Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 25, 2014

Andrzej Panufnik

Andrzej Panufnik (1914–1991) var ein polsk-britisk komponist, pianist og dirigent fødd i Warszawa. Musikken hans var prega av eit fritonalt tonespråk, men med inspirasjon frå polske folketonar.

I 1937 kom Panufnik til Wien for å studera under Felix Weingartner. Han studerte også musikken til komponistane av den andre wienerskulen, men mislika tolvtonemusikken til Arnold Schönberg og læresveinane hans. I nokre månader budde Panufnik òg i Paris og i London, og komponerte sin fyrste symfoni.

Under den tyske okkupasjonen av Polen under andre verdskrigen opptredde Andrzej Panufnik i ein pianoduo i kaféar rundt om i Warszawa. Panufnik komponerte også motstandssongar mot det tyske regimet, som vart populære blant mange polakkar i motstandsrørsla. I tillegg komponerte han ein Tragic Ouverture og ein ny symfoni. I 1944 flykta han frå Warszawa saman med den sjuklege mor si, rett før Warszawaoppstanden. Våren 1945 vendte han attende til eit Warszawa i ruinar for å gravleggja bror sin. Då han oppsøkte den gamle bustaden sin, fann han at alle komposisjonane som var i bustaden hans hadde blitt brukt som brennstoff på bål. Les meir …