Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 8, 2014

Gulating har fått sitt moderne minnesmerke i Eivindvik. Foto: Nina Aldin Thune

Gulen kommune ligg sørvest i Sogn og Fjordane. Kommunen har ei rik soge. Namnet kjem frå det norrøne Guli, dativ Gula, av noko uviss tyding. Gulatinget vart skipa i Gulen noko før år 900. Her samla høvdingar og storbønder frå heile Vestlandet seg for å avgjera rettstvistar og hylle norske arvekongar. Tingområdet gjekk på det meste frå Agder til Sunnmøre. Tinget er svært gamalt, det var forbilde for det islandske Alltinget då det vart oppretta i 930. Gulatinget vart halde i Gulen i om lag 400 år, gjennom borgarkrigstida og høgmellomalderen fram til det omkring 1300 blei flytt til Bergen.

Gulens betydning i eldre tider kjem av at det låg strategisk plassert nært både Hordaland og Sunnfjord, og ikkje minst tente Gulen som utgangspunkt for seglinga inn Sognefjorden til Sogn. Ved Dingenes i nordvest stod det eit slag i 978 der Håkon jarl overvann kong Ragnfred, siste son til Eirik Blodøks. Les meir …