Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2016

Utsyn over Daudehavet frå Israel over til Jordan

Daudehavet er ein salt innsjø ved utlaupet av Jordanelva som ligg med om lag like store delar i Israel og Jordan. Daudehavet er kjent for sitt salthaldige vatn og som det lågaste naturlege overflatepunktet på jorda. Daudehavet er 306 meter djupt og den djupaste hypersalte innsjøen i verda. Med eit saltinnhald på 34,2 % (i 2011), er han òg ein av dei saltaste sjøane i verda. Etter at vasstanden dei siste åra har gått sterkt ned, består Daudehavet no av to heilt separate delar. Tidlegare var det ei halvøy ved Al-Lisan. No er det turt land heile vegen. Berre eit lite bekkelaup er igjen og sørgjer for eit lite tilsig til den sørlege delen. I den nordlege delen er djupna opptil 400 meter, mens det i den sørlege berre er 4 meter.

Daudehavet har tiltrekt turistar i tusenvis av år. I Bibelen søkte kong David tilflukt her. Det var òg ein av dei første kurbadstadane (for Herodes den store), og fleire produkt er henta frå området, som salvar for egyptisk mumifisering til kalium for gjødsling. Folk har òg nytta salt og mineral frå Daudehavet til å lage kosmetikk og urteposar. Les meir …