Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2019

Byste av Cicero

Marcus Tullius Cicero var ein romersk politikar, advokat og forfattar. Han blir rekna som den fremste oratoren i romersk historie, og skreiv blant anna bøker om retorikk, filosofi og statsteori. I tillegg er 58 av talane hans og cirka 900 brev berga for ettertida. Cicero skapte seg eit ry som orator i politikken og i rettssalen, der han føretrekte å vere forsvarsadvokat og i dei fleste tilfelle talte sist, grunna dei kjensleframkallande evnene hans som talar. Ifølgje Cicero lyt ein god retorikar blant anna ha kunnskap om litteratur, god kjennskap til filosofi, juridisk ekspertise og sogekunne, attåt evna til å nytte generelle prinsipp i ei konkret sak og sjarmere juryen med humor.

Cicero starta karrieren som advokat før han gjekk inn i politikken. Under den politiske uroa som rådde i Roma på på 40-talet f.Kr. var Cicero ein markant talsmann for republikanske ideal. På denne tida var det gamle republikanske systemet var i ferd med å forvitre, og i løpet av eit par tiår kom republikken til å falle for eineveldet til Julius Cæsar og Augustus. Etter drapet på Julius Cæsar i 44 f.Kr. freista han å styre Roma mot ei attervending til ei republikansk styreform, men vart avretta av ein flokk soldatar under proskripsjonane i 43 f.Kr. som følgje av ein maktkamp med Marcus Antonius. Les meir …