Opna hovudmenyen
Haifa

Haifa er den største byen nord i Israel, og den tredje største i landet, med eit folketal på over 272 181. Byen ligg i fjellsida av Karmelberget og har ei historie som går attende meir enn 3 000 år. I dag er byen ein viktig hamneby ved kysten av Middelhavet i Haifabukta. Han ligg kring 90 km nord for Tel Aviv og er eit stort regionssenter i det nordlege Israel. Byen spelar ei viktig rolle i israelsk økonomi. Han er heimstaden til Matam, ein av dei eldste og største høgteknologiparkane i landet. Her ligg òg Bahá'í verdssenter, ein verdsarvstad. Les meir …