Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2021

Gudrid Torbjørnsdotter, òg kalla Gudrid den vidfarne, var ein islandsk oppdagingsreisande i norrøn tid. Ho var ei av verdas mest vidtreiste kvinner i tida rundt år 1000. Det er fortalt om Gudrid både i Soga om Eirik Raude og i Grønlendingesoga. I fylgje sogene gjorde ho åtte reiser i Nord-Atlanteren. Ho var mellom anna med mannen sin på ei reise frå Grønland til Nord-Amerika, der ho fekk sonen Snorre. Den siste store reisa hennar var ei pilgrimreise, til fots gjennom Europa, til Roma.

Dei to sogene fortel i grove trekk same historia, men detaljane i sogene stemmer ikkje heilt med kvarandre. Sogene inneheld òg forteljingar om ei trollkvinne, ein «einfoting» som var svært god til å springa og fleire andre fantasifulle forteljingar. Ein kan difor ikkje ta sogene bokstaveleg, men noko av det som står i dei stemmer så nokon lunde med etterprøvbare observasjonar. Les meir …