Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 23, 2013

Sitjande guddom, frå det sein-hettittiske riket, 1200-talet f.Kr.

Hettittane var eit oldtidsfolk. Dei grunnla eit kongedøme sentrert om Hattusa, nord i det sentrale Anatolia, på 1700-talet f.Kr. På 1300-talet f.Kr. var hettittarriket på sitt største. Det omfatta då heile det sentrale området i Anatolia, området nordvest i Syria, og så langt som Ugarit og øvre Mesopotamia. Etter 1180 f.Kr. delte riket seg opp i fleire mindre hettittiske bystatar, der nokre av dei eksisterte så lenge som til 700-talet f.Kr.

Sjølv om hettittane tilhøyrde bronsealderen, var dei forløparar til jernalderen og utvikla reiskapar og våpen av jarn så tidleg som 1300-talet f.Kr. Etterspurnaden deira etter jernvarer er verna i korrespondanse med utanlandske herskarar. Hettittane var likevel ikkje dei første som framstilte gjenstandar av jarn, og i heile hettittarriket si historie var jarn så sjeldan at det berre vart nytta i smykke. Dei militære sigrane deira skuldast ikkje jarn – dei førte krig med våpen av bronse – men dugleiken deira til å framstille og bruke hestetrekte stridsvogner. Les meir …