Opna hovudmenyen
Al Ain

Al Ain, òg kjend som 'Hagebyen' på grunn av dei grøne områda sine, er den nest største byen i emiratet Abu Dhabi og den fjerde største byen i Dei sameinte arabiske emirata. Byen har eit folketal på 568 221 (2010) og ligg kring 160 km aust for hovudstaden Abu Dhabi og kring 120 km sør for Dubai. Al-Ain er fødestaden til sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan, den første presidenten i Dei sameinte arabiske emirata, og han har det største talet på emiratarabiske nasjonale i landet.

Historisk var byen ein del av Ṫawam eller Al Buraimi-oasen. Al-Ain har vore busett i over 4 000 år med arkeologiske spor etter busetnader i Al-Hili og Jabel Ḥafeeṫ. Desse tidlege kulturane bygde «bikube-graver» for sine døde og dreiv med jakt og samling i området. Al-Ain-oasane er kjende for det underjordiske vatningssystemet falaj (eller qanāt) som fører vatn frå borehol til gardar og palmetre. Oasen gav vatn til tidleg jordbruk fram til moderne tid. Les meir …