Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 7, 2018

Aden

Aden er ein hamneby i Jemen ved Adenbukta, nær innløpet til Raudehavet og kring 170 km aust for Bab-el-Mandeb. Byen har kring 800 000 innbyggjarar. Han ligg ved ei gammal, naturleg hamn i krateret av ein sovande vulkan som no dannar ei halvøy. Halvøya er knytt til fastlandet via eit lågt eid. Denne hamna, Front Bay, vart først nytta av det eldgamle kongedømet Awsan mellom 600- og 400-talet fvt. Den moderne hamna ligg på kvar side av halvøya.

Aden var hovudstaden i Sør-Jemen fram til landet vart slått saman med Nord-Jemen i 1990, og igjen ei kort tid etter statskuppet i Jemen 2014-2015, då presidenten Abd Rabbuh Mansur Hadi måtte flykta frå houthiane som okkuperte Sana. Frå mars til juli 2015 raste slaget ved Aden mellom houthiar og styrkar lojale til president Hadi. Byen slapp nesten opp for vatn, mat og medisinar. Den 14. juli sette den saudiarabiske hæren i verk ein offensiv for å ta attende Aden for Hadi. I løpet av tre dagar var houthiane borte frå byen. I januar 2018 tok ei sørjemenittisk lausrivingsgruppe kontroll over det meste av byen. Les meir …