Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 17, 2013

Ein av underskrivarane, Hone Heke, med kona si, Hariata

Waitangitraktaten er ein avtale som først vart underteikna 6. februar 1840 av representantar frå den britiske krona og ulike maorihøvdingar frå den nordlege delen av NordøyaNew Zealand. Traktaten innførde ein britisk guvernør på New Zealand, erkjende eigarskapen maoriane hadde over landet sitt og andre eignelutar, og gav maoriane rettar som britiske borgarar. Traktatversjonane på engelsk og på māorispråk er langt frå i samsvar med kvarandre, så der er inga eigentleg semje om kva partane i 1840 skreiv under på. Frå den britiske synsstaden gav traktaten Storbritannia suverenitet over New Zealand, og guvernøren rett til å styra landet på vegne av den britiske monarken. Maoriane synest å ha hatt andre forståingar av avtalen, mange av desse skil seg sterkt frå dei britiske tolkingane.

Inntil 1970-åra vart traktaten generelt sett bort frå. Frå sist på 1960-talet byrja maoriar å merka seg brota på traktaten, og seinare hendingar har lagt vekt på problema med oversetjinga. I 1975 vart Waitangitribunalet etablert som ein permanent granskingskommisjon med oppgåve å granska brot på avtalen ved styresmaktene, og å føreslå åtgjerder for kompensasjon. I dag er Waitangitraktaten generelt sett på som grunnlagsdokumentet for New Zealand som ein nasjon. Les meir …