Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 18, 2014

Eldlandet (spansk: Tierra del Fuego) er ei øygruppe i Patagonia som dannar sørspissen av Sør-Amerika. Eldlandet er ein av dei sørlegaste stadene på jorda der det bur folk. Øygruppa har lenge vore folkesett av innfødde folkestammer, men vart oppdaga av Fernando Magellan i 1520. Dei innfødde stammene er i dag nesten utrydda på grunn av konfliktar med dei kvite og epidemiar av sjukdommar som dei kvite innførte. I moderne tid er øygruppa delt mellom dei to statane Argentina og Chile. Det bur omlag 135 000 menneskje på Eldlandet.

Eldlandet er skild frå fastlandet i nord ved Magellansundet, og øygruppa dekkjer 73 746 km². I øygruppa ligg øyar av alle storleikar, heilt ned til små holmar og skjér. Den klårt største av øyane er Storøya i Eldlandet som er delt mellom dei to landa. Lengst sør ligg Hermite-øyane med den vesle Hornos-øya. Sør-neset på Hornos er Kapp Horn, det sørlegaste punktet på øygruppa. Les meir ...