Opna hovudmenyen
Arturo Toscanini

Arturo Toscanini (fødd 25. mars 1867 i Parma i Emilia-Romagna, død 16. januar 1957 i Bronx i New York) var ein vidgjeten italiensk dirigent som vart borgar av USA i 1939. Toscanini dirigerte i fleire periodar La Scala i Milano, Metropolitan Opera i New York og New York Philharmonic Orchestra. Mot slutten av livet vart han tilsett som fyrste musikalske leiar for NBC Symphony Orchestra, ei stilling han hadde samanhengjande frå 1937-1954. Toscanini var kjend for eit fotografisk minne, høgt utvikla høyrsle for detaljar i orkestra, stor presisjon, perfeksjon og intensitet. Han dirigerte særleg verk av Rossini, Verdi, Arrigo Boito, Puccini og i tillegg verk av Beethoven, Brahms, Wagner, Richard Strauss og Debussy.

Opphavleg var Toscanini cellist, og han vann tidleg eit studiestipend til eit lokalt musikkonservatorium. Der blei han medlem i eit operaorkester som reiste på turné i Sør-Amerika i 1886. Då dei skulle framføra Verdis Aïda i Rio de Janeiro hadde korsongarane blitt så leie av den lokalt innleigde dirigentens slappe grep om orkesteret at dei streika og nekta å syngja før det hadde blitt skaffa ein vikardirigent. Toscanini hadde inga erfaring med direksjon, men vart til slutt overtydd av songarane til å gripa fatt i taktstaven klokka kvart over ni om kvelden. Han dirigerte dermed den to og ein halv times lange operaen, berre hjelpt av minnet. Publikum vart overraska, fyrst av kor ung denne ukjende dirigenten var, deretter av kor godt han meistra jobben, og gav stormande applaus. Les meir …