Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2015

Altaret med preikestol, orgel og ei av lysekronene. Foto: Mahlum

Kongsberg kyrkje er ei krosskyrkje i Kongsberg kommune i Buskerud fylke som er bygd i åra frå 1740 til 1761, og vidgjeten for sitt rike interiør i rokokko. Dette er den største kyrkjebygningen i Noreg rekna etter talet på sitjeplassar, som tidlegare var 2400, men som no er avgrensa til at ikkje fleire enn 1100 kan vere til stades i bygningen samstundes. Kyrkja har grunnplan i form av ein gresk kross og fasadar av raud, upussa teglstein. Grunnflata er på om lag tusen rutemeter, og tårnet er om lag femti meter høgt.

Kyrkje høyrde opphavleg til Kongsberg Sølvverk og verket stod som byggherre og kosta mykje av arbeidet. Berghauptmann (bergverksmeister) ved verket, Joachim Andreas von Stukenbrock, var den opphavlege arkitekten for kyrkja, og det er han som sytte for at kyrkja fekk sitt karakteristiske nøkterne, enkle ytre. Det vart etterfølgjaren hans, Michael Heltzen, som skulle komme til å stå for det rike barokkinteriøret. Kyrkja er vidgjeten for det historiske orgelet frå 1765. Les meir …