Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 19, 2013

«Endurance» vert skrudd ned i Weddellhavet.

Endurance-ekspedisjonen 1914–17 var ein ekspedisjon sett i gang og leia av Ernest Shackleton for å krysse det antarktiske kontinentet. Ekspedisjonen nytta to fartøy: «Endurance» med Shackleton til Weddellhavet og «Aurora» med Aeneas Mackintosh til Rosshavet.

«Endurance» vart frosen inne i isen i Weddellhavet og trass i forsøk på å frigjere henne dreiv ho heile vinteren 1915 nordover innhylla i is. Til slutt vart fartøyet skrudd ned av ismassane og knust, noko eit skipbroten mannskap på 28 menn som stod att på sjøisen vart vitne til. Etter å ha halde seg fleire månader på isen, kunne gruppa gå i livbåtane og nådde deretter den ugjestmilde og folketomme Elefantøya i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Shackleton og fem andre gjennomførde deretter ein seglas på 1300 kilometer til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird». Etter mykje om og men var Shackleton i stand til å berge resten av gruppa som venta på Elefantøya, utan at nokre menneskeliv hadde gått tapt. På den andre sida av kontinentet overvann Rosshavsgruppa store utfordringar for å gjennomføre oppdraget sitt. «Aurora» sleit seg frå fortøyinga under ein storm og var ute av stand til å vende tilbake, og etterlét seg dermed landgruppa utan naudsynt utstyr og proviant. Trass i dette makta dei å leggje ut depot, men tre liv gjekk tapt under oppdraget. Les meir …