Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 37, 2016

Struensee på ein miniatyr av Cornelius Høyer frå 1770

Johann Friedrich Struensee (1737−1772) var ein dansk-tysk lege og politikar. Han verka som livlege for kong Kristian VII av Danmark-Noreg frå 1769 og var den eigentlege makthavaren i Danmark-Noreg i åra 1770–1772. På grunn av sinnssjukdomen til den regjerande Kristian VII kunne hoffolk som fekk tillit hos kongen i realiteten ta over regjeringsmakta.

Med sitt stadig nærare forhold til dronning Caroline Mathilde og utmanøvrering av dei mektigaste i staben til kongen, grev Holck og utanriksminister J.H.E. Bernstorff, vart Struensee den reelle makthavaren i landet. Han gjennomførte ei rad reformer i styringsverket i tråd med ideane i opplysingstida, reformer som gjorde vesentlege inngrep i ei lang rekkje forhold i det danske samfunnet. Etter knappe to år ved makta vart han avsett ved eit kupp den 17. januar 1772 og deretter dømt til døden og avretta, 34 år gammal. Les meir …