Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2018

Ob om hausten

Ob er ei stor elv vest i Sibir i Russland. Ho er 3 650 km lang, 5 410 km om ein tel med tilførsleelva Irtysj. Elvesystemet Ob-Irtysj er den andre lengste elva i Russland og, alt etter kva mål ein bruker, den femte eller sjuande lengste i verda.

Ob har utspring i Altajfjella og munnar ut i Nordishavet via Obbukta og Karahavet. Ob er isdekt sør til Barnaul frå tidleg i november til nær slutten av april, og nord for Salekhard frå slutten av oktober til byrjinga av juni. Les meir …