller fjerna seg frå han. Ho har brukt andre musikkformer i arbeidet sitt, som jazz, blues, mento og kaiso.

Breeze har framført verka sine i Karibia, Nord-Amerika, Europa, Søraust-Asia og Afrika. Ho har opptredd på turnear, mellom anna med litteraturgruppa Renaissance One, og ved årlege tilstellingar som Black History Month, festivalar som Glastonbury og Reggae Geel, og ved markeringar, som femtiårsmarkeringa for «Windrush»-seglinga frå Jamaica til Storbritannia i 1998, og feiringa av syttiårsdagen til den amerikanske forfattaren Maya Angelou. Ho har også samarbeidd med den afroamerikanske a cappella-gruppa Sweet Honey in the Rock. Les meir …