Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 28, 2005

Kommunevåpenet til Bodø.

Bykommunen Bodø er fylkeshovudstad i Nordland fylke. Ein person frå Bodø blir gjerne kalla bodøværing.

Bodø ligg nord for polarsirkelen (67° 17" N 14° 23" O) og har midnattsol frå 4. juni til 8. juli. Byen si plassering midt mellom hav og innland har gjeve han eit solid næringsgrunnlag. Bodø kommune grensar i nordaust mot Sørfold, i aust mot Fauske og Saltdal, og i sør mot Beiarn og Gildeskål.

Bodø sitt byvåpen er ei gul sol på raud bakgrunn. Byvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg, og vart vedteke ved resolusjon av regjeringa den 24. juli 1959. Byvåpenet symboliserer at Bodø er den fyrste byen nord for polarsirkelen. Les meir

Førre tre veker: AfrikaRoskilde FestivalDen portugisiske synagogen i Amsterdam