Opna hovudmenyen
Kiev

Kiev er hovudstaden og den største byen i Ukraina, han ligg nord i det sentrale Ukraina ved elva Dnepr. Byen er ei eiga administrativ eining, men er administrasjonsstad for området kring, Kiev oblast. Byen har offisielt kring 2,8 millionar innbyggjarar (2010), men på grunn av mange ikkje registrerte innflyttarar vert det rekna med at byen har kring 4 millionar innbyggjarar. Kiev er eit viktig senter i Aust-Europa for industri, vitskap, utdanning og kultur. Mange høgteknologiske industriar og høgare utdanningsinstitusjonar ligg i byen, i tillegg til verdskjende historiske landemerke.

Namnet «Kiev» er sagt å kome frå namnet «Kyj», ein av dei fire legendariske grunnleggjarane av byen. I løpet av historia har Kiev, ein av dei eldste byane i Aust-Europa, gått gjennom fleire periodar som viktig senter og periodar som ein nesten gløymd stad. Byen oppstod truleg som eit handelssenter så tidleg som 400-talet. Byen var ein slavisk stad styrt av khazarar langs den store handelsruta mellom Skandinavia og Konstantinopel fram til han vart erobra av væringar (vikingar) på midten av 800-talet. Under styret til væringane vart byen hovudstad i Kievriket, den første austslaviske staten. Les meir …