Opna hovudmenyen
Baktriakamel og dromedar

Kamelar er jortedyr i slekta Camelus. Slekta omfattar baktriakamel (Camelus bactrianus), som er kjenneteikna av to puklar, og dromedar (Camelus dromedarius), som har ein pukkel.

Kamelar lagrar feitt i puklane som energireserve. Dei kan omdanne feittet til vatn, slik at dei kan klare seg i lange tider utan vatn. Ei slik evne til å halde ut, sjølv i dels svært høge temperaturar, kan kamelen likevel ikkje berre takke puklane for. Blodcellene deira har ei oval form, i motsetnad til dei fleste andre pattedyr som har sirkulære celler. Difor kan kamelen halde fram med sirkulasjon i situasjonar der andre hadde tørka ut. Dessutan kan cellene deira lettare stå imot høge osmotiske trykk utan å få interne bristingar som følgje av dei enorme mengdene vatn (100-150 liter) som kamelar kan drikke på ein gong. Les meir …