Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2018

Leiderspett, Picoides scalaris

Spettefamilien er ein biologisk familie, Picidae, av spettar, pikulettar og vendehalsar, nær sporvefuglar. Medlemmer av denne familien finst over heile verda, unntatt i Australia og New Zealand, Madagaskar, og dei ekstreme polare områda. Dei fleste artane lever i skog eller skogkledde habitat, sjølv om nokre få artar er kjente for å leve i trelause område som steinete åssider og ørkenar. Medlemmer av familien Picidae har sterke nebb for å hakke og å tromme på trestammar og særs lange kleimne tunger for å rekkje inn i sprekkar og gripe tak i føda. Insekt og larver er viktige byttedyr.

Picidae er berre ein av sju familiar samla i ordenen spettefuglar, Piciformes. Medlemmer av ordenen Piciformes, slik som skjeggfuglar, tukanar og voksetarar, har tradisjonelt vore antatt å vere svært nært knytt til hakkespettar, pikulettar og vendehalsar. Meir nyleg har DNA-sekvensanalysar stadfesta dette synet. Det er ca. 220 artar og ca. 30 slekter i denne familien. Mange artar er trua på grunn av tap av habitat eller habitatfragmentering. Les meir …