Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 29, 2009

Oversiktskart over Indonesia.

Republikken Indonesia er er eit land i Søraust-Asia og Oseania. Landet er verdas største øystat, bygt opp av 17 508 store og små øyar, der Sumatra, Java, Sulawesi, Kalimantan og Papua er dei største. Indonesia er med 240 millionar innbyggjarar det fjerde mest folkerike landet i verda, og er det landet der det bur flest muslimar, endå landet ikkje offisielt er ein islamsk stat. Hovudstaden er Jakarta.

Indonesia er samansett av mange særskilte etniske, språklege og religiøse grupperingar. Javanesarane er den største og politisk dominerande etniske gruppa. Med omsyn til dette mangfaldet har Indonesia arbeidd med å skape ein felles identitet forma av eit nasjonalspråk, etnisk mangfald, religiøs fridom innan rammane av islam som dominerande religion, og ei fortid prega av kolonialisme og opprør mot kolonimakta. Indonesia sitt nasjonale motto, «Bhinneka tunggal ika» ('Fleire, jamvel ein'), syner mangfaldet som formar landet. Jamvel har konflikter mellom grupper og regionale separatistrørsler ført til valdelege konfrontasjonar som har gått ut over den politiske og økonomiske stabiliteten. Les meir …