Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2019

Folkestad sett frå Volda

Folkestad er ei bygd og ein ferjestad i Volda kommune i Møre og Romsdal. Staden har om lag 300 innbyggjarar, og har barnehage, barneskule, ungdomsskule, idrettslag, korps, kor, daglegvarebutikk og ei seter. Namnet «Folkestad» kjem frå det gamle mannsnamnet «Folki» og ordet «stad». Ordet «stad» tyder på at garden vart teken i bruk ein gong mellom år 500 og år 1000 e. Kr, medan mannsnamnet «Folki» gjer at ein kan datere garden til om lag 600-700.

Tradisjonelt har landbruk vore ein viktig næringsveg for Folkestad. I dag er det seks gardar i drift. Markane og Flote samdrift er godt synleg frå Volda. På Folkestad finn ein også oppdrettsnæring. Ved ferjekaia har Mowi, tidlegare Marine Harvest, eit av sine kontor. Dei har oppdrettsanlegg for laks i Voldsfjorden. Folkestad har ferjesamband med Volda. Dette ferjesambandet er ein del av Europaveg 39. Europaveg 39 går frå Folkestad vidare sørover mot Eid kommune i Sogn og Fjordane. Fylkesveg 40 i Møre og Romsdal går frå Folkestad rundt Dalsfjorden til Lauvstad. Les meir …