Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 24, 2009

Vokalfirkant for diftongane nytta i australsk engelsk.

Diftong eller tviljod er ein type vokal som skil seg frå dei meir kjende monoftongvokalane ved at ein i uttala sklid frå ein ljodlekk til ein annan i laupet av diftongen, medan det i monoftongen berre er ein ljodlekk som læt. Ein annan måte å seia det på er at ein diftong er ei fylgje av to vokalljod som høyrer til same staving.

Ofte skil ein mellom søkkande (eller fallande) og stigande diftongar. Somme språk skil mellom stutt og lang diftong. Nordsamisk er kjent for å skilja mellom lang, stutt og avsluttande vektlagd diftong, der sistnemnde særmerkjer seg ved at det er sistelekken som er lang.

I norsk skriftspråk er det særleg tre diftongar som førekjem – nemleg ei, øy og au. Andre diftongar, så som ai, oi og eu, førekjem t.d. i utrop og i lånord. Les meir …