Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 6, 2016

Shlisselburg er eit fort på øya Nut

Ladoga er den største innsjøen i Europa og den 14. største i verda ut frå areal. Innsjøen ligg i Karelia og Leningrad oblast nordvest i Russland, ikkje langt frå St. Petersburg og har eit areal på 17 891 km². Han er 219 km lang frå nord til sør og har ei gjennomsnittleg breidde på 83 km. Han er i snitt 51 meter djup og på det djupaste, i nordvest, om lag 230 meter. Nedslagsfeltet hans er 276 000 km². Det er om lag 660 øyar i Ladoga, med eit totalt areal på 435 km². Overflata ligg om lag 5 meter over havet.

Det karelske neset ligg mellom innsjøen og Austersjøen og han drenerer ut i Finskebukta via elva Neva. Ladoga er farbar og er ein del av Volga-Austersjøkanalen som går frå Austersjøen til elva Volga. Ladogakanalen går i den sørlege delen og knyter Neva til Svir.

Ladoga har eit rikt fiskeliv. Det er tald 48 fiskeartar i innsjøen, som mort, brasme, sandart, åbor, hork, ein endemisk variant av nors, to artar av lagasild, åtte artar sik, fleire andre laksefiskar, og stundom den utryddingstrua støren. Kommersielt fiske var ein gong ein stor industri, men er vorte råka av overfiske. Det finst ein eigen underart av ringsel i innsjøen, kalla ladogasel. Les meir …