Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2017

Topografisk kart over Russland

Russisk geografi omfattar det meste av dei nordlege områda av superkontinentet Eurasia. Landet er enormt stort, nesten to gonger så stort som USA og meir enn 50 gonger så stort som Noreg, og dekkjer eit areal på 17,1 millionar kvadratkilometer. Russland har ein omkrins på 57 792 km og har den lengste landegrensa i verda. Om lag 2/3 av Russland grensar til vatn. Så godt som heile nordkysten ligg godt nord for polarsirkelen. Det meste av kysten er låst i isen store delar av året, bortsett frå området rundt hamnebyen Murmansk der effekten av Golfstraumen framleis gjer seg gjeldande. Tretten randhav og delar av verdshava Nordishavet, Atlanterhavet og Stillehavet krinsar landet.

Sidan Russland dekkjer så store område er det både einsformig og mangfaldig. Både topografien, klimaet, vegetasjonen og jordsmonnet spenner over enorme avstandar. Frå nord til sør er Den austeuropeiske sletta kledd med tundra lengst nord, så barskog (taiga), så blandings- og lauvskog, sletter (steppe) og halvørken (ved Kaspihavet) ettersom vegetasjonen endrar seg med klimaet. Sibir viser ei liknande inndeling. Russland ligg på nordlege og mildare breiddegrader på den nordlege halvkula og er mykje nærare Nordpolen enn ekvator. Les meir …