Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 25, 2018

Valldal er eit dalføre som går dei om lag 30 kilometrane frå Storfjorden på Sunnmøre og til toppen av Trollstigen. Elva Valldøla renn gjennom dalen. Store delar av dalføret har ein flat og lågtliggande dalbotn med gode tilhøve for jordbruk, og eit varmt og godt klima har ført til at Valldalen har god produksjon av varmekjære vekstar. Det skarpt avgrensa dalføret og dei bratte fjellsidene langs Storfjorden har gjort Valldalen til eit bygdelag med klar identitet. Valldal har om lag 1000 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i naturen.

Valldal (eller Valdal) er også namnet på ei av dei største grendene midt i dalen. Strandstaden Sylte ligg nedst i Valldalen, ved Norddalsfjorden i Storfjorden, midtvegs mellom dei kjende reisemåla Geirangerfjorden og Trollstigen. Sylte er sentrum i Valldal, med ei av to kyrkjer i kommunen, Sylte kyrkje, og kommunesenter for Norddal kommune, som Valldal høyrer til. På Sylte er det også daglegvarebutikkar og andre sentrumsfunksjonar. Les meir …