Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2021

Kyrkja på Orphir ved «The Earl's Bu» var truleg bygt av Håkon Pålsson jarl

Pål og Harald Håkonsson var sams jarlar på Orknøyane. Det er ikkje kjent når dei vart fødde, men Harald døydde omkring 1127 og Pål døydde omkring 1136.

Etter at Håkon Pålsson jarl var død kring 1123 vart sønene hans, Pål «fåmælte» (norrønt Páll úmálgi) og halvbroren Harald «slettmæle» (norrønt Haraldr sléttmáli), sams jarlar. Som så ofte før når det var samstyre, vart det snart usemje mellom dei, og riket vart delt i to. Det ser ut til at Pål jarl rådde over den nordlege luten av jarleriket medan Harald jarl hadde den sørlege luten, og hadde Caithness i len av skottekongen. Orknøyingasoga legg mykje av skulda for usemja mellom halvbrørne på Harald jarl og venene hans, i første rekke Helga, mor hans og på morsystera Frakokk Moddansdotter og slektningen hennar, Sigurd Slembe. Les meir …