Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2018

Yva

Yva, eigentleg Else Ernestine Neuländer-Simon (1900–1942), var ein tysk fotograf. Ho laga motebilde, portrett og aktstudiar, og er kjend for bruk av dobbelteksponering. Yva var blant dei første som såg det kommersielle potensialet i fotografering. Ho blei ein av dei leiande fotografane i Berlin under Weimarrepublikken. I løpet av kort tid etablerte ho eit ry for eit nyskapande bildespråk og byrja bidra til magasin, tidsskrift og fotoblad som Berliner Illustrirte Zeitung, Die Dame, Elegant Welt og Novum. Ho tok også del i internasjonale utstillingar, mellom anna Film und Fotos i Stuttgart i 1929, Das Lichtbild i München i 1930, den første Biennale Internazionale d'Arte Fotografica i Roma i 1932 og både den årlege utstillinga av aktstudiar, La Beauté de la femme, i Paris og Royal Photographic Society si The Modern Spirit in Photography i London i 1933.

Etter at nazistane kom til makta i 1933 fekk ho yrkesforbod på grunn av sin jødiske bakgrunn. I 1942 blei ho teken av Gestapo og send til konsentrasjonsleiren Majdanek i Polen. Der blei ho truleg drepen. Tidspunktet for kva tid ho døydde er ukjend, men ho blei offisielt erklært død den 31. desember 1944. Les meir …