Opna hovudmenyen
Lindesnes fyr

Fyr i Noreg har i lange tider vore viktige for navigeringa langs heile den 100 915 km lange norskekysten, frå grensa mot Sverige i sør til grensa mot Russland i nord. Totalt har det vore 212 fyrstasjonar her i landet, og av desse har opp til 154 vore i drift samstundes. No er det totalt 107 anlegg som er definerte som fyrstasjonar. Det ligg til fyr- og merketjenesta i Kystverket under Kystdirektoratet å ta seg av dei mange fyra og seglmerka.

I 1655 blei det første fyrlyset tent i Noreg. Kong Fredrik III skreiv 18. juli 1655 ut ei formaning som gav Pouell Hansønn, borgar av Christiansand, privilegium til å etablere fyrdrift på Lindesnes. Dei eldste fyra var bålfyr, der det blei først fyrt med ved og frå 1700-talet med kol. I 1897 blei elektrisitet prøvd ut på Ryvingen fyr utanfor Mandal, men det blei for kostbart i drift og blei bygd om for acetylengassdrift. Hovudtyngda av omlegging til elektrisitet på norske fyr kom så seint som etter den andre verdskrigen. Dei elektriske glødelampene er no skifte ut med energisparande halogenpærer, og på fleire fyr blir desse drivne av solcellepanel eller vindgeneratorar. Les meir …