Opna hovudmenyen
Heddal stavkyrkje

Stavkyrkjer i Noreg er gjenverande og rekonstruerte stavkyrkjer, det vil seia trekyrkjer konstruerte med berande stavar (stolpar). Sjølv om slike trekyrkjer var vanleg i Nord-Europa i tidleg mellomalder, vart det i Noreg reist hundrevis av stavkyrkjer etter at stein tok heilt over andre stader og ein stor del av desse kyrkjene overlevde fram mot moderne tid. Dei norske stavkyrkjene er dei viktigaste spora etter denne tidlege kristne trearkitekturen. Stavkyrkjene er dei viktigaste og mest særmerkte av historiske bygg i Noreg. No vert stavkyrkjene rekna for å vere mellom dei viktigaste representantar for nordeuropeisk mellomalderarkitektur i tre, og er representerte ved Urnes stavkyrkje på UNESCO si verdsarvliste. Les meir …