Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 25, 2019

Sierra Nevada de Santa Marta

Sierra Nevada de Santa Marta er ei fjellkjede lengst nord i Colombia, men isolert og skilt frå Andes-fjellkjeda som går gjennom landet frå nord til sør. Det høgste fjellet når ei høgd på ca. 5775 moh. berre 42 kilometer frå den karibiske kysten, det gjer Sierra Nevada til verdas høgste kystområde. Sierra Nevada omfattar ca. 17 000 km² og fungerer som kjelda til 36 elvar. Fjellkjeda ligg innanfor tre departement, desse er Magdalena i vest, Cesar i søraust og La Guajira i nordaust.

Det høgste punktet i Sierra Nevada, og Colombia generelt, er rekna å vere Pico Cristóbal Colón på 5775 moh. Fjelltoppen like ved, Pico Simón Bolívar, er omtrent på same høgd og begge ligg i kommunen Aracataca. Sierra Nevada er ei kompakt fjellkjede, med etter måten lite arealutbreiing i området, og fullt omgjeve av lågtliggande landområde med høgder som ligg under 200 m. Hovudryggraden i Andes kan ikkje nåast frå Sierra Nevada utan å gå under 200-meternivået. Dette gjev det høgaste punktet her verdas femte største primærfaktor. Les meir …