Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2016

Julepynt

Julepynt er kjøpte eller heimelaga ting av til dømes stoff, metall, plast eller ting frå naturen som blir brukt til å pynta og setta opp tablå med i heimar og på mange offentlege stader til jul. Pynten symboliserer at ein er inne i ei annleis tid, juletida. Som motiv for julepynten har ein gjerne skikkelsar og symbol ein forbind med jula. Det kan vera figurar frå juleevangeliet eller ei utvida julekrybbe, frå folkelege tradisjonar, som nissar og mus, eller figurar som har med vinter og snø å gjera, som snømenn eller isbjørnar. Det er vanleg med modellar av større julepynt, som juletre, og av julemat. Enklare former for pynt er hjarte, kuler, stjerner, snøpynt, lenker og girlanderar.

Jula er kjend som ei lyshøgtid, og både elektriske og levande lys er mykje brukte i julepyntinga. Lys kan stå som symbol for Jesus, «verdas lys», eller ha den meir praktiske funksjonen å lysa opp i mørketida. Frå gammalt av høyrde særskild fine, høge og klårtbrennande, heimelaga talglys og kyrkjelys av bivoks til juletida. På 1800-talet blei dei gamle lystypane gradvis erstatta av stearinlys. Med utbreiinga av elektrisitet tok ein også i bruk elektrisk lys i pyntinga. Les meir …