Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2021

Rubinstrupekolibri

Rubinstrupekolibri (Archilochus colubris) er ein liten kolibri som hekkar i Nord-Amerika og er den einaste kolibriarten som regelmessig hekkar austom Mississippielva. Han er trekkfugl, dei fleste overvintrar i Mellom-Amerika.

Rubinstrupekolibriar lever einslege. Vaksne av denne arten kjem vanlegvis berre i kontakt med andre individ av arten for paring, og begge kjønn i alle aldrar forsvarer eit revir for å sikre tilgang på føde. Aggressiviteten blir størst på seinsommaren til tidleg haust når dei må feite seg for hausttrekket. Dette er viktig fordi dei som ein del av trekket, må flyge over Mexicogolfen. Det er ein prestasjon som lenge forbløffa forskarar, ettersom ei over 800 kilometer lang flyging utan stopp over hav tilsynelatande krev energi som langt overstig det som kroppsvekta til ein vaksen kolibri på 3 gram representerer. Seinare er det oppdaga at desse små fuglane nesten kan doble kroppsmassen sin som ei førebuing til å krysse Mexicogolfen. Den ekstra massen blir lagra som feitt, og han gjev fuglane nok energi for å gjennomføre denne fantastiske flyginga. Les meir …