Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2020

Bandrikse

Riksefamilien (Rallidae) er ein stor biologisk familie i ordenen tranefuglar (Gruiformes) av små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp. Dei har breie og korte venger. Familien viser monaleg mangfald og omfattar òg pupurhøner og sothøner. Mange artar er knytte til våtmarker, sjølv om familien er funnen i eit kvart habitat på bakken, med unnatak av tørre ørkenar, polare regionar og alpine område over snøgrensa. Medlemmer av riksefamilien finst på alle kontinenta unntatt Antarktis. Det er mange artar med leveområde på isolerte øyar. Vanlege habitat er myr eller tett skog, dei føretrekk ofte tett vegetasjon.

Mange rikser med leveområde på isolerte øyar er utan flygeevne, fordi små øyhabitat utan predatorar eliminerer trongen til å flytte seg snøgt. Flyging er energikrevjande, brystbeinkammen og flygemusklane tar opp ein fjerdedel av kroppsmassen av rikseartar. På grunn av dette kan fuglar utan flygeevne lettare overleve og kolonisere ei øy der ressursar elles er avgrensa. Tap av flygeevne kan utvikle seg svært raskt hos øyartar, det tok så lite som 125 000 år for den no utdøydde laysanriksa (Porzana palmeri) å miste evna til flyging og å utvikle reduserte, butte venger berre nyttige for å halde balansen til fots. Les meir …